Hopp til innhold

Eigarane i dekning etter bygningskollapsen i Bangladesh

Talet på omkomne etter bygningskollapsen i Bangladesh i går har no kome opp i over 200. Eigarane har gått i dekning for politiet.

Bygningskollaps i Bangladesh.

Det vart torsdag morgon enno henta ut overlevande frå ruinane av den samanraste bygningen.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Samstundes aukar kritikken mot vestlege merkevareselskap for deira rolle i tekstilindustrien i landet.

Bygningen Rana Plaza, som raste saman onsdag morgon i Savar-området like utanfor Dhaka, inneheldt ikkje mindre enn fire tekstilfabrikkar. Fleire av fabrikkane leverer klede til den europeiske marknaden.

Bygningskollaps i Bangladesh.

Denne jenta vart berga ut av ruinane torsdag morgon.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Det kan ha vore så mange som 2000 menneske inne i bygningen då han kollapsa, og det er venta at talet på omkomne vil stige ytterlegare. Over 1000 menneske er rapporterte som skadde. Dei fleste offera er kvinner som jobba på tekstilfabrikkane i bygningen.

– Tilbake med tvang

Det har vekt sterke reaksjonar at overlevande har fortalt at bygningen vart evakuert natt til onsdag fordi det var funne ein eller fleire sprekkar i ein vegg, men at dei seinare vart tvungne inn igjen av sjefane sine.

Redningsarbeidet har halde på for fullt i heile natt og utover dagen. I dag tidleg norsk tid vart det meldt at det vart høyrt rop inne i den samanraste bygningen, og redningsarbeidarar meiner det er framleis håp om å finne folk i live.

Ved sida av dei fire konfeksjonsfabrikkane inneheldt bygningen også ein bank, fleire butikkar og mange husvære.

Redningsarbeidet er svært vanskeleg. Fordi det enno er menneske i live inne i ruinane blir det ikkje brukt store maskinar. Det blir brukt vinkelsliparar og andre mindre maskinar til å bryte seg gjennom betongkaoset.

LES OGSÅ: Er forbrukerne virkelig maktesløse?

LES OGSÅ: 152 omkomne etter at åtte-etasjars bygning kollapsa i Bangladesh

Bygningskollaps i Bangladesh.

Redningsarbeidet held fram for fullt over eitt døgn etter bygningskollapsen.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Sterke reaksjonar

Bygningskollapsen i Bangladesh har vekt sterke reaksjonar over heile verda.

Bygningskollaps i Savar i Bangladesh.

Øydeleggingane etter kollapsen er enorme.

Foto: A.M. Ahad / Ap

Organisasjonen Clean Clothes Campaign (CCC), der blant andre norske Framtiden i våre hender er med, består av 250 ulike organisasjonar som kjempar for betre forhold for tekstilarbeidarar i blant anna Bangladesh.

Organisasjonen har engasjert seg i dette arbeidet i samarbeid med blant anna fagforeiningar i Bangladesh, men det er tungt å nå fram. Styresmaktene lovar at dei vil ta problemet på alvor, og mange meiner at politisk korrupsjon på fleire plan gjer det vanskeleg å handheve lovene.

CCC opplyser at kjende klesmerke som britiske Primark og danske Texman kjøper klede frå fabrikkar som heldt til i Rana Plaza. Spanske Mango nektar for at nokon av deira leverandørar var innblanda.

LES OGSÅ: Merkevaregiganter linkes til fabrikkollaps i Bangladesh

LES OGSÅ: – Et skikkelig gjennombrudd

– Tryggleik ikkje prioritert

– Denne siste ulukka i Bangladesh er symptomatisk for problema i landet. Det viser at merkevareselskapa ikkje har gjort tryggleik til eit prioritert området. Dei veit kva som må gjerast, men dei gjer det ikkje, seier Tesssel Pauli, talskvinne for CCC, til nyheitsbyrået AFP.

Det britiske lågprisselskapet Primark har sendt ut ei pressemelding der dei uttrykkjer sjokk over det som har sendt, og sender sine kondolansar til alle involverte.

24 år gamle Mousimi, som arbeider ved ein av fabrikkane i bygningen, var ei av dei som overlevde kollapsen.

– Sjefane våre tvang oss inn i bygningen igjen, og berre ein time seinare kollapsa alt rundt oss med eit forferdeleg brak, sa ho like etter at ho vart berga ut av ruinane.

Bangladesh Building Collapse

Ei kvinne blir boren ut av den samanraste bygningen onsdag ettermiddag.

Foto: A.M. Ahad / Ap

Sikta for aktlaust drap

Den lokale politisjefen, M. Asaduzzaman opplyser at det er reist sak mot eigaren av bygningen, ein tenestemann i regjeringspartiet i landet, og eigarane av fabrikkane der. Dei blir sikta for aktlaust drap.

Det er forbode å byggje så høge bygningar i dette området fordi grunnforholda er usikre. Likevel har eigarane bygd på både dette bygget og andre i same området, trass i at det er klare brot på bygningslova.

Mustafizur Rahman er sjef for den avdelinga i politiet som arbeider med industrisaker. Han seier at dei undersøkte sprekkane i bygningen tysdag kveld, og at dei gav ordre om full evakuering og forbod mot å ta bygningen i bruk igjen.

Eigarar i dekning

Rahman seier at dei ignorerte påbodet, og at dei no har gått i dekning for politiet.

– Etter å ha sett på sprekkane tysdag gav vi ordre om at heile bygningen måtte haldast stengt. Dei brydde seg ikkje om påbodet, seier han til AFP.

Sjefen for brannvesenet i Bangladesh, Ahmed Ali, seier at bygningen vart flat som ei pannekake i løpet av få minutt, og at berre eit fåtal av dei som var inne greidde å kome seg ut i tide.

Abdul Halim arbeider for teknisk etat i Savar. Han seier at eigaren av bygningen opphavleg hadde fått løyve til å byggje fem etasjar, men at dei øvste tre etasjane var sette opp ulovleg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt