NRK Meny
Normal

Eit år etter Brusselterroren: – Det kunne gått så mykje verre

Ein drosjetabbe berga truleg mange liv da terroren råka Brussel i fjor.

Terrorangrepene i Brussel for ett år siden, var et terrorangrep med tre samordnede eksplosjoner ved Brussel lufthavn og ved metrostasjonen nær Europaparlamentet i Espace Léopold.

Terroren som rysta EU-hovudstaden for eit år sidan. 3 terroristar sprengde seg sjølv i lufta, 32 menneske vart drepne.

William Verstappen

William Verstappen (til høgre), var saman med NRK dei dramatiske dagane etter terrorangrepa. Han har lang erfaring i lokalpolitikken, og seier mange i Belgia fryktar nye terrorangrep. Bildet er tatt ved kontora til nyheitsbyrået Euractiv, som vanlegvis dekker EU-politikk i kommisjonsbygningen som ligg ved sidan av.

Foto: NRK

– Det kunne gått så mykje verre, mimrar NRKs belgiske medhjelpar i påska i fjor, William Verstappen.

Verstappen har arbeidd i Brussel-politikken i over 10 år, og under dei dramatiske påskedagane i fjor, tok han seg tid til å hjelpe NRK navigere Brussel dei kaotiske dagane.

Han fortel at belgiarane framleis slit med å forstå korleis EU-hovudstaden kunne bli forvandla til ein krigssone.

Flyplassen bomba. Metroen ved kommisjonsbygningen bomba.

– Vi trudde aldri noko slikt ville skje oss, fortel han.

Drosjeselskap i sentrum av dramaet

Eit drosjeselskap, Taxi Verts, vart nøkkelen til å rulle opp terrorcella. Og ein tabbe frå same selskap redda mange liv, i følgje den belgiske avisa DH.

Tre gjerningsmenn

Tre gjerningsmenn tok seg inn på flyplassen, men berre to sprengde seg i lufta. Drosjesjåføren kjende igjen mennene på bildet.

Drosjesjåføren som køyrde dei tre terroristane til flyplassen, ana uråd da det dunsta ammoniakk av bagasjen.

Han ringde straks politiet, da eit bilde av dei tre, med kvar si tralle på flyplassen, vart offentleggjort.

Sende feil drosje

I ei leilegheit i bydelen Schaerbeek fann politiet spiker, sprengstoff og eit IS flagg. Dei fann også eit sjølvmordsbrev på ein laptop, som var kasta i ei søppelbøtte på gata utanfor.

Inne i leiligheita fann også politiet ei ferdiglaga sprengladning terroristane ikkje hadde fått med seg.

brussel

NABO TIL BOMBEFABRIKK: Jhon Jairo Valderrama fortel til CNN, NBC og NRK at det var som ein film da politiet raida bygningen til bombefabrikken. Sjølv ante han ingenting om det naboane dreiv med.

Foto: Roger Sevrin Bruland / nrk

Det viste seg at drosjeselskapet hadde misforstått taxibestillinga. Terroristane hadde bedt om ein Maxitaxi, men det som kom var ein mindre bil.

Dei måtte difor sette igjen den siste bomba, og mange liv vart truleg spart, skreiv avisa, La Dernière Heure, for eit år sidan.

– Midt tragedien var dette hell i uhell, fortel Verstappen til NRK.

Terroristane hadde hatt hastverk.

Arrestasjon framskunda angrepa

Dagar før terrorangrepa, arresterte antiterrorpolitiet Salah Abdesalam. Fransk politi hadde knytt han til til dei blodige terrorangrepa i Paris i 2015 ved hjelp av DNA analyse.

Abdeslam

Arrestasjonen av Saleh Abdesalam fekk terroristane til å endre og forsere planane sine.

Foto: HO / Afp

Terrorcella var alt i gang med å førebu ein ny aksjon. Denne gang mot fotball-EM i Frankrike.

Arrestasjonen av Abdesalam skal ha fått terroristane til å velje seg enklare mål på heimebane, skal ein tru vitneavhøyr.

To sprengde seg i lufta ved sikkerheitskontrollen ved flyplassen, og ein i ei t-banevogn.

Resultatet 32 drepne og 340 skadde.

Fokus på Molenbeek

Etter kvart som politiet byrja få kontroll over situasjonen, retta media fokuset mot bydelen Molenbeek. Det som blir kalla Europas «jihadhovudstad».

I Khalil-moskeen fordømte imamen framfor internasjonale medium angrepa som barbariske og feige.

Fredagsbønn i Khalil-moskeen i Molenbeek i Brussel

Under fredagsbøna i Khalilmoskeen. Mange NRK snakka med sørgde over at ei lokal lærarinne vart drepen på metroen.

Foto: Roger Bruland / NRK

Fryktar dei radikaliserte

I dag seier tryggingstenestene i Belgia at radikalisering framleis er ei utfordring.

– Visedirektøren for belgisk sikkerheitsteneste sa i dag det er rundt 600 farlege personar i landet, fortel William Verstappen.

Og belgiske aviser skriv i dag at om lag 3/4 av belgiarane fryktar nye angrep.

Terrorfrykt

Belgiske aviser skriv at rundt 3/4 av belgiarane fryktar nye terrorangrep.

Terrorangrepene i Brussel for ett år siden, var et terrorangrep med tre samordnede eksplosjoner ved Brussel lufthavn og ved metrostasjonen nær Europaparlamentet i Espace Léopold.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt