NRK Meny
Normal

Husa skuleskyttar: – Vi hadde dette monsteret buande under vårt tak

I tre månader budde Nikolas Cruz hos James og Kimberly Snead, etter at Cruz mista adoptivmora. Ekteparet Snead seier dei ikkje såg noko til alt det fæle skrive om Cruz i media.

Kimberly og James Snead

Ekteparet Kimberly og James Snead hadde 19 år gamle Nicolas Cruz buande hos seg i dei tre månadene før skulemassakren 14. februar.

Foto: Susan Stocker / AP

– Vi hadde dette monsteret buande under vårt tak og vi visste det ikkje, seier Kimberly Snead til avisa South Florida Sentinel.

Ho og ektemannen James omtalar Nikolas Cruz som umoden og depressiv, men seier at 19-åringen såg ut til å bli gladare og gladare.

Førre onsdag, 14. februar, drap Cruz 17 menneske og såra 15 andre i skytemassakren på Marjory Stoneman Douglas High School i Florida 14. februar.

Skuleskytinga er den dødelegaste sidan Sandy Hook-massakren i 2012.

Fekk ikkje noko forvarsel

– Alt det folk ser ut til å vite, det visste ikkje vi. Vi hadde reglar og han følgde alle reglane til punkt og prikke, seier James Snead om Cruz.

19 år gamle Cruz budde hos ekteparet frå november i fjor, etter at Cruz mista adoptivmora til sjukdom. I eit intervju med Good Morning America seier ekteparet Snead at dei ikkje tenkte at noko var annleis morgonen før skuleskytinga.

– Det einaste som var annleis var annleis var at han ikkje gjekk på skulen. James køyrer han vanlegvis, men denne morgonen gjekk han ikkje. Det skjedde av og til, seier Kimberly.

Ekteparet forstod først kva som hadde skjedd då politiet ringde og spurte kvar sonen deira, Nikolas, var hen.

– Eg sa at han ikkje er sonen min, men at eg ikkje visste kor han var, seier James Snead.

Nikolas Cruz i retten

Nikolas Cruz (19) møtte i retten måndag, etter at han skaut og drap 17 personar på ein skule i Florida førre onsdag.

Foto: POOL / Reuters

Sonen var på skulen

For ekteparet Snead blei situasjonen ekstra dramatisk: deira eigen son var på skulen. Etter at politiet hadde ringt, kontakta James sonen.

– Han flykta frå åstaden på tidspunktet. Då omtalen av gjerningsmannen kom, la vi to og to saman og forstod kva som skjedde, seier James.

James og Kimberly seier at sonen deira, som kjende Nikolas, føler seg forrådde. Ekteparet seier dei gjekk forbi Nikolas utanfor politistasjonen etter at skulemassakren hadde skjedd.

– Eg gjekk etter han. Eg ville kvele han. Eg kjefta «verkeleg, Nik, verkeleg?», fortel Kimberly.

19-åringen skal ha mumla tilbake at han var lei seg, men ekteparet som husa Cruz seier dei var rasande.

– Eg kan framleis ikkje prosessere kva han har gjort, for dette var ikkje personen vi kjente, seier Kimberly.

Visste ikkje om dyredrap

Ekteparet Snead visste at 19-åringen hadde våpen då han flytta inn hos dei i november i fjor.

– Før han flytta inn var eitt av vilkåra at han måtte få ein våpenskap. Vi fekk tak i ein då vi flytta tinga hans til vårt hus, fortel James.

James trudde derimot at han hadde den einaste nøkkelen til våpenskapet. Dei visste ikkje at Nikolas Cruz kunne få tak i våpena. Dei visste heller ikkje at 19-åringen hadde Instagram-kontoar der han viste fram våpen og bilde av døde dyr.

– Vi har dyr. Han elska dyra våre og dei elska han. Hadde vi visst om det med dyra eller Instagram-kontoen så hadde han aldri vore i vårt hus, seier Kimberly Snead.

Kimberly og James Snead

Ekteparet Snead seier dei framleis slit med å forstå kva Nikolas Cruz har gjort.

Foto: Susan Stocker / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt