Hopp til innhold

Eks-terrorist blir sett fri

Etter 26 år i fengsel blir tidlegare Baader-Meinhof-medlem Christian Klar (56) sett fri i januar.

Christian Klar (fotografi tatt i Stuttgart 1992)
Foto: AP

Ein domstol i Stuttgart avgjorde i dag at han skal setjast fri på prøve 3. januar neste år, skriv telegambyrået AFP.

Leiar

Klar var på 1970-talet leiar for den tyske terrorgruppa Raude Armé Fraksjon (RAF), også kjent som Baader-Meinhof-gruppa.

Han er mellom anna dømd for medverknad til drapa på arbeidsgjevarpresident Hanns Martin Schleyer og riksadvokat Siegfried Buback i 1977, og var lenge ein av dei mest ettersøkte personane i landet.

Om han skulle setjast fri eller framleis haldast i fengsel, har i fleire år vore eit omstridt tema i tysk politikk.

Særleg den konservative sida har gått hardt ut mot å setje Klar fri.

Baader Meinhof
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Baader-Meinhof inntar lerretet

LES: dette

Lettare soningsforhold

Etter å ha passert 24 år i fengsel hadde Christian Klar etter normal praksis rett til lettare soningsforhold, men kunne først bli sett fri på prøve i 2009.

Ein annan tidlegare RAF-leiar, Brigitte Mohnhaupt, blei benåda i mars i fjor, og deretter sett fri frå fengsel.

Baader-Meinhof-gruppa, oppkalla etter grunnleggjarane Andreas Baader og Ulrike Meinhof, skal stå bak drapa på 34 menneske i åra 1970 til 1991.

Dei to grunnleggjarane tok livet av seg sjølv i fengsel.

Med i gruppa var også mellom andre Gudrun Ensslin, Birgit Hogefeld og Peter Jürgen Boock.

RAF hadde utspring i studentdemonstrasjonane på 1960-talet. I 1998 kunngjorde gruppa at ho oppløyste seg sjølv.

LES: – Min mor var terrorist

LES: Tidligere RAF-terrorist settes fri

LES: Tysk terrorist benådet etter 24 år

SISTE NYTT

Siste nytt