Hopp til innhold

Elleve døde etter påsett brann i Tsjekkia

Elleve personar er døde etter ein brann i et leilegheitsbygg nordaust i Tsjekkia. Ein person er arrestert for å ha starta brannen.

Leilighetsbygg i Tsjekkia der 11 døde i brann.

BRANN: Brannen starta i 11. etasje av dette leilegheitsbygget i byen Bohumin.

Foto: Stringer / Reuters

Brannen skal ha starta i 11. etasje av leilegheitsbygget, som ligg i byen Bohumin.

Ifølgje nyheitsbyrået AP døydde seks personar, tre av dei born, i ei av leilegheitene.

Fem personar døydde medan dei prøvde å kome seg ut av bygget. Desse hoppa ifølgje ein talsmann for brannvesenet frå 12. etasje.

I tillegg vart ti personar skadde i brannen. Blant desse er ein brannmann som vart alvorleg skadd.

– Utvikla seg raskt

Politisjef Tomas Kuzel uttalar til tsjekkisk TV at ein person er arrestert for å ha starta brannen.

– Eg trur vi har den skuldige, seier han.

Vladimir Vlcek, sjef for det regionale brannvesenet, vil ikkje spekulere i årsaka til brannen.

– Men den utvikla seg veldig raskt, som ikkje er normalt, seier han til tsjekkisk TV.

Brannmenn bærer en båre etter brann i Tsjekkia.

Brannmenn fraktar ein person på båre vekk frå brannen i Bohumin.

Foto: Stringer / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt