Hopp til innhold

Ein tabbe førte til Berlinmurens fall

BERLIN, TYSKLAND (NRK): Ein tabbe på ein pressekonferanse utløyste dei historiske scenene då Berlinmuren fall for 30 år sidan. Eit spørsmål frå den tyske journalist-legenda Peter Brinkmann endra verdshistoria.

Historiske bilete frå Berlin 9. novmeber 1989

Natt til 10. november 1989 byrja folk å klatre opp på Berlinmuren. Ryktet om pressekonferansen hadde spreidd seg.

Foto: Jørn H. Moen / NTB scanpix

9. november 1989 møter den vesttyske journalisten Peter Brinkmann frå tabloidavisa Bild opp til pressekonferansen tre timar før den byrjar.

Bakteppet var eit regime og eit system som stod for fall. Reformssvoltne austtyskarar marsjerte i gatene med krav om å få forlate landet.

Peter Brinkmann 2019

Peter Brinkmann utanfor lokalet til pressekonferansen i 1989. No er bygningen justisdepartement.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Brinkmann skjønte at noko var i gjære og han ville sikre seg ein stol på fremste rad, fortel han.

– Då kunne eg rope ut spørsmåla mine om dei ikkje ville gje meg mikrofonen, fortel ein smilande Brinkmann til NRK.

Han sit på ein kafe på Potsdamer plass. Der var det ingenmannsland under den kalde krigen.

Sommaren 1989 hadde Austerrike og Ungarn opna grensa slik at austtyskarane kunne flykte frå kommunistdiktaturet via Tsjekkoslovakia og Ungarn til Vest-Europa.

No var grensa til Tsjekkoslovakia stengt, og austtyskarane byrja protestere i gatene med krav om reiseløyve

Da øst-berlinerne en novembernatt for 25 år siden hamret løs på den forhatte muren, og det enda mer forhatte grensepolitiet ikke gjorde noe forsøk på å stanse dem, var det en hendelse som bare måtte komme.Berlinmuren faller.

Da øst-berlinerne en novembernatt for 25 år siden hamret løs på den forhatte muren, og det enda mer forhatte grensepolitiet ikke gjorde noe forsøk på å stanse dem, var det en hendelse som bare måtte komme, Berlinmuren faller.

DDR-leiarane under press

Leiarane i Aust-Tyskland skjønte dei måtte gjere noko for å hindre fullt opprør, fortel Brinkmann:

– Dei snakka ikkje om borgarkrig, men dei skjønte at dei måtte gjere noko for å lette på trykket, fortel han til NRK.

På papiret var det ein smart plan: Folk skulle få lov til å reise, dei måtte berre søke om pass først. Og med tanke på at 95 % av innbyggarane ikkje hadde pass, ville det gå minst seks veker før dei første kunne byrje å reise ut.

Det skulle bli ei fin julegåve frå regimet, og alt skulle skje i ordna former.

Den store tabben

Det var berre eit problem. Mannen som skulle kunngjere det heile, Günter Schabowski, hadde ikkje delteke på møtet. Ikkje hadde han lest pressemeldinga heller, fortel Brinkmann.

– Schabowski var ein mann som ikkje leste meir enn første setninga.

h6gTTQlBzZ4

Günter Schabowski blar i pressemeldinga han ikkje hadde lest medan ei utolmodig verdspresse ventar på svar.

Foto: INA FASSBENDER

Sidan murens fall har dei to reist rundt i Tyskland saman og fortalt denne historia kvart femte år. Dei vart vener og det var mykje latter, fortel Brinkmann.

Men han vedgår at dei to aldri vart heilt samde om kva som eigentleg skjedde på denne skjebnesvangre pressekonferansen. Schabowski døydde i 2015, og sidan er det Brinkmann sin versjon som har overlevd.

Og den er slik:

Sidan Schabowski ikkje hadde lest pressemeldinga, vart han like overraska som journalistane på pressekonferansen. Og i kaoset gløymde han å nemne den viktige detaljen om at alle måtte søke pass.

Frå første benk ropte Brinkmann: – Er dette vedtaket gyldig umiddelbart? Noko ein forfjamsa Schabowski bekrefta.

Peter Brinkmann på pressekonferanse

DDR-korrespondenten for Springer-konsernet, Peter Brinkmann, sit klar på første benk slik at han kan rope ut spørsmål om han ikkje får mikrofonen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men det var feil, fortel Brinkmann:

– Ja, ein kunne umiddelbart byrje å søke om pass, men ein kunne ikkje umiddelbart reise gjennom muren. Men då eg ropte «umiddelbart», så stod det ordet i pressemeldinga, og Schabowski gjorde kjempetabben, fortel Brinkmann.

Han legg til at Schabowski truleg ikkje hadde skjønt konsekvensane av utsegna si. Han gjekk heim og la seg.

1GTe5woCN04

Natt til 10. november 1989 byrja folk å klatre over muren. Dei fekk hjelp av folk frå Vest-Berlin. Ryktet om pressekonferansen hadde spreidd seg.

Foto: Jockel Finck

Menneskeflaum mot muren

Men pressekonferansen var direktesend, og rykte byrja å spreie seg i Aust-Berlin.

Muren var open!

På nokre timar strøymde det ei kolossal folkemengde mot grenseovergangane der dei kravde å sleppe gjennom.

Politiet og hæren hadde fått ordre om ikkje å skyte, så det enda ikkje i blodbad.

– Viss du ser på tv-bileta så er grensevaktene uvæpna, og hæren haldt seg i ro, fortel Brinkmann.

Spørsmålet til Brinkmann, kombinert med ein dårleg førebudd Schabowski, førte til eit vendepunkt i verdshistoria.

Eit knapt år seinare var Aust og Vest-Tyskland foreina, året etter kollapsa Sovjetunionen og den kalde krigen var over.

Yl62EvbbhAs

Brandenburger Tor i 1961. Kommunistregimet byrja bygge ein mur rundt Vest-Berlin, for å hindre at folk reiste over. Væpna soldatar patruljerte muren.

Forbi Checkpoint Charlie

Peter Brinkmann tek NRK med i sin kvite Mercedes til åstaden for pressekonferansen. Vi køyrer forbi Checkpoint Charlie, inn det gamle Aust-Berlin.

Grusvegar er erstatta med asfalt og moderne kafear, og det er ingen stor forskjell på aust og vest lenger.

Vi komne fram til åstaden for den skjebnesvangre pressekonferansen 9. november 1989. No er bygningen blitt Justisdepartement.

Justisdepartementet i Berlin med Peter Brinkmann.

Peter Brinkmann utanfor lokalet for den pressekonferansen i 1989. No er bygningen justisdepartement. Rett over gata hadde Angela Merkel kontoret sitt då ho arbeidde som forskar i Aust-Tyskland, fortel han.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Nokre plakatar er hengt opp for å vise oss at det var her på denne staden at murens fall vart utløyst. Namnet til Peter Brinkmann står på ein av plakatane.

NRK spør om korleis det kjennest – å ha vore med på å endre verdshistoria:

– Det er ein god følelse, svarar Brinkmann, og ser opp mot himmelen.

  • Høyr podkasten om hvordan det har gptt med tyskerne etter murens fall:
  • Les også: Dagsrevyen på 80-talet: De historiske augneblinkane

SISTE NYTT

Siste nytt