Hopp til innhold

Eit New Zealand i sjokk strammar inn våpenlovene

New Zealands politikarar er einige om strengare våpenlover berre få dagar etter at 50 personar vart skotne og drepne. Samtidig må etterretningstenesta i landet førebu seg på å svare for seg.

Blomster for ofre for moskeangrep i Christchurch

Sorga har vore stor i New Zealand etter at 50 personar vart drepne i eit terrorangrep før helga. Hendinga har sjokkert mange, og no vert våpenlovene stramma inn.

Foto: DAVID MOIR / AFP

– Dette vil til slutt bety at me, innan det er gått ti dagar sidan denne grufulle terrorhendinga, vil ha annonsert reformer som eg trur vil gjere samfunnet vårt tryggare, sa New Zealands statsminister Jacinda Ardern på ein pressekonferanse i dag.

Statsministeren vil ikkje komme med detaljar om endringane, men seier at alle parti stiller seg bak endringsforslaget.

Jacinda Ardern

Statsminister på New Zealand, Jacinda Ardern, har alle partia i parlamentet bak seg når ho no strammar inn våpenlovene.

Foto: DAVID LINTOTT / AFP

Hadde fire våpen

Berre timar etter terrorangrepa førre fredag starta diskusjonen om behovet for strengare våpenlover. Statsminister Ardern har sjølv vore ein pådrivar for dette dei siste dagane, og viste mellom anna til at den sikta terroristen Brenton Tarrant hadde med seg to halvautomatiske våpen og to hagler.

– At han med denne våpenlisensen på lovleg vis skaffa seg alle våpena han brukte, er ein indikasjon på at våpenlovene våre må endrast, sa ho på ein pressekonferanse laurdag.

Historisk sett få skytedrap

På New Zealand har det vore lov å eige fleire våpen om du har ein våpenlisens. Det har vore uvanleg at nokon får avslag når dei søker om ein slik lisens. Den antekne gjerningsmannen, Brenton Tarrant, hadde ein slik lisens, noko som har sjokkert mange på New Zealand dei siste dagane.

NZealand-crime-mosque-shooting

Jakt er ein vanleg aktivitet på New Zealand, og dette har ført til at våpenlovene så langt har vore ganske fleksible. No skal dei strammast inn.

Foto: MARTY MELVILLE / AFP

Historisk sett har det ikkje vore mange skytedrap på New Zealand. Ei oversikt frå FN-organet UNODC viser at det er langt færre skytedrap på New Zealand (0,99 drap per 100.000 innbyggjar i 2014) enn det til dømes er i USA (5,35 drap per 100.000 innbyggjar i 2016).

Dei låge drapstala, kombinert med stor interesse for jakt har ført til at det har vore liten politisk vilje for å endre våpenlovene. Men etter terrorangrepa førre fredag har våpenlovene hamna øvst på prioriteringslista til styresmaktene.

Gjennomgang av etterretningstenesta

I tillegg til strengare våpenlover varslar statsministeren ein gjennomgang av etterretningstenesta sin innsats. Ho meiner ein må sjå på kva etterretningstenesta visste, kva dei burde ha vist, og om det var noko som førte til at etterretningsinformasjon ikkje vart delt slik den skulle.

FILES-NZEALAND-ATTACK-SHOOTING-CRIME-MOSQUE

Brenton Tarrant er sikta for drap på 50 personar.

Foto: MARK MITCHELL / AFP

Etterretningstenesta hadde ikkje klart å kartlegge Brenton Tarrants aktivitet. Australias statsminister Scott Morrison, seier Tarrant tidlegare hadde hylla valdelege kvite nasjonalistar, og vist vilje til å «skape ein atmosfære av frykt» og «framkalle vald» mot muslimar. Mange spør no om kvifor Tarrant ikkje var på radaren til New Zealands etterretningsteneste.

SISTE NYTT

Siste nytt