Det var ein alvorstyngd Mohamed ElBaradei som opna styremøtet i Det internasjonale atomenergibyrået IAEA i Wien i dag. Han gjorde det klart at freden og tryggleiken står på spel i denne saka, ikkje berre i Midtausten, men i heile verda.
Utanfor lAEA-bygningen i Wien åtvara eksiliranarar mot å tillate at regimet i Iran skal få utvikle atomvåpen. (Foto: Reuters/Scanpix)
Han bad alle partar om å vende tilbake til forhandlingsbordet, og sa at kontrontasjon ikkje ville løyse striden om det iranske atomprogrammet.
Dialog
Fredsprisvinnar ElBaradei sa før møtet at det er kontakt med styresmaktene i Iran for å finne fram til ei felles forståing, slik at dialogen mellom Iran og viktige europeiske land kan kome i gang igjen. Han hadde inntrykk av at det er gjort ein viss framgang på fleire område, utan at han gjekk i detaljar om det.
Det er kjent at Iran har teke kontakt med utanriksministrane til fleire EU-land den siste tida, men fleire observatørar ser dette som ein måte for Iran å hale ut tida for å hindre at saka kjem opp i Tryggingsrådet.
Utsetjing
Andre kjelder seier at Iran har tilbode seg å utsetje opprikingsprosessen av uran med to år, mot at dei kan halde fram med atomforskingsprogrammet sitt. Dette er ikkje akseptabelt for dei vestlege landa.
Samstundes er signala frå mullaregimet i Teheran framleis uforsonlege. President Mahmoud Ahmadinejad sa kort tid før møtet i Wien starta at regjeringa hans ikkje ville leggje om kursen, og på ingen måte ville gi etter for politisk press frå vestlege land.
- Vi har staka ut kursen, og vil halde fram på denne vegen. Vi kjem ikkje til å bøye oss, sa han i ein tale i Teheran.
Tryggingsrådet
For ein månad sidan vedtok den 35 representantar store styret i IAEA å melde Iran inn for Tryggingsrådet i FN, men gav Iran ein frist på ein månad til å kome på nye tankar. No er denne månaden gått, og sterke krefter i atomenergibyrået vil overlate saka til Tryggingsrådet.
Striden mellom IAEA og Iran går på det iranske atomprogrammet, som Iran seier berre er til sivile føremål. IAEA har slått fast at Iran har halde tilbake opplysningar om programmet, og har sterke mistankar om at det endelege målet er å skaffe seg atomvåpen.