NRK Meny
Normal

Ekspresident sikta for korrupsjon

Tidlegare president i Zambia Rupiah Banda er måndag arrestert og sikta for å ha misbrukt stillinga si til oljeavtalar for eiga vinning.

Tidlegare president i Zambia Rupiah Banda

Påtalemakta i Zambia meiner ekspresident Rupiah Banda misbrukte posisjonen sin medan han sat med makta i 2008-2011.

Foto: Joseph Mwenda / Afp

– President Rupiah Banda er formelt sikta og arrestert for å ha inngått ein oljeavtale som ikkje gagna landet, seier Namukolo Kasumpa, ei talskvinne for styresmaktene si etterforskingseining, til nyheitsbyrået AFP.

Oljeavtalen blei inngått med eit nigeriansk oljeselskap. Banda er mistenkt for å ha misbrukt meir enn 11 millionar dollar i løpet av sine tre år i presidentstolen.

– Uskuldig

Banda slapp fri mot kausjon etter tre timar i avhøyr måndag, ifølgje advokaten hans Sakwiba Sikota. Hana blei utførleg spurd ut om korrupsjon, kvitvasking av pengar og svindel, ifølgje AFP.

Banda må møta i retten igjen tysdag. Ifølgje forsvarar Sikota meiner Banda sjølv at han er uskuldig.

Siktinga mot han kom kort tid etter at ekspresidenten mista sin presidensielle immunitet.

Banda var president i den koparrike innlandsstaten sør i Afrika i perioden 2008-2011. Han blei etterfulgt av rivalen Michael Sata. Etter maktskiftet har Sata si regjering rulla opp fleire store korrupsjonssaker mot Banda-administrasjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt