Det er politiet i Bangladesh som skuldar eigaren av Rana Plaza, Sohel Rana, for mord. Også 40 andre, deriblant Ranas foreldre og fleire offentleg tilsette, er tiltalte for å ha hatt ei rolle i opptakten til bygningskollapsen.
Bygningskollapsen sette for alvor rettane til arbeidarane i Bangladesh på dagsorden.
Foto: STRDEL / Afp1.137 tilsette ved fabrikken mista livet då bygningen raste saman i april 2013. Det skjedde berre ein dag etter at det vart oppdaga sprekkar i bygningen veggar. Men på grunn av tidspress fekk arbeidarane ordre om å gå tilbake på jobb, og om dei ikkje følgde ordre, så ville dei miste jobben.
Difor var det mange tusen menneske i bygningen då den raste saman.
- LES OGSÅ:
Hendinga førte til at det vart sett fokus på rettane til arbeidarar i Bangladesh og andre sørasiatiske land. Låge lønningar, kummerlege arbeidstilhøve og lange skift var berre noko av det kritikken handla om.
220 fabrikkar har blitt stengd etter Rana Plaza-ulukka, noko som også har ført til at 150.000 jobbar er tapte. Det viser tal frå Transparency International.
- LES OGSÅ:
Så langt har ingen blitt straffa for det som har blitt kalla «eit massemord». Men i dag vart det kjent at dei 41 tiltalte vil møte i retten tiltalte for mord. Om dei vert dømde for drap, så vil straffa kunne bli ein dødsdom.
Tiltalen var i utgangspunktet mildare, og straffa kunne ha blitt maksimum sju år. Men på grunn av den alvorlege ulukka, som er den verste fabrikkulukka nokon gong, så vart også tiltalen strengare.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: