Hopp til innhold

Einige i natt om gjenopning av Danmark: Full skuledag og 2000 på konsert

Partia i Folketinget vart i natt samde om opninga av Danmark. Frå torsdag får dei yngste barna gå på skule på heiltid. I tillegg blir det løyst opp i dei sosiale restriksjonanen.

Dansk flagg, Dannebrog, utenfor FOlketinget i København.

Dannebrog vaier utanfor Folketinget i København.

Foto: Erik Johansen / NTB

Alle parti i Folketinget, med unntak av Nye Borgeliges fire representantar, stiller seg bak vedtaket om gjenopning.

– Vi har laga ein avtale for gjenopning som tar utgangspunkt i den gode situasjonen vi har i Danmark, seier justisminister Nick Hækkerup frå Socialdemokratiet‎.

For elevane i 5. til 8. klasse, som til no har gått på skule på halv tid, blir det full skuleveke frå torsdag med fysisk oppmøte. Då er heile den danske folkeskulen opna igjen.

Frå 21. mai blir det letter for vidaregåande utdanningar.

Fleire kan komme saman

Den omstridde regelen om at ein må bestille bord minst ein halv time på førehand på barar og spisestadar blir oppheva.

Serveringsstader kan halde ope etter klokka 23 for private arrangement.

Samstundes blir regelen om at private festar må slutte før klokka 23 sløyfa.

Grensa for kor mange som kan vere samla blir heva til 25 innandørs, og til 75 utandørs.

For innandørs idrettsarrangement og treningssenter blir det stilt krav om at deltakarar og tilskodarar kan vise fram koronapass, som er eit bevis på at dei har testa negativt for viruset nyleg, er vaksinerte eller har hatt viruset.

2000 på konsert

På kulturarrangement blir det og krav om koronapass, men då kan opptil 2000 samlast til konsert og andre framsyningar i seksjonar på 500 i kvar.

Konferansar og møteverksemd kan og takast opp att med krav om koronapass og opptil 1000 deltakarar i seksjonar på 500 i kvar.

Midt på natta

Før forhandlingane, som starta måndag kveld, sa fleire partileiarar at opning av barneskulen var ein prioritet.

Etter at avtalen vart kjend, er det nettopp skuleopninga partitoppane trekk fram.

– Det er midt på natta, men avtalen om neste gjenopning er klar. Barna kjem endeleg tilbake på skulen på heiltid, seier Venstre-leiar Jakob Ellemann-Jensen.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt