Ein person pågripen etter skyting i Canada

Kanadisk politi seier dei har arrestert ein person etter ein skyteepisode i byen Fredericton i New Brunswick aust i Canada. Minst fire personar skal vere døde.

Skyting i Fredericton i Canada

Politiet seier minst fire er drepne i ein skyteepisode i byen Fredericton aust i Canada. Det har førebels kome få opplysingar om kva som har skjedd.

Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

Politiet skriv på Twitter at dei har arrestert ein person mistenkt for drap. Dei har tidlegare sagt at minst fire personar er drepne i skytinga. To av dei skotne var politi.

Laster Twitter-innhold

Dei ber folk framleis om å unngå området der skytinga fann stad. Politiet seier dei kjem til å halde området stengt ei god stund framover, medan dei etterforskar hendinga. Skyteepisoden fann stad i byen Fredericton i delstaten New Brunswick aust i Canada.

Laster kart, vennligst vent...

Ifølgje politiet er minst fire personar drepne i ein skyteepisode i byen Fredericton aust i Canada.

Høyrde fleire skot

Reporter Nick Moore i den lokale TV-stasjonen CTV Atlantic, var på staden. Han fortalde at politiet evakuerte fleire menneske frå området som var stengt av etter skytinga.

Laster Twitter-innhold

Robert DiDiodato, som bur like ved der skytinga fann stad, seier til den kanadiske kringkastaren CBC at han høyrde noko som høyrdest ut som fyrverkeri på morgonen lokal tid.

– Det small i høgt tempo, det kan ha vore skot som blei fyrte av.

Etter nokre minutt høyrde han det igjen.

– No er alle dører låste og alle er innandørs, sa han til kanalen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt