Hopp til innhold

Rapport: Eiffeltårnet rustar, treng full overhaling

Ein av dei mest populære turistattraksjonane i verda er full av rust. Men den einaste hjelpa Eiffeltårnet får, er nok eit lag med måling.

Eiffeltårnet

ETTERTRAKTET: Eiffeltårnet er eit svært populært turistmål.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Turistane står i kø ved Eiffeltårnet. Rundt 6 millionar menneske besøkjer tårnet kvart einaste år.

Men det dei kanskje ikkje ser, er at tårnet er i svært dårleg forfatning. Det er fullt av rust, ifølgje ein hemmelegstempla rapport som det franske magasinet «Marianne» omtalar.

Det er nyheitsbyrået Reuters som melder dette. Tårnet treng full overhaling, ifølgje rapporten.

Eiffeltårnet blei bygd til Verdsutstillinga i Paris i 1889. Jobben tok berre 21 månader. Det 324 meter høge tårnet (medrekna antenna på toppen) er bygd i smijern, og er konstruert av den franske ingeniøren Gustave Eiffel.

Det var det høgaste byggverket i verda fram til 1930.

Eiffeltårnet

Eiffeltårnet blei opna 15. mai 1889. I 2019, 130 år seinare, blei jubileet feira med lys og fargar.

Foto: Christophe Ena / AP

– Ville fått hjarteinfarkt

– Hadde Gustave Eiffel besøkt staden no, ville han fått hjarteinfarkt, seier ein ikkje namngitt leiar i tårnet til «Marianne».

Selskapet som har driftsansvaret for Eiffeltårnet, Societe d'Exploitation de la Tour Eiffel, har førebels ikkje kommentert rapporten. Men generelt prøver selskapet å unngå stenging fordi det vil gå kraftig ut over turistinntektene.

En besøkende ser utover Paris fra Eiffeltårnet, som har vært stengt i 140 dager

Utsikt frå Eiffeltårnet.

Foto: Thibault Camus / AP

Nymåla til OL

Full reparasjon av tårnet blir det altså ikkje i denne omgang, men eit nytt strok med måling skal det få. Prislappen er på vel 600 millionar kroner, og dette er 20. gong tårnet vil stå fram som nymåla.

Oppussinga er ein del av førebuingane til dei 33. olympiske sommarleikane, som skal arrangerast i Paris i perioden 26. juli til 11. august 2024.

Ekspertar seier til «Marianne» at dette berre blir ei kosmetisk ansiktsløfting, og dei fryktar at sluttresultatet blir lite å skryte av.

Eiffeltårnet åpner igjen fredag med redusert kapasitet etter å ha vært stengt i ni måneder på grunn av koronapandemien.

Eiffeltårnet opna igjen 16. juli 2021 etter å ha vore stengt i ni månader på grunn av koronapandemien. Det var den lengste perioden med stengt tårn sidan andre verdskrig.

Foto: Lewis Joly / AP

Forverre problema

Dei meiner at måling over gammal måling berre vil gjere rustskadane verre.

Ifølgje avisa The Guardian har fleire rapportar, heilt tilbake til 2010, påpeikt behovet for grundigare tiltak for å unngå rust.

Ein rapport frå 2014, laga av selskapet Expiris, viste at tårnet hadde sprekker av rust, og at berre 10 prosent av den nyare målinga festa seg til strukturen.

Kunst i Eiffeltårnet, Klimatoppmøte i Paris, klimaendringer

Kunstverket «Earth Crisis» av amerikanske Shepard Fairey hang i Eiffeltårnet under klimatoppmøtet i Paris i 2015.

Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

Leiaren for Expiris, Bernard Giovannoni, seier følgjande til «Marianne»:

– Eg har arbeidd med tårnet i fleire år. I 2014 vurderte eg at det hasta å handtere rustproblema. Mi tilråding var å slipe ned all måling, og måle tårnet på nytt.

Men ein annan ekspert seier at dei originale laga med måling framleis er solide.

Mens ekspertar og folk flest held fram diskusjonane, er det i alle fall klart at det kjem ny måling på tårnet til OL.

SISTE NYTT

Siste nytt