Hopp til innhold

Eitt år etter terrorangrepet i Nice er promenaden gjort tryggare

Franske styresmakter har sikra gangfelta ved promenaden i Nice med kvite stolpar som kan stoppe ein lastebil. Eit år har gått sidan massakren på strandpromenaden, som markerte ein ny type islamistisk terror.

EUROPE-ATTACKS/NICE-ANNIVERSARY

BARRIKADAR I KVITT: Dei kvite stolpane til høgre er sett opp for å hindre lastebilar å ta seg inn på gangfeltet.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Metoden var like enkel som den var brutal. Den 31 år gamle fransk-tunisiaren Mohamed Lahouaiej brukte ein 19 tonn tung lastebil for å drepe så mange menneske som han kunne.

86 menneske vart drepne i åtaket, og 400 vart innlagde på sjukehus med skadar.

Mange er drept etter at en lastebil kjørte inn blant folk som så på fyrverkeriet på den franske nasjonaldagen

Video som viser politiet som spring etter lastebilen og prøvar å stanse den.

TV-bileta viste politi som skaut mot lastebilen med pistol, men til ingen nytte, terroristen var lenge ustoppeleg.

Då lastebilen køyrde seg fast, fyrte ein politimann av 27 skot mot gjerningsmannen, og slutta ikkje skyte før han slutta å røre på seg.

Kjøreruten til gjerningsmannen bak angrepet i Nice

KØYRDE SIKKSAKK: Vitne fortel at gjerningsmannen køyrde i sikksakk i to kilometer langs strandpromenaden Promenade des Anglais, som går langs sjøen i Nice.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Politiet sperra raskt av strandpromenaden etter angrepet, men frå eit hotellrom kunne NRK sjå den berømte vegstrekninga dekt av blod, og restar av klede.

Rettsmedisinarane brukte fleire dagar på å kartlegge åstaden som strakte seg over to kilometer.

Underlaget var spylt med vasskanonar, men framleis var det blodflekkar igjen på bakken. Ved kvar blodflekk var det lagt ein blomsterkrans.

FRANCE-ATTACK-NICE

EI ROSE VED EIN BLODFLEKK: Blodflekkar som det ikkje gjekk an å vaske vekk, vart dekorert med blomar og lys til minne om dei drepne og skadde.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Sjokkerte turistar og franskmenn

Den første dagen var folk framleis i sjokk. Politiet raida leilegheita til gjerningsmannen. Dei måtte finne ut om han var aleine, eller om det var fare for fleire terrorangrep.

Utanfor leilegheita hans hadde politiet sprengt ruta på ein parkert bil. Dei frykta at den kunne vere ei bombefelle og tok ikkje sjansen på å dirke opp låsen.

NRK møtte naboar som ikkje kunne tru at den 31 år gamle mannen sysla med tankar om å bli massedrapsmann.

Utenfor blokka til terroristen i Nice

UTANFOR BUSTADEN TIL TERRORISTEN: En nabo henger ut av vindauget og snakkar i telefonen, mens journalistar går utanfor.

Foto: Mari Reisjå / NRK

Familien hans i Tunisia vart også oppsøkt. Det kom fram han hadde ei historie med raserianfall, og at han hadde vore valdeleg mot ekskona si.

– Alle her visste at han slo kona si, sa ein nabo til NRK den gangen i Nice.

Andre medium intervjua sosialarbeidarar som fortalde om at det eksisterte eit valdelege ekstremistmiljø blant innvandrarane i områda rundt Nice.

Døren til Nice-terrorist er brutt opp

DØRA ER BROTEN OPP: Politiet braut opp døra inn til leilegheita til Mohamed Lahouaiej-Bouhlel.

Foto: Mari Reisjå / NRK

Ny type terrorangrep

Franske styresmakter kalla det ein ny type angrep, der ein ikkje nyttar sprengstoff eller våpen.

Metoden ved å bruke køyretøy som drapsvåpen, har seinare blitt kopiert av terroristar i London, Berlin og Stockholm.

Terrorforskar Thomas Hegghammer trur ikkje dette er ein bevisst strategi.

Thomas Hegghammer

Thomas Hegghammer er seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).

Foto: Svein Olsson / NRK

– Det er ein ide som har spreidd seg, fortel Hegghammer til NTB.

Hegghammer ventar at det vil kome fleire slike angrep i framtida. Det er ein konsekvens av kontraterrorarbeidet som er gjort dei siste åra.

– Det ein sit att med etter at sikkerheitstenestene har gjort sin jobb, er fleire små angrep, seier Hegghammer.

Frustrasjon og sinne

Ut på dagen opna promenaden igjen. Hotella og turistindustrien hadde allereie tapt pengar på at folk kansellerte ferien sin. Det hasta med å gjere Nice normalt igjen.

Det var også viktig å vise at Frankrike ikkje lét seg kue av terror.

Samtidig kom det eit stemningsskifte. Nokre franskmenn byrja å marsjere opp og ned promenaden, medan dei song den franske nasjonalsongen.

Dei var sinte og frustrerte.

Mange retta frustrasjonen sine mot eigne styresmakter. Dei hadde ikkje gjort nok for å trygge landet. Andre kjefta på pressefolka som vandra med store kamera opp og ned promenaden.

Det var framleis uavklart om terroristen var ein psykisk sjuk mann eller inspirert av islamistrørsla IS, eller begge deler. Politiet hadde lite informasjon å dele.

IS hadde teke på seg skulda for angrepet, men det kom også rapportar om at mannen sleit med psykiske problem.

I Nice viser folk sin dype forakt for terroristen som tok livet av 84 mennesker med en lastebil.

SE VIDEO: Folk kasta søppel på staden der politiet skaut og drap gjerningsmannen.

Sørgemarkering

Fire dagar etter angrepet, den 18. juli, var det ei stor minnemarkering ved promenaden. Statsminister Valls vart møtt med pipekonsert, samtidig som naudetatane fekk applaus.

Fleire personar vart arresterte og avhøyrde, og det byrja å teikne seg eit bilete av ein gjerningsmann som var inspirert av islamisme og IS.

Promanaden Nice

MARKERING: Fleire tusen menneske hadde møtt opp på strandpromenaden i Nice 18 juli i fjor, for å halde eitt minutt stille.

Foto: Ho / AFP

Nye tryggingstiltak

I dag kjem den nyvalde presidenten Emmanuel Macron til Nice for å minnes dei døde, på dagen eit år seinare.

Langs strandpromenaden er det sett opp permanente sperringar som skal verje mot liknande angrep i framtida.

Også i resten av Europa sikrar ein gågater og promenadar mot angrep med køyretøy. I Noreg var frykta for lastebilangrep eit viktig element i sikringsarbeidet i samband med 17. mai feiringa.

Sørger over dei døde

Emilie Petitjean er leiar for støttegruppa for dei pårørande i Nice. Ho fortel til nyheitsbyrået DPA at mange har vanskeleg for å kome seg vidare etter terrorangrepet.

Ho mista den ti år gamle sonen sin Romain.

– Eg vil vere ulukkeleg resten av livet. Eg håpar eg får stunder med glede, men dei vil alltid bli overskygga av tapet av den eldste sonen min, fortel ho.

SISTE NYTT

Siste nytt