Hopp til innhold

Eit Finland utan Nokia?

Det finske flaggskipet Nokia byggjer ned og flaggar ut arbeidsplassane sine. I Finland fryktar folk ei framtid utan Nokia, men ekspertane trur på nye industrieventyr.

Nokia i Helsingfors

Nokia har vore sjølve grunnvollen i den finske økonomien. No går det nedover, men ekspertane spår ikkje krise for finsk økonomi.

Foto: MARKKU ULANDER / Afp

Nokia-sponsa russ i Helsingfors

Nokia-sponsa russ i Helsingfors.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Det er natt til første mai. I Helsingfors togar russen gjennom gatene. Ikkje uventa er mange av dei sponsa av landets største selskap, Nokia.

Men den finske hjørnesteinsbedrifta siglar i motvind. Selskapet skal no slanke arbeidsstokken med rundt 6000 tilsette verda over. Arbeidsplassar i Finland blir lagde ned eller flagga ut.

Finnane er redde for at innskrenkinga vil få ringverknader i det finske samfunnet på lang sikt.

Grunnvollen i finsk økonomi

Sjølve kutta uroar ikkje finnane. Dei 1400 ingeniørane som må finne seg noko anna å gjere er attraktive på arbeidsmarknaden og vil lett finne seg nye jobbar.

– Vi snakkar ikkje om skogsarbeidarar som er totalt avhengige av næringa si. Dataingeniørar kan lett hoppe over til ein ny bransje, seier Antti Rinne, leiaren for fagforeininga PRO.

Men Nokia er sjølve grunnvollen i den finske økonomien. Eit industrieventyr som gjorde Finland til eit mønsterbruk når det gjeld kunnskapsbasert industri. Og Finland blir på grunn av Nokia ofte trekt fram som eit land som har brukt høgteknologi til å utvikle ein moderne økonomi.

– Omstart for Finland

No når Nokia har byrja å slite, gjer det folk urolege for framtida, fortel Carl Gustav Lindén. Han er kommentator for Hufvudstadsbladet og skriv på ei doktorgradsoppgåve om dei nordiske mobilgigantane Sony Ericsson og Nokia.

– På mange måtar er dette ein omstart for Finland. Vi veit ikkje heilt kor vi er på veg.

For det er ikkje berre økonomien som er i endring. Det politiske landskapet vart totalt forvandla under valet på ny nasjonalforsamling den 17. april.

Populistpartiet Sannfinnane gjorde eit brakval. Det EU-skeptiske partiet er no det tredje største partiet i Finland, eit land som fram til nyleg har vore blant dei mest EU-venlege i Europa.

Mantraet til partileiar Timo Soini var at han ikkje ville betale nattklubbrekningane til grekarane.

– Noko er i gjære

– Eg vil ikkje dra det so langt som at problema til Nokia har ført til at mange stemte på høgrepopulistane. Men det er klart noko er i gjære i det finske samfunnet, utan at eg heilt kan seie kva det er, seier Lindén

– Eg vel å tru at det vil kome noko positivt ut av all turbulensen, legg han til.

Også fagforeiningsleiar Antti Rinne er optimist med tanke med framtida. Han er ikkje bekymra for at kunnskapsbaserte arbeidsplassar forsvinn til utlandet.

Sjølv om NRK minnar han på at Microsoft no vil ta seg av programvareutviklinga i framtidige Nokiatelefonar, og at mange kunnskapsbaserte arbeidsplassar har forsvunne til Romania. Der har Nokia no sin største forskningspark.

– Signala vi får er at Nokia vil satse i Finland. Dei er villege til å gjere langsiktige investeringar i høgteknologibedrifter som på sikt vil skape nye arbeidsplassar, fortel Rinne.

(Saka held fram etter biletet)

Nokia sitt hovudkvarter i Helsingfors, Finland

I kjølvatnet av Nokia-kollapsen kan det veksa fram nye finske industrieventyr, meiner finansjournalisten Carl Gustav Lindén. Her er Nokia sitt hovudkvarter i Helsingfors, Finland.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

1000 ubrukte patentar

Han trur Finland til slutt vil ende opp med fleire arbeidsplassar enn dei har mista. Og meiner det er to grunnar til det:

For det første har Nokia over 1000 ubrukte patent. Bedrifter som er villige til å hyre inn overtallige Nokiaingeniørar får lov til å nytte seg av desse patenta.

For det andre støttar Nokia åtte forskingsprogram ved universitetet i Jyväskylä og Aalto universitetet i Helsingfors. Her blir det no oppretta hundre nye arbeidsplassar innan forsking og undervisning.

Men om dei nyutdanna ingeniørane frå desse prestisjeinstitusjonane ikkje skal designe mobiltelefonar, kva er det dei då skal satse på?

– Eg meiner at små og mellomstore bedrifter vil sørgje for velstand i Finland i framtida. På same måte som i Tyskland er dette ryggrada i økonomien, og dette er næringar som Nokia ikkje er ein del av, seier kommentator Lindén.

«Angry birds»

Helsingfors, Finland

Sjølv om det er dårlege tider for Nokia, er det andre selskap som har jobbar å tilby til til finske ingeniørar.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Han viser til at bedrifter som antivirusbedrifta F-Secure, heiskonstruktørane Kone og utviklarane av mobilspelet Angry birds gjer det svært godt, om enn i ein mindre skala enn Nokia.

Og når NRK tek turen til Nokias hovudkvarter i Esboo, står dei andre bedriftene i same klynga av glas og stålbygg. På eit skilt står det: «Vi har ikkje Angry birds, men vi har jobbar å tilby».

Fleire kontorbygg vil bli bygd i tida framover, noko som tyder på at den finske økonomien har meir å fare med enn Nokia. Og slik vil det nok dukke opp nye industrieventyr, samtidig som Nokia sakte men sikkert trappar ned.

Men kva det blir, er det ingen som veit.

SISTE NYTT

Siste nytt