Hopp til innhold

Ein drepen og to skotne i fransk politiaksjon

Ein tollar skal være skoten og drepen og to politimenn skadde under ei husransaking knytt til våpensmugling i Toulon i Frankrike.

Det var i Toulon, ein by sør i Frankrike, litt aust for Marseille, at tollvesen og politi kom for å ransake ein bustad mandag morgon etter mistanke om våpensmugling, ifølge Le Parisien.

Mannen som budde der var utstyrt med ei M16-rifle, og opna eld mot dei.

Ein tollar vart drepen og to politimenn skadde i løpet av aksjonen. Mannen med våpenet vart pågripen, men ein anna mann som skal vere involvert til skal vere på frifot.

Området der dette skjedde, Saint-Jean-du-Var, skal vere avsperra, og innbyggarane er bedne om å halde seg inne.

SISTE NYTT

Siste nytt