Hopp til innhold

Ekspert om demningskollapsen: – Det må vere ei sabotasjehandling

Mange spekulerer om kva som fekk den viktige Kakhovka-demninga i Ukraina til å kollapse tysdag. Partane i krigen skuldar på kvarandre.

Kokhovka-dammen

ØYDELAGT: Dette satellittbiletet vart teke av Kokhovka-dammen i går.

Foto: - / AFP

– Den blei minesett av russiske okkupantar. Og dei sprengde den, har president Volodymyr Zelenskyj skrive på sosiale medium.

Russland, på si side, skulda Ukraina for å ha skada demninga med våpena sine under kampar i området, og hevdar det er dette som har forårsaka bresten.

Men er det mogleg at demninga kollapsa av andre årsaker?

Bilete frå landsbyane oppstraums for berre nokre veker sidan viser folk som sit ved kjøkenbordet og har vatn opp til leggane.

Ihor Medunov vasser i flomvann på en øy nær Zaporizhzhia i Ukraina, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontroll over Kakhovka-demningen

FLOM: Sent i mai viste Ihor Medunov en fotograf fra Reuters at huset hans på en øy i vannreservoaret over Kakhovka-demningen var oversvømt.

Natalia Medunova serverer kaffe mens hun vasser så flomvannet plasker rundt beina, på en øy nær Zaporizhzhia i Ukraina, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontroll over Kakhovka-demningen

Natalia Medunova, som er gift med Ihor, serverte kaffe med vannet plaskende rundt vadebuksene.

Foto: Bernadett Szabo / Reuters
Ihor Medunov sitter med føttene i vann på sommerkjøkkenet sitt på en øy nær Zaporizhzhia i Ukraina, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontroll over Kakhovka-demningen

Paret fortsatte dagliglivet så godt de kunne, på samme måte som naboene, mens vannet steg faretruende.

Medunov ror båten sin over en på en øy nær Zaporizhzhia, 20. mai 2023. Ukrainske myndigheter sier området var oversvømmet på grunn av at Russland hadde kontrollen over Kakhovka-demningen.

Ukrainske myndigheter sa at flommen skyldtes Russlands (manglende) kontroll over Kakhovka-demningen. Den skal ha fått en skade som ikke ble reparert på flere måneder.

En politimann patruljerer Kakhovka-reservoaret i nærheten av Lysohirka med båt, torsdag 18. mai 2023.

Vannreservoaret ved Kakhovka-demningen strekker seg over mange mil langs Dnipro-elva.

Dei russiskstøtta lokalstyresmaktene hevda at demninga var styrt dårleg, og at vasstanden var altfor høg.

Det er vanskeleg for utanlandske medium å få verifisert desse påstandane og tidlegare informasjon har vist seg prega av propaganda.

Samtidig har fleire peikt på strukturelle skavankar på demninga, og at det faktisk er teikn på at den har vore treft av noko frå utsida.

NRK har snakka med professor i vasskraftkonstruksjonar ved NTNU, Leif Lia om kva som skal til å felle ei demning av Kakhovka sitt kaliber.

– Openbert sabotasje

– Det er openbert, teknisk sett, at det må vere ei sabotasjehandling, seier Lia til NRK.

Han, som resten av fagmiljøet, refererer til anlegget som ein dam, og seier det finst mange naturlege lastar som i teorien kan føre til ein kollaps som dette.

Grafikk: Eirik Kirkaune / NRK

Då er det snakk om mindre lekkasjar gjennom grunnen under dammen, aldringsskadar som gjer at anlegget ikkje toler lasten det er bygd for, eller ras.

– Men det er svært sjeldne tilfelle.

Dessutan seier Lia at hendingsgangen her er annleis.

– Det starta med skadar på mange forskjellige stadar i anlegget. Både kraftstasjon og dammen.

– Så det er heilt klart at det er nokon som har prøvd å rive heile anlegget, slik at det er totalskadd med store skadar også nedstraums grunna flaumvatnet. Det er eit formidabelt skadeomfang her.

Kakhovka

EI VILJA HANDLING: Store mengder vatn strøymer ut av den øydelagde dammen. Biletet er frå i går.

Foto: AFP

Samtidig meiner han kamphandlingar frå utsida, som skyting og bruk av mindre eksplosiv, aldri ville vore nok til å føre til så store skadar åleine.

– Norske dammar, for eksempel, er bygd i alle tilfelle slik at brot ikkje skal kunne skje. Dersom du får ei alvorleg skade skal det vere andre mekanismar som tek omsyn til det.

Les også NRK i Kherson: Folk må søke tilflukt på hustak

NRKs team i Ukraina er med på redningsaksjoner i Kherson, etter at byen ble rammet av flom grunnet en ødelagt demning.

Amerikanarar trur på eksplosjon

Amerikanske ekspertar seier til The New York Times at det finst svært lite data rundt kva som har skjedd med demninga.

Men dei meiner at det mest sannsynlege er at det har vore ein eksplosjon inne i byggverket.

Kherson

Eit overflødd område i byen Kherson.

Foto: AP

Det dreier seg om ein massiv konstruksjon av stål og betong som vart ferdig bygd i 1956.

Og russiske styrkar hadde kontrollen over dammen.

Ifølgje avisa har lokale innbyggjarar fortalt at dei høyrde ein kraftig eksplosjon om natta ved 03-tida.

Og sjølv om sprengstoffet vart plassert på innsida, ville det vere nødvendig med fleire hundre kilo for å forårsaka dei øydeleggingane som blir viste på bileta.

Ei bombe eller rakett frå utsida ville ikkje ha den same verknaden.

– Det er ikkje ein gong sikkert at eit direkte treff ville øydeleggje dammen, seier Nick Glumac til The New York Times.

Hjelpemannskaper

EVAKUERER: Frivillige hjelper til i dei flaumramma områda.

Foto: Reuters

Han er sprengingsekspert og undervisar i ingeniørfag ved University of Illinois.

I løpet av krigen har damanlegget blitt treft og skadd fleire gonger.

Men dei amerikanske ekspertane tviler på at skadane ville vere nok til å føre ein kollaps.

– Dammar bryt saman, det er absolutt mogleg, seier Gregory B. Baecher som underviser i ingeniørfag ved University of Maryland. Han har også studert kva som skjer med dammar som ikkje held.

Men han tviler på at det er tilfelle med dammen i Kakhovka.

– Eg såg på dette og tenkte at det ser mistenkjeleg ut.

Les også Zelenskyj: – Fleire hundre tusen utan drikkevatn

APTOPIX Russia Ukraine War

Stor auke i vasstanden

Tal frå observatørnettsida Hydroweb viser at vasstanden i magasinet var over ein meter høgare i slutten av mai enn same tid i fjor.

Novo Kokhodka

Tettstaden Nova Kakhovka er spesielt hardt ramma av flaumvatnet.

Foto: Reuters

Dette er det høgaste det har vore sidan ein starta å måle den i 2016.

Lia meiner det verkar som at flaumløpet ikkje har blitt brukt.

– Eg har kika på det anlegget, og det har 26 luker for å sleppe vatnet forbi når det blir for mykje vatn i magasinet.

Men dersom ein overfylte magasinet med vilje, og i tillegg utførte ei sabotasjehandling, kan dette vere forklaringa på dei store øydeleggingane, seier Lia.

– Det er uansett ei villa handling. Ingen ansvarlege damoperatørar ville finne på å la vatnet stige utan å operere flaumløpet med alle tilgjengelege middel.

SISTE NYTT

Siste nytt