NRK Meny
Normal

Ein drepen, mange såra i Teheran

Minst ein person er skoten og drepen i uroa i den iranske hovudstaden Teheran i dag. Mange skal vere såra, melder nyheitsbyrået Fars.

Video – Tåregass og arrestasjonar i Iran

Demonstrantane i Teheran vil vise si støtte opprøret i Egypt og Tunisia, men får ikkje lov.

Fars melder at det var opprørselement som stod bak skytinga, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Ifølgje augevitne er fleire dusin demonstrantar pågripne i dag, melder Kaleme som er nettsida til opposisjonsleiaren Mir Hossein Mousavi.

Sikkerheitsstyrkar har også skote tåregass og paintballkuler inn i folkemengda i Teheran, der fleire tusen har samla seg for å demonstrere, melder nyheitsbyrået AFP.

Demonstrasjon i Teheran

Ein søppelkonteiner i brann i Teheran.

Foto: Ap

Det har også vore trefningar mellom politi og demonstrantar i den sentrale byen Isfahan, den tredje største byen i landet, melder Reuters.

Nokre av demonstrantane ropar «død over diktatoren», medan andre demonstrerar utan å lage bråk.

Støttedemonstrasjon

Demonstrantane ønskte å vise si støtte til det som har skjedd i Egypt. Demonstrasjonane er ikkje godkjende av styresmaktene, og det er ifølgje augevitne utplassert væpna opprørspoliti i gatene.

– Du kan ikkje gå to steg utan å stange inn i nokon frå sikkerheitsstyrkane. Dei er overalt, seier eit vitne til CNN.

Etter at mørket senka seg over Teheran, skal folk ha teke med seg tepper og mat og prøvd å ta seg inn på Azadi-plassen for å overnatte der, melder ein nettstad som kallar seg Tehran Bureau.

BBC melder at gatelyktene vart sløkte, og at sikkerheitsstyrkane brukte slagvåpen mot demonstrantane i mørket.

 Mir Hossein Mousavi og Mehdi Karroubi

Opposisjonsleiarane Mir Hossein Mousavi og Mehdi Karroubi får ikkje lov å vere med i demonstrasjonane.

Foto: Atta Kenare/Behrouz Mehri / Scanpix/AFP
Iranske studentar i India

Iranske studentar i India viser kva dei meiner om leiinga i heimlandet.

Foto: NOAH SEELAM / Afp

I husarrest

Iransk politi skal også ha sperra av inngangen til huset der Mousavi bur. Mousavi skriv at han er i husarrest, og at telefonlinjene er stengde.

Styresmaktene fryktar truleg bråk i Teheran om han deltek i demonstrasjonane, skriv AFP.

Også den andre opposisjonsleiaren, Mehdi Karroubi, som tok initiativ til demonstrasjonane saman med Moussavi, er i husarrest. Den siste veka har ingen fått lov å besøke han.

Dei to søkte om løyve til å arrangere demonstrasjonen til støtte for opprør i arabiske land, men fekk avslag.

Nektar opposisjonen

Mousavi og Marroubi klagar makthavarane i Iran for å vere kjeltringar som brukar religion som påskudd til å halde folket nede.

Iran har offisielt gitt støtte til demonstrasjonane i Egypt og Tunisia, men vil ikkje ha demonstrasjonar i regi av opposisjonen i sitt eige land.

Mousavi og Karroubi meiner president Mahmoud Ahmadinejad vann valet i 2009 på grunn av valfusk. Begge var involverte i demonstrasjonane etter valet . Desse vart stansa på brutalt vis, og fleire opposisjonelle er avretta i etterkant.

Clinton hyllar demonstrasjonane

USA-utanriksminister Hillary Clinton hyllar demonstrasjonane, og ber om at Iran opnar det politiske systemet.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap
Ahmadinejad med tyrkisk besøk

President Mahmoud Amhmadinejad hadde besøk den tyrkiske presidenten Abdullah Gul samtidig som demonstrasjonane pågjekk.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Clinton-støtte

Utanriksministeren i USA, Hillary Clinton, seier måndag kveld at ho hyllar demonstrasjonane i Iran, og ber ifølgje AFP Iran om å opne det politiske systemet, slik som i Egypt.

Iran-president Mahmoud Ahmadinejad har besøk av sin tyrkiske kollega Abdullah Gul, som nyttar høvet til å gi eit råd:

– Når leiarane og statsoverhovud ikkje følgjer krava til folket, vil folket sjølve gjere grep for å få krava oppfylte, seier Gul ifølgje BBC.

Ifølgje BBC-korrespondent James Reynolds i Teheran viser demonstrasjonane i dag at opposisjonen framleis er aktiv i Iran, men at det framleis er uklart om denne kan vere ein reell trussel mot regimet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt