NRK Meny
Normal

Eksplosjon i FN-kontora i Somalia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein person er drepen etter at ein kraftig eksplosjon ved eit av FN sine kontor i Mogadishu i Somalia.

Eksplosjonen skjedde i FN sine kontor for minerydding i Mogadishu, hovudstaden i Somalia.

Vitne melder om at ein person er drepen i ein kraftig eksplosjon. Personen vart drepen medan han satt i ein bil ved parkeringsplassen til FN-kontoret.

– Eksplosjonen skjedde innanfor murane til FN-kontoret. Eg kan sjå restane etter ein øydelagt bil, og liket av minst ein person, seier eit vitne til nyheitsbyrået AFP.

Eit anna vitne seier at eksplosjonen som svært sterk, og seier den øydelagte delar av muren til FN-kontora.

FN-kontoret ligg ved den internasjonale lufthamna i Mogadishu, eit område som er rekna som eit av dei trygge stadane i byen.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til eksplosjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt