Hopp til innhold

Eksplosjonen på Jersey: Fleire personar antatt omkomne

Tre personar er stadfesta omkomne og rundt tolv personar er framleis sakna etter eksplosjonen på Jersey natt til laurdag.

Søkemannskap jobber på et sprengningssted i en boligblokk i Saint Helier, på øya Jersey.

EKSPLOSJON: Tre personar er omkomne og fleire er skada etter ein eksplosjon på øya som ligg i den engelske kanal.

Foto: GOVERNMENT OF JERSEY VIA TWITTER / Reuters

– Det er trist å seie at søk- og redningsarbeidet har gått over i ein annan fase, seier politimeister Robin Smith.

Redningsmannskapa forventar ikkje lenger å finne nokon i livet, skriv Sky News.

Det var natt til laurdag at det eksploderte i eit bustadområdet på øya Jersey, som ligg i den engelske kanal.

Søndag morgon er tre personar stadfesta omkomne og rundt tolv personar er framleis sakna.

– Det er utenkelege nyheiter. Vi er alle knust og bekymra, seier førsteminister på øya Kristina Moore til BBC.

Ho takkar redningsarbeidarane for innsatsen og seier familiane som er ramma vil få svara dei treng.

Gassleverandøren i Jersey, Island Energy, seier dei jobbar med brannvesenet for å finne ut årsaka til eksplosjonen.

Eksplosjon på den britiske øya Jersey i den engelske kanal. Bilde viser havneområdet med hus og en kraftig brann og sort røyk.

Eksplosjonen skal ha skjedd rundt 05.00 norsk til laurdag.

Foto: Daniel Hunt

– Forferdeleg åstad

– Det er ein ganske forferdeleg åstad, som også er veldig farleg for våre tilsette, sa politimeister Smith til BBC laurdag.

Eksplosjonen skal ha skjedd rundt klokka 05.00 norsk tid laurdag. Totalt rykka 21 politibetjentar, ni ambulansearbeidarar og 19 personar frå brannvesenet til bustadområdet på St. Helier. Det er den største byen på øya.

To skadde personar vart sendt til sjukehus etter eksplosjonen i går. Dei er no utskrivne.

Eit hus på tre etasjar har fullstendig kollapsa og ser ikkje lenger ut som eit hus, melder Smith på ein pressekonferanse laurdag morgon.

BBC skriv at dei er kjent med at det var ni personar som budde i blokka

Dette bildet tatt 10. desember 2022 viser ruinene av en lavblokk etter en eksplosjon i Saint-Helier, Jersey Island, som drepte tre mennesker og flere andre er savnet, sa myndighetene.

Hus er totalskadd etter eksplosjonen.

Foto: SEBASTIEN SALOM-GOMIS / AFP

Trudde det var eit jordskjelv

Fleire bustadar er øydelagt, og det ligg framleis byggingsrestar strødd i gatene, skriv avisa Jersey Evening Post.

Avisa skriv også at naudetatane rykka ut til området fleire timar før eksplosjonen etter meldingar frå bebuarar som hadde lukta gass.

Til BBC seier ei dame som bur på øya at ho vart vekt av eit smell rundt klokka fire natt til laurdag.

– Senga byrja å riste og det kom eit stort smell. Eg sjekka nyheitene for å sjå om det var eit jordskjelv eller eit lynnedslag. Eg hadde ikkje peiling på kva det var, seier dama til kanalen.

Jersey er den sørlegaste av dei engelske kanaløyane og ligg utanfor kysten av Normandie nord i Frankrike.

SISTE NYTT

Siste nytt