Hopp til innhold

Britisk milliardær er knivdrepen

Sir Richard Sutton er erklært død. Ei kvinne i 60-åra, som er anteke å vera kona hans, er i kritisk tilstand.

Sir Richard Sutton

Hotelleigaren, Richard Sutton, blei knivstukken og drepen. Ein 34 år gamal mann er arrestert og mistenkt for drap.

Foto: Privat

Sir Richard Sutton (83) blei erklært død på ein eigedom nær Gillingham i Dorset, sør i England. Ei kvinne i 60-åra, som truleg er kona hans, blei også knivstukken. Ho ligg kritisk skadd på sjukehus.

Forretningsmannen er ein av dei rikaste i Storbritannia. Formuen blei verdsett til 301 millionar pund i Sunday Times Rich List i 2020. Det skriv BBC.

Det tilsvarer rundt 3,5 milliardar norske kroner.

Ein 34 år gamal mann frå Gillingham er arrestert og mistenkt for drap.

Han blei stoppa i eit køyretøy i London, og blei køyrd til sjukehus med skadar som ikkje er antekne å vera livstruande.

Politiet i Dorset har sagt at den arresterte mannen og offera kjende kvarandre. Politiet ynskjer no tips frå folk om dei har sett heller høyrt noko mistenkeleg.

– «Eit utruleg individ»

Sutton, som i fjor blei rekna som den 435 rikaste i Storbritannia, eigde ei rekkje hotell.

Selskapet til forretningsmannen, Sir Richard Sutton Limited, har uttalt seg om hendinga. Dei seier at personalet er knust etter beskjeden om at Sutton er død.

«Sir Richard var ein omsorgsfull, sjenerøs og varm familiemann, som såg på dei som jobba for han som ein del av familien», uttaler selskapet.

Firmaet beskriv han som eit «utruleg individ», og at det råkar alle i selskapet at han no er død.

SISTE NYTT

Siste nytt