Hopp til innhold

Eks-president arrestert etter å ha nekta å møte i retten

Den første demokratiske valde presidenten i Maldivene, Mohamed Nasheed, vart måndag arrestert etter skuldingar om maktmisbruk.

Mohamed Nasheed

I dette biletet frå februar, helsar Nasheed på tilhengjarar etter fredagsbønen. I dag vart han arrestert av politiet i Maldivene.

Foto: Ishara S.KODIKARA / Afp

Nasheed kom til makta i 2008, og var president i det vesle øylandet fram til februar 2012.

Etter at han gjekk av har han vore skulda for maktmisbruk, og skulle møte i retten for dette. Men han møtte ikkje opp, og vart arrestert som eit resultat av dette.

– President Nasheed vart hanka inn frå protesterande tilhengjarar, arrestert og teken vekk frå området, skreiv talsperson Hamid Abdul Ghafoor på Twitter.

Ein rettssal på øya Hulhumale utstedte arrestordra etter at Nasheed for andre gong nekta å møte opp foran dommarane i rettssalen, skriv nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje arrestordra vil Nasheed bli sitjande i varetekt fram til rettssaka skal opp.

Nasheed gjekk av som president i februar i år etter det han skildrar som eit statskupp. Maldivene, som er kjend som ein lukseriøs feriedestinasjon, har blitt råka av mykje vald og opptøyar sidan.

Rettssaka mot Nasheed kjem på bakgrunn av at han sendte militæret for å arrestere ein dommar tidlegare i år. Dette førte til store demonstrasjonar mot regimet, og kulminerte i at Nasheed gjekk av.

Før Nasheed kom til makta, vart øystaten i 30 år styrt med ein jernhand av diktatoren Maumoon Abdul Gayoom.

SISTE NYTT

Siste nytt