NRK Meny
Normal

Eks-kona til desperadoen blant dei drepne i Wisconsin

Politiet i Wisconsin opplyser at kona til mannen som gjekk amok med skytevåpen på eit spa i byen Brookfield i går kveld, er blant dei tre drepne.

Politiet i arbeid i Brookfield.

Politiet dreiv i dag med tekniske undersøkingar i spaet der skytinga gjekk føre seg.

Foto: Darren Hauck / Afp

Zina Haughton (42) var tilsett på spaet der skytinga gjekk føre seg. Vitne fortel at ho redda livet til fleire av dei som var der, før ho vart skoten av eks-mannen Radcliffe Haughton.

Radcliffe Franklin Haughton.

Radcliffe Haughton tok livet av eks-kona og to andre, før han tok sitt eige liv.

Foto: Ap

Vitne har fortalt at ei av kvinnene inne på spaet vart drepen med nakkeskot medan ho stod på kne. Politiet kan ikkje stadfeste at dette var Zina Haughton.

La ut sprengstoff

Det var i går kveld norsk tid at Radcliffe Haughton tok seg inn i spaet der eks-kona jobba. Før han starta å skyte hadde han plassert ut ei sprengladning. Ved sidan av dei tre døde kvinnene vart fire andre såra i skytinga.

Politiet opplyser at Zina Haugton nyleg hadde meldt eks-mannen for mishandling og truslar, og for berre fire dagar sidan innførte ein lokal domstol eit forbod mot å oppsøkje eks-kona.

Han skal ha trua med å drepe både henne og resten av familien om ho gjekk frå han, eller om ho varsla politiet. Han skal også ha trua med å vansire ansiktet hennar med syre.

LES OGSÅ: Tre drepne av våpendesperado i Wisconsin

Tok sitt eige liv

Skyting i Brookfield i Wisconsin.

Store politistyrkar leitte etter gjerningsmannen i går kveld norsk tid.

Foto: Tom Lynn / Ap

Ved sidan av besøksforbod vart det også kravd at han skulle levere inne alle skytevåpna sine.

Radcliffe Haughton vart i natt funnen død inne på spaet der angrepet gjekk føre seg. Politiet trudde først at han hadde greidd å flykte frå staden i bil, men fleire timar etter ugjerninga skjedde vart han funnen død inne på området.

Politisjefen i Brookfield, Dan Tushaus, seier at det ikkje er mistanke om at andre var medskuldige i drapa i spaet.

Dette var den andre skytemassakren i Wisconsin i år. Eade Michael, ein 40 år gammal veteran frå hæren og nynazist , drap seks menneske og såra tre andre i eit sikh-tempel 5. august, før han tok sitt eige liv.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt