Hopp til innhold

Eksplosjon i St. Petersburg

Ti menneske er såra i ein eksplosjon i den russiske storbyen St. Petersburg, ifølgje politiet. Eksplosjon fann stad i ein supermarknad i byen.

RUSSIA-BLAST/

Ein politimann på vakt ved supermarknaden der eksplosjonen fann stad.

Foto: ANTON VAGANOV / Reuters

Det var ei heimelaga bombe med sprengkraft som tilsvarar 200 gram TNT som gjekk av, seier politiet sin talsperson, Svetlana Petrenko.

Ti menneske er sende til behandling på sjukehus etter eksplosjonen, ifølgje politiet. Ingen skal vere livstruande skadd.

Alle som oppheldt seg i området, blei evakuerte frå bygningen.

Ifølgje politiet skjedde eksplosjonen i eit skap der folk legg frå seg vesker. Supermarknaden Perekrestok ligg i første etasje i Gigant Hall nordaust i St. Petersburg.

Laster Twitter-innhold

Det var fleire tusen menneske i kjøpesenteret då eksplosjonen fann stad klokka 18.30 lokal tid.

Politiet etterforskar saka som eit forsøk på massedrap.

SISTE NYTT

Siste nytt