Det var den greske statsministeren Alexis Tsipras som summerte opp møtet og konkluderte med at han og den tyske forbundskanslaren Angela Merkel er einige om å slutte å bruke stereotypar om kvarandre.
- LES OGSÅ:
– Begge har interesse av samarbeid
Merkel meiner Europa må klare å kome seg forbi bruken av stereotypar, og diskusjon om kven som er «gode og dårlege» medlem av eurosona.
– Me har begge interessa av å bygge eit samarbeid basert på tillit, sa Merkel på ein pressekonferanse etter møtet med Tsipras i kveld.
«Den tyske overmakta», står det på framsida til Der Spiegel, som her er til sals i Aten. Biletet på fronten av det tyske magasinet viser mellom anna forbundskanslar Angela Merkel framfor det kjente greske landemerket, Parthenon-tempelet.
Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / ReutersPå grunn av Merkels klare støtte til å halde fram greske økonomireformer har forbundskanslaren mellom anna måtte tole å bli karikert som ein blodhungrig nazist i Atens gater. Tsipras sa i dag at dette var «ekstremt urettvist for forbundskanslaren og Tyskland».
– Vær så snill, la oss legge desse skuggane frå fortida bak oss, sa Tsipras.
Grekarane har på si side fått høyre at grunnen til at dei har dårleg økonomi er fordi dei er late.
- LES OGSÅ:
Hellas må snart starte nedbetaling av milliardlån
Også retorikken mellom dei to statsleiarane har til tider vore ganske krass, men i dag hadde dei bestemt seg for å grave ned stridsøksa.
– Tyskland ønskjer at den greske økonomien skal veksa og at arbeidsløysa i Hellas skal nedkjempast, sa Merkel på pressekonferansen etter møtet som fann stad i Berlin.
Møtet finn stad samstundes som det er uro for at Hellas skal gå heilt tom for pengar, og dermed ikkje kunne betale ned på si store gjeld. Det er berre få veker att til fristen for å betale landets milliardlån.
- LES OGSÅ:
Tsipras sa på pressekonferansen at den økonomiske reforma som Hellas har vore gjennom dei siste fem åra ikkje akkurat har vore ei suksesshistorie, og at det har fått Hellas ned i kneståande.
Tsipras og hans parti Syriza gjekk til val, og vann, på å få ein slutt på reformene frå EU. Han jobbar framleis med saka, og har førebels ikkje fått til eit gjennomslag i Brussel.