Hopp til innhold

Kritikk og kallenamn hagla begge vegar då Le Pen og Macron møttest til siste duell

«Klimahyklar» og «borgarkrig» var berre nokre av dei sterke orda som vart tekne i bruk i den siste debatten før presidentvalet i Frankrike.

zqR0sj6pQiI

Dei to franske presidentkandidatane er begge ivrige i den siste debatten før søndagens andre valrunde.

Foto: Ludovic Marin / AP

– Du risikerer å skape borgarkrig, sa Emmanuel Macron til Marine Le Pen.

Ho vil forby hijab i det offentlege rom, og gjentok dette i den siste debatten mellom dei to presidentkandidatane.

President Macron meiner at eit slikt forbod vil splitte det franske folk, og at det i prinsippet også er eit forbod mot alle religiøse hovudplagg sidan grunnlova legg opp til at alle franskmenn skal bli handsama likt.

Han meiner eit forbod mot hijab vil øydelegge meir enn det vil hjelpe, og at det er betre å jobbe med haldningsskapande arbeid ved moskear og skule.

– Det er veldig alvorleg det du seier, svarte Le Pen på presidenten sin påstand om borgarkrig.

Ho meiner hijab er ein «uniform» som er introdusert av islamistar.

Klønete start for Le Pen

I over to timar forsøkte Le Pen å peike på alt som er gale i Frankrike etter at hennar motstandar, Emmanuel Macron, har styrt i fem år.

Debatten var dei to presidentkandidatane sitt siste forsøk på å overtyde dei franske veljarane. På søndag er det val.

Debatten starta dårleg for Marine Le Pen. Ho starta på sitt første innlegg samtidig som vignettmusikken vart spelt av i studio.

Ho fekk ein ny sjanse, men har gjennom kvelden blitt irritert fleire gonger av motkandidat og president Emmanuel Macron som har snakka i munnen på ho fleire gonger.

Marine Le Pen representerer Nasjonal Samling, som er eit høgreekstremt parti. Hennar motkandidat er Emmanuel Macron frå sentrumspartiet La Republique en Marche!

Sjå kveldens Urix om det franske valet.

  • Om du vil sjå sjølve debatten (utan teksting) kan du trykke her, eller sjå den nedst i denne artikkelen.

Ukraina-krigen

Dei to kandidatane kom tidleg i debatten inn på Ukraina-krigen. Macron viste til at Le Pens parti har fått 9 millionar euro frå ein russisk bank.

– Du er avhengig av russisk makt og Monsieur Putin, sa Macron, og peika på sin motkandidat.

Macron viste til at Le Pen var «ein av dei første europeiske politikarane» som anerkjente annekteringa av Krim i 2014.

Le Pen har blitt kritisert for å vise støtte til Putin før krigen i Ukraina. Ho har dei siste vekene teke avstand, og viste under kveldens debatt fram ei Twitter-melding frå 2014 der ho skreiv at Ukraina skulle vere eit fritt land.

Ho la til at ho ikkje er knytt til Putin på noko vis, og at ho støtta alle sanksjonar mot Russland, utanom dei som handlar om gass og olje, fordi ho meiner det vil skade Frankrike meir enn Russland.

Marine Le Pen tek Russlands president, Vladimir Putin, i handa.

Marine Le Pen har ikkje vore like positiv til Vladimir Putin i denne valkampen som det ho har vore før. Her er eit bilete frå ei gong dei møttest i Russland.

Foto: Mikhail Klimentyev / AP

EU - Le Pens vesle mareritt

Debatten dreia etter kvart over på forholdet til EU. Le Pen har tidlegare vore ein tydeleg motstandar av EU og euroen. Men dette har ikkje vore nokon vinnarsak for henne. Mange analytikarar meiner det var nettopp EU-debatten som førte Macron heilt til topps i 2017.

I årets valkamp har Le Pen tona ned sin EU-kritikk, og dette var Macron oppteken av å pirke borti under kveldens debatt.

– Du vil framleis forlate EU, men du seier det ikkje lenger, sa han til sin motstandar.

Macron viste til viktigheita av å samarbeide med Europa, og viste til vaksinesamarbeidet som eit døme på korleis samarbeid kan skape framgang. Han la til at han har tru på det tysk-franske «ekteskapet».

Macron samanlikna eit EU-medlemskap med å eige ein leilegheit i eit burettslag.

– Du kan bestemme deg for å fikse opp fasaden på det som er ditt, men når ein bur saman med andre så kan du ikkje komme og seie frå ein dag til ein annan at «eg vil ha det slik eller slik fordi mitt namn er Madame Le Pen», sa Macron.

Madame Le Pen slo tilbake.

– Eg forstår at du ønsker å erstatte fransk suverenitet med europeiske suverenitet. Du gjorde det tydeleg ved å erstatte det franske flagget på Triumfbuen, sa Le Pen.

Ho seier at ho ønsker ein omfattande reform av EU, fordi det er mykje ho ikkje likar med unionen. Ho nemner jordbrukspolitikken og arbeidsinnvandring som døme på kva ho synest er problematisk ved EU.

Emannuel Macron knyt neven og står framfor eit EU-flagg.

President Emmanuel Macron er stor tilhengjar av fransk medlemskap i EU.

Foto: SARAH MEYSSONNIER / Reuters

Seinare i debatten fekk ho også snakka meir om innvandring, og kalla innvandringa til Frankrike for «lovlaus og massiv». Ho åtvara også om at radikal islamistar kan påverke Frankrike i ei retning som fører til dårlegare tryggleik og meir terrorisme.

– Eg kjempar ikkje mot islam, som har sin rettmessige plass i Frankrike, eg kjempar mot radikal islam, sa Le Pen.

Kjøpekraft, arbeidsløyse og pensjonsalder

Fleire delar av debatten omhandla fransk økonomi og arbeidsliv. Debatten starta med at dei to kandidatane diskuterte kjøpekrafta til franskmenn.

– Mange franskmenn har mista kjøpekraft dei siste åra, sa Marine Le Pen, vel vitande om at president Macron blir kritisert for å vere ein president for rikfolk.

Le Pen seier at ho vil sette av store summar til å kutte i avgifter, slik at energi, drivstoff og andre naudsynte varer vert billigare for franskmenn. Ho vil også doble støtta til spesielt utsette grupper, slik som handikappa og familiar med berre ein forelder.

– Det er min klare prioritet å gje franskmennene pengane sine tilbake, sa Le Pen.

Macron sa seg einig i at mange franskmenn merker tydeleg at prisane på energi og gass går opp, men syntest Le Pen teikna eit feilaktig bilete av kva regjeringa har gjort.

– Eg såg på valprogrammet ditt og det inneheldt ikkje ordet «arbeidsløyse», sa presidenten.

Macron argumenterte for at det ikkje er eit effektivt tiltak å kutte i avgifter, og at det aller viktigaste var å styrke næringslivet slik at fleire kan komme ut i arbeid, og dermed vere mindre avhengig av statleg støtte.

Ei eldre kvinne koser med katten sin, medan ho ser fransk valkamp på TV-en.

For fem år sidan var det langt over 16 millionar franskmenn som følgde den avgjerande debatten.

Foto: PASCAL POCHARD-CASABIANCA / AFP

Dei to kandidatane var også ueinige om pensjonsalderen, der Macron vil ha pensjonsalderen på 65 år, mens Le Pen vil halde den på mellom 60 og 62 år.

Marine Le Pen kritiserte Macron for at han har gitt franskmenn bonussjekkar for å takle høgare prisar, i staden for å sikre folk høgare løn.

– I det verkelege liv, når du ber om lån i bankane, så ler dei av deg. Dei spør om lønna di, og ler av tilskota du deler ut. Eg føreslår å heve lønningane. Alt du gjer er å dele ut sjekkar, sa Le Pen før ho vart stansa av Macron.

– Det er ikkje slik at presidenten skriv ut lønnsslippar, sa Macron, som meinte Le Pen lova noko ho ikkje vil vere i posisjon til å følge opp.

«Klimaskeptikar» og «klimahyklar»

– Du er ein klimahyklar, sa Le Pen til sin motstandar då klima vart tema.

Ho meiner det er verdas økonomiske system som er hovudproblemet. Varer som blir frakta verda rundt, og varer som blir importert til Frankrike.

Ho hevdar denne importen står for 50 prosent av klimagassutsleppa, og meiner at staten bør ta meir kontroll over matproduksjon.

Ho tok til orde for meir lokalprodusert og kortreist mat, og var også innom dyrevelferd - som ho meiner er eit problem ved industrialisert landbruk, og som er eit tema som ofte kjem i skuggen av andre tema som handlar om natur.

Macron sette merkelappen «klimaskeptikar» på Le Pen.

– Prosjektet ditt er veldig gjennomsiktig. Du er ein klimaskeptikar, sa Macron.

Han viste til at klimagasskutta har blitt dobbelt så store under hans regjeringsperiode. Han sa at han ikkje hadde planar om å bremse opp klimapolitikken sin, og viste mellom anna til at Frankrike bør legge til rette for at fleire skaffar seg el- eller hydrogenbilar.

Dei to kandidatane snakka også om energikjelder. Vindkraftskeptikaren Le Pen fekk kritikk for at ho stort sett berre ville satse på kjernekraft.

– Det er ikkje mogleg. Atomkraftverka som me vedtek i dag vil først stå ferdige i 2035, sa Macron.

Ho slo tilbake mot presidenten og skulda han for at hans private interesser avgjorde kor det skal byggast vindturbinar.

– Du ønsker å sette ut vindturbinar til sjøs og overalt, bortsett frå framfor Le Tourquet, sa Le Pen, og viste til ferieresidensen til Macron.

Le Pen tabba seg meir ut førre gong

Førre gong dei møttest til ein liknande debatt var ved førre val for fem år sidan.

Den gong gjekk det ganske så skeis for Le Pen som stotra og rota masse i papira sine.

– Debatten blei eit nederlag eg betalte ein høg pris for, har ho sagt i ettertid.

Les meir om kveldens debatt: Én av tre franske velgere ventes å se kveldens avgjørende presidentdebatt

Denne gongen var det ein betre førebudd Le Pen som utfordra presidenten.

No har Le Pen vind i segla, for sjølv om ho har eit stykke opp til Macron, så ligg ho langt betre an enn resultatet for fem år sidan.

Tysdag denne veka fekk Macron 55,83 prosent støtte, og det er meir enn ti prosentpoeng mindre enn valresultatet i 2017.

Tekstendring: Omtalen av Nasjonal Samling er endra etter at artikkelen først var ferdig. Det stod at det var eit parti ute på høgresida av fransk politikk, og er endra til at det er eit høgreekstremt parti.

Du kan sjølv følge med på debatten, men den er på fransk, og utan norsk tekst.

SISTE NYTT

Siste nytt