Hopp til innhold

Ein kvart million smitta på eitt døgn, sjukehusa er overfylte

For andre dag på rad sette verda laurdag ny smitterekord. Ein stor del av dei smitta er helsearbeidarar. I USA er sjukehus nær sprengt.

Syke venter på å bli testa i Houston Texas

I Houston i Texas er det så lange køar for å få tatt koronatest, at folk legg seg ned på fortauet utanfor sjukehuset.

Foto: David J. Phillip / AP / NTB Scanpix

Verdas Helseorganisasjon (WHO) registrerte laurdag 259.848 nye tilfelle. Det er det høgaste døgntalet som er registrert så langt under pandemien.

Den tidlegare rekorden var på vel 237.000, og vart sett berre ein dag før, på fredag.

Landa der viruset no spreier seg raskast, er USA, Brasil, India og Sør-Afrika.

Laurdag døydde 7360 menneske, det høgaste talet sidan 10. mai. I juli har dagssnittet vore 4800, ein auke frå juni då det var 4600 per dag.

Ifølgje nettsida Worldometers er 14 millionar menneske verda rundt no smitta av viruset. Dødstalet passerte 600.000 i natt.

10 prosent av smitta er helsearbeidarar

Over 1,3 millionar helsearbeidarar over hele verda er smitta av koronaviruset, opplyser Verdsorganisasjonen for helse WHO. Dei utgjer 10 prosent av alle smitta.

– Legar og sjukepleiarar set ikkje berre eigne liv og eiga helse på spel i kampen mot viruset, men ender ofte opp både fysisk og psykisk utmatta etter månader i strekk med ekstremt stressande arbeid, seier WHO-direktør Tedros Ghebreyesus.

– Vi har alle ei enorm gjeld til helsearbeidarane, seier Tedros.

Helsearbeidarar på United Memorial Medical Center i Houston.

UTSLITNE: I Texas har hæren sendt legeteam til fleire sjukehus for å avlaste utslitne legar og sjukepleiarar. Her snakkar Joseph Varon (i midten), som er direktør ved United Memorial Medical Center i Houston, med lege og major Gadiel Alvarado til høgre, medan major Katy Bessler sjekkar mobilen.

Foto: David J. Phillip / AP / NTB Scanpix

Overfylte sjukehus i USA

Fordi intensiveiningane er fulle, vert mange pasientar som slit med å puste, lagte i respirator på legevakta på sjukehus i USA.

Den nye bølga av koronasmitta sprenger sjukehuskapasiteten mange stader. Nokre stader må pasientar ligge i korridorane med respirator.

Den nesten konstante overvakinga som desse pasientane treng, fører til at helsearbeidarane vert heilt utslitne fordi dei samstundes må ta seg av akutte tilfelle som beinbrot, slag og infeksjonar.

I Texas seier doktor Alison Haddock på Baylor College of Medicine at situasjonen er verre enn under orkanen Harvey i 2017, då store delar av Houston vart sett under vatn i fleire veker. Texas registrerte ny dødsrekord fredag med over 10.000 nye smittetilfelle.

– Eg har aldri sett noko som liknar denne covid-bølga. Vi gjer vårt beste, men vi er ikkje ein intensiveining, seier Haddock, som har arbeidd på legevaktmottak sidan 2007.

Medisinmangel

Ho seier at pasientar må vente i time etter time før dei vert innlagde. Dei som er minst sjuke, må ligge i korridorane for å gje plass til dei sjukaste.

I Seattle-området, der dei første virustilfella i USA dukka opp i februar, strøymer ei ny bølge koronasmitta til legevakta.

I Florida seier sjukehusa at det er desperat mangel på Remdesivir, ein medisin som kan forkorte sjukdommen, slik at pasientar kan skrivast ut tidlegare og gje plass til nye.

Laurdag meldte delstaten Florida om over 10.000 nye smitta og 90 nye dødsfall, medan Missouri sette rekord med 958 nye tilfelle på ein dag. I Arizona vart det meldt om 2742 nye smitta og 147 døde.

60.000 nye tilfelle

I alt var det laurdag registrert 60.027 nye koronasmitta i USA, noko som er 17.000 færre enn dagen før.

I tre dagar på rad registrerte USA stadig nye rekordar for smitte, med ein topp på 77.638 fredag. Onsdag og torsdag var det 67.000 og 68.000 nye tilfelle.

Så langt er det registrert over 3,8 millionar smitta og nesten 143.000 døde av koronaviruset i USA.

Det er særleg i sørstatane og i vest, der ei rekke guvernørar valde å gjenopne delstatane trass i at epidemien ikkje var under kontroll, at det dag for dag vert registrert nye høge tal.

Les og: By med 3,5 millionar stengte etter fire nye koronatilfelle

SISTE NYTT

Siste nytt