Hopp til innhold

To elevar alvorleg skadde etter knivangrep i Eskilstuna i Sverige

Fire personar er frakta til sjukehus etter eit knivangrep mellom to ungdomsgjengar i Sverige. Tre personar skal vere pågripne.

Politi sikrar material i område kor knivangrepet skal ha skjedd.

Eit område rundt eit idrettsanlegg er sperra av.

Foto: Joakim Reigstad

Rett før kl. 13 i dag rykka politi og ambulanse ut til eit knivangrep i Eskilstuna kommune i Sverige, sørvest for Stockholm.

2AAB87D5-0178-4FF2-93D5-F35BE0EFC6DE

Det er blodspor på staden.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

Ifølge TV4 har to ungdomsgjengar slåst nær eit idrettsanlegg. Alle skal vere i 15-årsalderen. Hendinga skal ha skjedd i samband med ein friluftsdag for Årbyskolan.

To alvorleg skadd

Fire personar skal vere frakta til sjukehus, og to av dei skal vere alvorlig skadd.

Skulens rektor stadfestar at det har vore ei hending, og at ho involverer skuleelevar, men vil ikkje seie meir enn det, skriv TV4.

Eskiltuna

Området kor knivangrepet har skjedd er sperra av, og politiet sikrar spor på staden.

Foto: Johan Pfriem / SVT

Politiet kallar det ei alvorleg hending.

Vitne fortel om slagsmål

Eit vitne som såg hendinga frå heimen sin, skal ha fortalt til svenske Aftonbladet at det heile skjedde fort:

– Det var ein form for oppgjer, dei slost mot kvarandre. Det var 20 mot 20 som for i hop. Eg såg to som var heilt knivstukne, seier Fredrik.

Politiet omtalar hendinga som drapsforsøk eller drap.

SISTE NYTT

Siste nytt