Hopp til innhold

Eitt år sidan Russland annekterte store delar av Ukraina: Slik går det no

Dei er okkuperte og isolerte. Medan okkupasjonsmakta forsøker å russifisera dei, kjempar ukrainarane for å halda på identiteten sin.

Ukrainske Olena Archipenko i Siversk i Donetsk ventar på å hjelpa med å dela ut brød. Eit bilde frå 2. mai i år.

VED FRONTLINJA: Områda er under strenge okkupasjonsregime. Dei ligg nær frontlinja. Livet der er hardare enn både i fritt Ukraina og i Russland.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

I denne saka kan du lesa om:

Annekteringa 30. september i fjor

Mariupol. Du hugsar kanskje namnet. Byen i Donetsk oblast, aust i Ukraina. Her har kanskje dei hardaste kampane under krigen vore.

Før var byskiltet i gult og blått. No har det fått russiske fargar. Russiske soldatar patruljerer ved det, medan folk som har kome for å sjå skiltet tek selfies føre det.

Skiltet Mariupol i russiske fargar.
Bilde teke 1. mai 2018 viser byskiltet i ukrainske fargar.

Mariupol er ein av fleire byar som er okkupert av russarane.

I ein stor seremoni i Kreml 30. september i fjor, blei det signert fire dokument.

Dokumenta blei beviset på at Putin gjorde alvor av trusselen om å tvangsinnlemma store delar av Ukraina i Russland.

Akkurat eitt år har gått. Putin erklærte Donetsk, Luhansk, Kherson og Zaporizjzja som russiske.

I eit fotballaktig heirop, med hendene oppå kvarandre, erklærte Putin, saman med guvernørane i Donetsk, Luhansk, Kherson og Zaporizizja at dei var russiske.

I eit fotballaktig heiarop, med hendene oppå kvarandre, erklærte Putin, saman med guvernørane i Donetsk, Luhansk, Kherson og Zaporizjzja at dei var russiske.

Foto: Grigory Sysoyev / AP

Korleis går det med desse områda i dag og med folka som bur der? Korleis går det med Putins russifisering? Og kven er Putins menn i dei russisk-okkuperte områda?

Det er vanskeleg å få god informasjon om det som skjer der. Nesten ingen uavhengige medium eller forskarar får reisa inn dit.

I tillegg er stoda i dei okkuperte områda skildra svært ulikt i Russland og i frie delar av Ukraina. Det er mykje propaganda på begge sider.

NRK har snakka med fleire ekspertar for å få svar på spørsmåla.

Les også Russland har nå erklært fire ukrainske områder som russiske

Bilde av en middelaldrende kvinne og en liten gutt med skyggelue. Ukrainere flykter ut av okkuperte deler av Zaporizjzja øst i Ukraina. Flyktningene får politieskorte ut av områdene som Russlands president Putin har erklært tvangsinnlemmet i Russland.

Stoda i dei okkuperte områda

– Det går absolutt ikkje bra med desse områda, seier Håvard Bækken ved Forsvarets høgskule.

Områda er under strenge okkupasjonsregime. Dei ligg nær frontlinja. Livet der er hardare enn både i fritt Ukraina og i Russland.

– Dei er jo okkuperte område midt i ein krig som er i gang, så det går hardt føre seg, seier Jørn Holm-Hansen ved NIBR-Oslo Met.

Menneskerettsbrota er omfattande, peikar begge forskarane på.

– Det er meldt om ei rekkje menneskerettsbrot, folk som blir arresterte utan skikkeleg rettargang, fysisk mishandling og deportasjonar, seier Holm-Hansen.

Liket etter ein lokal innbygjar i Kherson som blei drepen i eit russisk angrep mot ein butikk i mai.

Liket etter ein lokal innbyggjar i Kherson som blei drepen i eit russisk angrep mot ein butikk i mai.

Foto: DINA PLETENCHUK / AFP

Blant anna har Amnesty International har dokumentert fleire avrettingar i område som russarane har okkupert.

Donetsk og Luhansk

Allereie våren 2014 erklærte opprørarar to nye folkerepublikkar i Donetsk og Luhansk fylke. Desse har heile tida vore prisgjevne russisk støtte, ikkje minst militært.

Ifølgje menneskerettsdomstolen har Russland hatt tilstrekkeleg kontroll til å bli haldne juridisk ansvarlege for hendingar der sidan den gong.

– Og sidan 2019 har desse områda blitt utsette for ein gjennomgripande russifiseringspolitikk som det er naturleg å sjå på som ei førebuing for anneksjonen, seier Bækken.

Han fortel at Freedom House sin indeks for politisk fridom gav desse områda berre fire av 100 poeng allereie før den fullskala invasjonen – langt dårlegare enn Russland og marginalt føre Nord-Korea.

– Rettstryggleik er fråverande. Demokratiske fasadar er nettopp berre fasadar, og menneskerettsbrota er omfattande. Økonomisk har dei også forvitra, seier Bækken.

Ukrainske Olena Archipenko i Siversk i Donetsk ventar på å hjelpa med å dela ut brød. Eit bilde frå 2. mai i år.

Ukrainske Olena Archipenko i Siversk i Donetsk ventar på å hjelpa med å dela ut brød. Eit bilde frå 2. mai i år.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Etter 2022 har situasjonen blitt ytterlegare forverra.

– Donetsk og Luhansk har måtta betala ein ekstrem pris for valdshandlingane sidan 2022. Befolkninga blei tidleg mobiliserte og har blitt brukt som kanonføde, fortel Bækken.

Kherson og Zaporizjzja

Situasjonen i dei delane av Ukraina som har blitt okkuperte i seinare tid er noko ulik, forklarar Bækken.

– Her har lokal støtte heile tida vore marginal. Russland har sett seg nøydde til å styra som ei okkupasjonsmakt i meir tradisjonell forstand, med ei lita gruppe aktive kollaboratørar på laget.

Politiet kler Dmytro (10) i skuddsikker vest. Saman med familien må han evakuera frå landsbyen sin Stepnohirsk i Zaporizjzja-regionen. Bilete er teke 12. september i år.

Politiet kler Dmytro (10) i skotsikker vest. Saman med familien må han evakuera frå landsbyen sin Stepnohirsk i Zaporizjzja-regionen. Bilete er teke 12. september i år.

Foto: STRINGER / Reuters

Ukrainarar flest identifiserer seg med Ukraina sidan det er der dei er statsborgarar. Dei oppfattar seg sjølve altså som ukrainarar anten dei er russiskspråklege eller ikkje.

– Dette møter okkupasjonsmakta med ein aktiv politikk for å endra verdsoppfatninga og den nasjonale identitet til born og unge for på lang sikt kunna byggja ei form for støtte i befolkninga.

Valentyna Hleha (60) står i eit av romma i huset hennar vart øydelagt då Russland okkuperte landsbyen Kamianka, nær byen Izium i Kharkiv-regionen. Landsbyen var okkupert av russerar frå april til september 2022.

Valentyna Hleha (60) står i eit av romma i huset hennar vart øydelagt då Russland okkuperte landsbyen Kamianka, nær byen Izium i Kharkiv-regionen. Landsbyen var okkupert av russarar frå april til september 2022.

Foto: SERGEY BOBOK / AFP

Putins russifisering

Alle ekspertane NRK har snakka med i samband med denne saka, understrekar at å få ut førstehands- og uavhengige informasjon frå områda, så og seia er umogleg.

Samstundes peiker dei på at det tydeleg går føre seg eit svært aktivt arbeid frå russiske styresmakter si side for å russifisera desse områda.

Russifiseringspolitikken går føre seg på alle plan og kan bli førande for Ukraina sine moglegheiter til å ta tilbake territorium.

Det sa Russland-ekspert Gudrun Persson i eit intervju med den svenske avisa Dagens Nyheter i mai.

Russlands krigsplanlegging har altså strekt seg langt utover slagmarka.

I det Gudrun Persson kallar «ein stalinistisk tradisjon» har Kreml planlagt å gjera Aust-Ukraina russisk på same måte som dei har russifisert Krim sidan annekteringa i 2014.

Putin skal ha vore på besøk i Kherson i april i år.

Putin skal ha vore på besøk i Ukraina i april i år. Bilde er frå ein video frå russisk TV som viste at han møtte soldatar i Kherson-området.

Foto: AP

Ifølgje dei NRK har snakka med i samband med denne saka, er trenden mot ei russifisering i dei fire områda tydeleg:

  • Ukrainarar må ta russiske pass. Dei vil seia at dei må ta russisk statsborgarskap og seia frå seg den ukrainske statsborgarskapen
  • Rubelen er blitt innført som valuta
  • Ukrainske opinionsleiarar blir forfølgde
  • Ukrainske born blir tvangsflytta til russisk territorium
  • Russisk pensum er innført på skulane og undervisninga føregår på russisk

– Russland jobbar dessutan aktivt for å ta kontroll over informasjonsstraumen i området, seier Martin Paulsen ved Universitetet i Bergen (UiB).

Russiske pass blei sjekka då ukrainarane skulle stemma i dei russisk-okkuperte områda tidligere i september.

Russiske pass blei sjekka då ukrainarane skulle stemma i dei russisk-okkuperte områda tidlegare i september.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Jørn Holm-Hansen fortel at dei som ikkje tek russisk pass mistar retten til pensjon, helsestell og andre velferdsordningar.

– Folk kan bli stoppa av patruljar på gata og få sjikanerande spørsmål dersom dei ikkje kan visa fram russiske pass.

Putins menn

Tidlegare i september blei det halde «val» i dei okkuperte områda.

Og Putin gjorde eit «brakval» i det som var alt anna ein eit demokratisk val.

Alle dei fire guvernørane som deltok i seremonien der Russland feira annekteringa i fjor, blei for ei veke sidan valde på nytt.

Markeringa av Russlands annektering av fire fylke i Ukraina.

– Russland har no fire nye regionar, sa president Vladimir Putin under seremonien 30. september i fjor.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Og alle fire stod på val for Putins maktparti «Eitt Russland».

– Grovt fortalt så har Putin fjernstyrt det okkuperte Ukraina gjennom ein av sine gamle allierte, nemleg Sergej Kirijenko. Eg kan tenkja meg han har vore sentral også av utveljinga av lokale leiarar, blant desse dei sitjande, seier Bækken.

Dette er guvernørane i dei fire fylka:

Denis Pusjilin president i Folkerepublikken Donetsk.

Denis Pusjilin, Donetsk

  • Blei «president» i «Folkerepublikken Donetsk» (DNR) i 2018 etter attentatet på Aleksandr Zakhartsjenko.
  • Representerte DNR i samband med Minsk-forhandlingane i 2014–2018.
  • Økonomiutdanna.
  • Innførte portforbod i DNR mellom 23.00 og 04.00 då han blei guvernør no 23. september.
  • Innførte forbod mot offentlege møte, samt sensur på post, internett og telefon. Det er FSB som skal kontrollera dette.
  • Leia DNR gjennom heile prosessen med å bli teke opp i den russiske føderasjonen.
Leonid Pasetsjnik Luhansk

Leonid Pasetsjnik, Luhansk

  • Øvste sjef for «Folkerepublikken Luhansk» (LNR) sidan 2017.
  • Sidan desember 2022 har han vore medlem av Putin-partiet Eitt Russland.
  • Militær bakgrunn og byrja å jobba i Den ukrainske tryggingstenesta (SBU) i 1993 der han jobba til 2014.
  • Tok side med separatistane under opprøret i Donbas, og blei minister for statstryggleik i LNR same året.
  • Det er den tidlegare arbeidsgivaren hans, SBU, som no etterforskar han for brot på tre paragrafar i den ukrainske straffelova.
Jevgenij Balitskij Zaporizjzja

Jevgenij Balitskij, Zaporizjzja

  • Har bakgrunn som flygar og forretningsmann.
  • Har sete i den ukrainske nasjonalforsamlinga «Verkhovna Rada» både for Regionpartiet og partiet Opposisjonsplattforma. Begge desse partia er no forbodne. Dei var tilhengjarar av eit tettare samarbeid mellom Ukraina og Russland. Dei har vore skulda for å vera prorussiske og springa i Putins ærend.
  • Har hatt ansvaret for dei bedriftene som eksporterte korn for det okkuperte området i Zaporizjzja.
  • I september 2022 gjekk han inn i partiet «Eitt Russland».
  • Sende førespurnaden til Putin om å ta Zaporizjzja inn i Den russiske føderasjonen to dagar etter han blei medlem av Putin sitt parti.
Vladimir Saldo Kherson

Vladimir Saldo, Kherson

  • Ingeniør med bakgrunn frå byggebransjen.
  • Har sete i Verkhovna Rada for Regionpartiet.
  • Har vore aktiv i lokalpolitikken i Kherson by, men har ikkje vunne ordførarval.
  • Fekk støtte av 33 prosent av veljarane i 2020.
  • Blei i mars 2022 utnemnd til sjef for «den militær-sivile administrasjonen» i Kherson, dvs. samarbeidsstyresmaktene og det som etter ukrainsk lov gjer han til kollaboratør.
  • Var den første i Kherson som tok russisk pass, 11. juni 2022.

Populariteten til styresmaktene

– Ukrainarar i okkuperte område er tvungne til å ta russiske pass. Det gjer det vanskeleg å snakka om populariteten til myndigheitene, då dei ikkje kan uttrykka meiningane sine fritt, fortel Irina Anisimova ved UiB.

– Styresmakter er sjeldan populære i Ukraina, seier Holm-Hansen.

Han forklarar at dei som har posisjonar i dei okkuperte område til dels er folk som har budd der heile tida og som anten føretrekker russisk styre føre ukrainsk, dels folk som er opportunistar og no ser sitt snitt til å få seg ein lukrativ posisjon.

– Dei som føretrekker russisk styre, er det nok mest av i Donetsk og Luhansk og ikkje så mange i dei områda som er bomba «sønder og saman» som følgje av invasjonen, nemleg regionane Zaporizjzja og Kherson.

Eit bilete delt av ukrainske styresmakter 19. september i år. Ein brannmann forsøker å sløkkja brannen etter russiske åttak i Kherson.

Eit bilete delt av ukrainske styresmakter 19. september i år. Ein brannmann forsøker å sløkkja brannen etter russiske åtak i Kherson.

Foto: HANDOUT / AFP

Tobias Sæther ved Forsvarets høgskule seier at oppslutninga om okkupasjonsmakta er låg i desse områda.

– Dette er illustrert ved aktiv og meir subtil motstand befolkninga har vist over tid, til dømes knytt til nøling med å senda skuleborna sine på russiske skular, og dei ukrainske agent- og informantnettverka innanfor området, seier han.

– Motstand har også blitt uttrykt meir nyleg gjennom utfordringane okkupasjonsmakta har med å rekruttera personell til politiske posisjonar i russisk-venleg lokal og regional-administrasjon.

Krigsoppgjeret

– Folk er skvis, seier Holm-Hansen om ukrainarane i dei okkuperte områda.

Russland krev at dei tek russiske pass. Ukrainske styresmakter seier på si side at å ta russiske pass blir rekna som ei kriminell handling – utan omsyn til motiva den einskilde kan ha hatt.

Ei lov frå 15. mars 2022 gjev ti til femten år i fengsel for sivilt og militært samarbeid med okkupasjonsmakta.

– Tenk deg at du bur på okkupert område. Tek du ikkje russisk pass, blir du deportert. Veka etter kjem dei ukrainske styrkane og tek attende byen. Då blir du rekna som kriminell, seier han.

Byskilt med "Eg elskar Huljajpole" nær ein bygning øydelagt i eit russisk åttat i Huljajpole i Zaporizjzja-regionen.

Byskilt med «Eg elskar Huljajpole» nær ein bygning øydelagt i eit russisk åtak i Huljajpole i Zaporizjzja-regionen.

Foto: STRINGER / Reuters

Medan mange av dei folkevalde på lokalnivået har kome seg ut av dei okkuperte områda, har andre gått inn i kommunestyra kontrollerte av okkupasjonen.

Dei kan venta seg strenge straffer om Ukraina klarer å ta tilbake desse områda.

Men til dømes har også fleire legar, sjukepleiarar, folk som steller med straumforsyning, vatn og avlaup halde fram i jobben under okkupasjonen.

– Er dei då kollaboratørar? spør Jørn Holm-Hansen seg.

– Når krigsoppgjeret skjer, blir det mykje å ta stilling til. Her er det fare for at det blir mykje mistru og vondt blod.

SISTE NYTT

Siste nytt