Hopp til innhold

Forskar om Musk-exit: – Kjem framleis til å trekkje i trådane

Twitter-eigar Elon Musk seier han vil trekkje seg som toppsjef i selskapet. Forskar trur det ikkje betyr så mykje.

Elon Musk

OMSTRIDD: Det har storma rundt Elon Musk som Twitter-sjef etter at han kjøpte nettstaden i haust for 44 milliardar dollar.

Foto: Miguel Roberts / AP

Twitter-eigar Elon Musk seier han vil tre av som toppleiar for sosiale medium-plattforma så snart ein ny sjef er på plass, melder Reuters.

– Eg vil trekkje meg så snart eg finn nokon som er tåpeleg nok til å ta jobben! Etter det vil eg berre leie teamet som styrar med programmering og serverar skriv han på Twitter.

På søndag la Musk ut ei ope avstemming på Twitter der han skreiv at han ville trekkje seg dersom eit fleirtal av brukarane ville det.

Elon Musk spør på Twitter om han bør gå av
Foto: CHRIS DELMAS / AFP

I løpet av ein time hadde rundt 3,6 millionar stemt – 58 prosent av dei ville at han skulle gå av.

Etter at over 17 millionar hadde stemt, var fleirtalet som ville ha ein ny sjef for nettstaden på 57 prosent.

Elon Musk på Twitter: Should I step down as head of Twitter?
Foto: Skjermdump fra Twitter

Musk hadde på førehand sagt at han ville føye seg etter resultatet.

– Betyr ikkje så mykje

– Eg trur ikkje at det betyr så mykje. Sjølv om han trekkjer seg som direktør, kjem han framleis til å trekkje i trådane på bakrommet.

Heidrun Åm, Førsteamanuensis
Institutt for sosiologi og statsvitenskap.

PROBLEMATISK: Heidrun Åm meiner avstemminga til Musk er ganske problematisk frå eit demokratisk perspektiv.

Foto: Elin Iversen / Pressefoto NTNU

Det seier Heidrun Åm, førsteamanuensis i sosiologi ved NTNU.

Åm meiner det er djupt problematisk at ei så stor plattform er i private hender. Ho er også kritisk til avstemminga Musk hadde tidlegare i veka.

Vi veit ingen ting om folk kan røysta fleire gonger, om det er ulike robotar involvert, vi veit heller ikkje korleis dei bruker dataa og om det har nokre konsekvensar for dei som trykkjer ja eller nei. Alt dette er eigentleg ganske problematisk frå eit demokratisk perspektiv, forklarar ho og legg til:

Politikken handlar ikkje berre om veljarar, det handlar også om gode diskusjonar i offentlegheita, at har for og i mot, det er det offentlege rommet og ordskiftet som er viktig.

Storm

Det har storma rundt Twitter sidan Musk kjøpte tenesta i haust for 44 milliardar dollar.

Han har sagt opp nær halvparten av dei tilsette og innført ei rad nye reglar, mellom anna brukarbetaling for å få verifiserte kontoar. Han har gått inn med detaljstyring på ei rekke område.

I tillegg har han kutta ned på dei som luker ut falske kontoar og tar bort desinformasjon.

Les også Flertallet vil han skal slutte som Twitter-sjef – nå varsler Musk nye regler

Elon Musk står på en mørk scene og vinker til publikum. Han har mørk jakke og lys t-skjorte, hever en hånd og smiler forbi kameraet.

Fleire har uttrykt uro over at tryggleiken på Twitter er trua.

Han har og fått sterk kritikk for at han inviterte tidlegare president Donald Trump tilbake. Trump vart utestengt etter storminga av Kongressen i januar for snart to år sidan.

Musk har og hissa på seg mange journalistar. Det etter at han stengde kontoane til fleire kjente journalist-profilar for nokre veker sidan. Det gjaldt mellom andre journalistar frå The New York Times, Washington Post og CNN.

Etter at Musk kunngjorde at han trekkjer seg som sjef fall eit anna selskap han eig, Tesla, kraftig på børsen.

Sidan Musk retta store delar av merksemda si mot Twitter har fleire investorar i elbilselskapet vore bekymra for manglande leiarskap i Tesla.

Då dei amerikanske børsane stengde natt til onsdag låg aksjen på 137,8 dollar, som er rundt 1360 kroner. Ved årets toppunkt i september var aksjen verd over 300 dollar, som er ca. 2970 kroner, ifølgje NTB.

SISTE NYTT

Siste nytt