NRK Meny
Normal

Ei søt og farleg kjensle

Vi lever i ein epoke med høgkonjunktur for nostalgi. Nå er det jul, og kurven stig enda litt høgare i vårt fagre fedreland.

Juletre
Foto: Rainer Prang / NRK

 

Nostalgien hindrar oss i å leva her og nå, blir vi åtvara om. Samtidig er nostalgi som små søte drops – og kan da ikkje skade i mindre doser?

Det tapte landskapet

Når eg syklar til jobben – og det har eg gjort lenge denne altfor varme hausten - kjem eg frå ein kant som gjer det raskare for meg å bruke ein annan inngang enn radio-resepsjonen i NRK i Oslo. Da vandrar eg opp etasjane i ei vakker, brei marmortrapp, langs ein glasvegg dekorert med stjerneteikn. Så går eg over takterrassen, er eg heldig får eg ein raud morgonhimmel midt imot.

Og akkurat i desse dagar kan ein flik av nostalgi på forskot ta eit tak – for etter nyttår skal vi over i kontorlandskap, i ei anna og nyare fløy, som så visst ikkje husar funkis og marmortrapper. Eg kjem til å lengte til det gamle og kjære landskapet.

Eg lengtar heim. Eg lengtar same kvar eg er – men ei til menneske!

Eg lengtar etter engene, eg lengtar etter steinane der som barn eg leika, skriv diktaren Werner von Heidenstam.

Dødeleg sjukdom

I nostalgiens urtid var nostalgi det same som sjukeleg heimlengt. I 1678 skapte ein medisinstudent sjukdomen nostalgi av dei greske orda nostos, heimkome, og algos, smerte. Denne sjukelege lengten etter å vende heim kunne få dødeleg utgang. Spesielt utsette var unge gutar som vart sende på militærteneste, og unge jenter som måtte flytte heimanfrå og tene hos andre.

Rettshistoria fortel om tilfelle der desse unge jentene tende på huset eller drap barnet dei skulle passe, og at dei faktisk vart frikjende fordi dei var ramma av nostalgi, ein heimlengt så sterk at dei ikkje var tilreknelege.

Dyrka og avskydd

Så gjekk sjukdomen nostalgi av moten. På midten av 1800-talet hevda ein tysk lege at nostalgi er ei kjensle som ikkje opptrer hos intelligente, aktive menneske.

For 1800-talet stilte store krav til endringsevne, og framelska det fornuftige og nøkterne.

Nostalgien endra seg frå ein medisinsk diagnose til eit sosialt symptom.

For kjensla lever – og blir dyrka – eller avskydd.

Både litteratar, sosiologar og idehistorikarar interesserer seg for nostalgi, og oppfordrar oss til å forstå kjensla – ikkje rakke ned på henne som mange på venstresida blir påstått å gjera, hjarte-hypokondri blir da eit treffande ord, og heller ikkje bukke under for henne, slik mange på høgresida blir påstått å gjera.

Blømer i krisetider

Nostalgi er ein forsvarsmekanisme som særleg dukkar opp i tider da livsrytmen aukar, i overgangsfaser, i krisetilstander og oppbrot.

Det er eit kollektivt eller personleg sug etter fenomen som var – til og med etter dinosaurar!

Nostalgi er minne – men kva slags minne?

Det er det kjensleladde minnet, eit stemningsleie som oftast er utløyst av noko ytre: eit fotografi, ein ting, ein ange, ein melodi.

Forfattaren Doris Lessing fortalte i eit intervju eg hadde med henne for nokre år tilbake at ho i ein periode i livet lytta mykje på blues-musikk, inntil ho kjende at det svekka hennar evne til å leva nå.

Nostalgi kan vera fylt av sødme, men også av uklar og sugande melankoli.

Nostalgi er avstandsromantikk. Minnet om lykka overgår det som virkeleg skjedde. Forfattaren Marcel Proust seier: ”Dei virkelege paradisa er dei paradisa vi har mista.”

Da ligg den ureflekterte konservatismen snublande nær, skriv den svenske idehistorikaren Karin Johannisson i ei særdeles velskriven bok om nostalgi.

Tida tilslører

Kor lang tid må det gå før vi kan kalle det nostalgi? Tjue til tretti år – først da blir eit mønster synleg og nostalgi mogleg, meiner Karin Johannisson.

NRK-serien ”Tilbake til 80-talet” fell innanfor den tidsramma, og har henta mange sjåarar – vi vil bla i eit tidsalbum, gjenoppleva hendingar og møte igjen folk, vi er nysgjerrige, og vi er også nostalgiske.

Populærkulturen – film,mote, musikk – veit å slå mynt på nostalgien, fortida kan da bli farleg banal og klissete.

For i nostalgien lurer alltid det falske og forfalskinga, hevdar Karin Johannisson.

Men er det sant når ein bevisst flaggar nostalgien?

Vi er altså inne i nostalgiens glanstid. Jul. La oss ikkje falle i nostalgisk transe, men glede oss over dei vi har og det vi har, her og nå. Om det er nostalgi at eg kvar jul lengtar heim – til der som barn eg leika – er det neppe alvorleg, og ikkje det spor melankolsk. Eller?

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt