Hopp til innhold

Protestar mot nye McDonald's i Russland: – Få Big Mac tilbake!

Æraen for McDonald's i Russland er over, men no opnar russarane restaurantane i ny drakt.

Det er kø utanfor den nyopna McDonald's-restauranten i Moskva. Ein kunde, med bokstaven Z på kapsen, er blant dei som ventar på få ein bit av den nye smaken av Russland.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

– Få Big Mac tilbake!

Ein russar held opp ein handskriven plakat i etterkant av pressekonferansen, men blir fort ført vekk av restaurantpersonalet.

Det er opningsdag for nye McDonald's på Pushkin-plassen i Moskva i Russland. Det var her McDonald's først opna restaurant i Russland i 1990.

Den gongen blei restauranten sett på som eit symbol på eit nytt og ope Russland, etter nær 70 år med kommuniststyre.

Då McDonald's stengde dørene i landet tidlegare i vår, blei det igjen eit symbol på eit nytt Russland: Eit stadig meir isolert land. Avgjerda om å låsa dørene kom som ein straff mot Russlands krig mot Ukraina.

Les også Vestlige selskaper rømmer Russland

BIG MAC: Nå stenger McDonalds 850 restauranter i Russland.

I ny drakt

I dag er 15 av det som var tidlegare McDonald's-restaurantar blitt opna igjen i Moskva-regionen.

Restaurantane er inne i ei ny kjede med ny eigar. Dei har også blitt døypte om. Og fått ny logo.

Logoen til dei nye McDonalds-restaurantane i Russland. Logoen skal symbolisera ein burger og to fries.

Logoen til dei nye McDonald's-restaurantane i Russland. Logoen skal symbolisera ein burgar og to fries.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Den nye logoen, som viser ein runding og to strekar, skal representera ein burgar og to fries. I sosiale medium blir det antyda at ein kan skimta ein M utan at det er klare likskapstrekk til dei karakteristiske måkevengene. Andre har meint at logoen minner om flagget til Bangladesh, ifølgje BBC.

Dette har Moskva avvist.

– Den grøne bakgrunnen i logoen symboliserer kvaliteten på produkta og servicen som gjestene våre er vande til, seier ein talsperson for selskapet ifølgje det statskontrollerte nyheitsbyrået Tass.

Den kjende McDonalds M-en blir fjerna frå ein restaurant i St. Petersburg.

Den kjende McDonald's M-en blir fjerna frå ein restaurant i St. Petersburg.

Foto: ANTON VAGANOV / Reuters

Det er Alexander Govor som har kjøpt opp McDonald's-kjeda i Russland.

«Vkusno & tochka» er det nye namnet, som kan omsetjast «Smakfullt. Punktum». I tillegg til nytt namn og logo, har dei også eit nytt slagord:

«Namnet endra kjærleiken består»

Folk ventar i kø etter smaken på nye Russland.

Folk ventar i kø utanfor den nyopna restauranten.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Big Mac og cola ute av menyen

Det luktar og ser ut som McDonald's i dei nyopna restaurantane.

Selskapet seier at målet er at gjestene ikkje skal merka forskjell på verken kvalitet eller atmosfære.

McDonald's restaurants reopen in Russia under new name Vkusno & tochka

Det ser ut, og luktar som McDonald's, men menyen på «Vkusno & tochka» er ikkje heilt den same.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Ifølge Reuters var menyen mindre og to særskilde McDonald's-tilbod var borte: Big Mac og Coca-Cola. Brusselskapet har som andre vestlege selskap rømt frå Russland som følgje av den pågåande invasjonen av nabolandet Ukraina.

Øvst er eit bilete av då McDonalds opna i 1990. Biletet under er frå opninga i dag.

Øvst er eit bilete av då McDonald's opna i 1990. Biletet under er frå opninga i dag.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

McDonald's har vore svært populært blant russarane, og det er ofte lange køar. Køen til den gjenopna restauranten på Pushkin-plassen i Moskva var også lang.

Men ifølgje Reuters var køen langt mindre enn då McDonald's opna restauranten i 1990.

Målet er likevel at dei nye restaurantane skal bli like populære.

Alexander Govor (til venstre) klipper snora for den nyopna restauranten i Moskva.

Alexander Govor (til venstre) klipper snora for den nyopna restauranten i Moskva.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Alexander Govor planlegg å opna opp att 200 restaurantar i Russland innan slutten av juni. Han har også som målsetjing at alle dei 850 restaurantane skal vera opne igjen innan slutten av sommaren.

Govor har også sagt at han vil utvida slik at 1000 restaurantar er spreidde utover landet.

SISTE NYTT

Siste nytt