Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Ei høne frå Beijing

Eg har aldri sett på meg sjølv som ei hønemor, men no har det skjedd. Det måtte ekstremver til for at eg skulle omfamna grinebitaren Doris.

Hønemor og høne

KJÆLEDYR: For mange kinesarar er strigla kjæledyr eit statussymbol, men høner kjem ikkje inn i den kategorien.

Foto: Lykke L. Strømmen

La meg først introdusera hovudfiguren i denne historia. Ho heiter Doris og er ei svart høne frå Beijing. Ho oppfører seg deretter.

Folk som er frå hovudstaden og kan pryda seg med stamtavle herifrå er liksom litt meir staselege enn andre.

Dei er trass alt frå sentrum av Midtens Rike, frå keisarens by. Stolt slår dei seg på brystet og utropar 我是老北京, wo shi lao beijing: Eg er ekte beijinger.

Då eg først møtte henne var ho sjef. Dei tre hønene ho delte hønsegard med kom frå ein annan provins, og måtte ver så god stilla seg bak i køen.

Doris var alltid først til matfatet, og refsa dei andre om dei prøvde seg på å gå forbi henne.

Doris

DRESSUR: Doris har ikkje vore den lettaste høna å dressera

Foto: Kjersti Strømmen

DRESSUR: Doris har ikkje vore den lettaste høna å dressera

Foto: Kjersti Strømmen

Spesiell

Ho blei først funnen av sine tidlegare eigarar på ein utandørs matmarknad i Beijing. Slike er no stengde, til fordel for kjøpesenter.

– Denne høna var eksepsjonell, blei dei fortalt. Ho la nemleg svære grøne egg.

Doris var altså ei veldig spesiell utgåve av arten.

Det forstod me også, men for vår del var det ikkje eit kompliment.

Me kalla henne Doris, fordi ho likna på den fæle tanta i barnefilmen «Gilberts grusomme hemn».

Tanta i denne filmen var utspekulert og full av vondskap i forsøket på å bli midtpunkt i nevøen sitt liv.

Me fekk Doris og flokken på kjøpet då me overtok bruken av eit gamalt gardshus oppi fjella i Beijing.

Fjellheimen, Beijing

FJELLHEIMEN: Sjølv om Doris var byjente har ho hatt mesteparten av livet i ein landsby på fjellet og har hatt denne utsikten

Foto: Kjersti Strømmen

FJELLHEIMEN: Sjølv om Doris var byjente har ho hatt mesteparten av livet i ein landsby på fjellet og har hatt denne utsikten

Foto: Kjersti Strømmen

Livserfaring

Det viste seg, merkverdig nok, at Doris også var namnet dei første eigarane hadde gitt henne.

Deira teori på at ho var stri, var hennar livserfaring.

Vaktmeisteren som såg til eigedomen meinte nemleg at desse hønene ikkje var like hardføre som dei som var fødde på fjellet, og at dei ville kunne frysa i hel om vinteren.

Når det blei kaldt, blei Doris og dei andre hønene difor parkert i låglandet, i bakgarden til ein restaurant i Beijing. Her måtte flokken dela heim med flust av andre høner.

Når dei blei henta igjen var dei andre forsvunne. Berre Doris var att.

Det var då ho skal ha blitt så slem. Teorien er at ho måtte kjempa seg fram i ein flokk der ho som ny hadde fått lav rang.

Doris fekk nye sambuarar. Dei tre gylne kom med toget heilt frå Jiangsu, og hadde ingenting dei skulle ha sagt.

Økologiske egg frå eigen hønsegård

ØKOLOGISK: Egg frå eigen hønsegård er luksus

Foto: Kjersti Strømmen

ØKOLOGISK: Egg frå eigen hønsegård er luksus

Foto: Kjersti Strømmen

Skvetten

Eg må seia at eg ikkje hadde noko forhold til hønene i byrjinga. For min del kunne me ha slakta dei for vinteren og hatt gode middagar, i staden for å leita etter ein ny heim til dei kvar vinter.

Den planen kunne eg berre gløyma. Dottera mi, som då var ni, vart rasande og spurte om eg verkeleg hadde tenkt å eta venene våre.

Doris var ikkje favoritten. Ho var litt for skummel til det. Det var dei tre gylne, Janne, Josefine og Johanne som fekk merksemd.

Dei fekk koma ut av hønsegarden og blei trena til å balansera og gjera andre kunster. Bortsett frå Josefine, for ho var for skvetten til leik.

Ho rømte inn i huset og skeit på golvet.

Foreldra til ei jente som ofte kom på besøk kommenterte at det var som å sjå eit eventyr av Astrid Lindgren då ungane pludra og leikte med hønene.

Eg var ikkje like begeistra, for hønene sparka opp både blomebed og plen, så eg let dei berre vera ute med tilsyn.

Høne som kjæledyr

LEIK: Dei gylne hønene våre har vore populære leikekamerater

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

LEIK: Dei gylne hønene våre har vore populære leikekamerater

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Ubrukelege

Egga til frukost klaga eg ikkje over. Flotte, smakfulle og med sterke oransje plommer. Bortsett frå Doris sine egg. Dei store grøne som var hennar spesialitet såg me aldri noko til.

Egga hennar har, så lenge eg har kjend henne, vore små og ubrukelege, med ei merkverdig grugge inni skalet.

Ekle, må eg innrømma.

Det første året me hadde fått hønene i fanget, var det svært utfordrande å finna ein egna vinterheim til dei.

I rein desperasjon oppfordra eg mi mor til å ha dei utanfor sitt værelse. Ho budde då saman med oss og hadde solrik balkong, men ho såg ikkje fordelen med å vakna til kaklande høns.

Feite

Då inviterte min kollega hønene til å bu på kontorbalkongen. Det gjekk ikkje mange dagane før ho angra seg djupt.

Til slutt forbarma ei venninne seg over oss og let dei bu på ein eigedom ho hadde på landet, med eigen vaktmester.

Han var perfekt til jobben. Då me kom og henta dei om våren var det som om dei hadde vore på spa, med nydelege glansfulle fjør, og feite var dei.

Den tredje sommaren døydde to av dei gylne på mystisk vis når me var borte, så no var det berre Doris og Janne igjen.

Dei såg ut til å finna tonen dei to, og roa senka seg over hønsegarden.

På tur med fuglane

PÅ TUR: Det finst andre som har eksotiske kjæledyr. Eg traff på denne karen i Beijing då han var ute og lufta gåsa og fuglane han har i bur.

Foto: Kjersti Strømmen

PÅ TUR: Det finst andre som har eksotiske kjæledyr. Eg traff på denne karen i Beijing då han var ute og lufta gåsa og fuglane han har i bur.

Foto: Kjersti Strømmen

Flaum

I sommar fekk eg eit forvarsel om at ting skulle endra seg.

Me hadde reist til ein annan kant av landet på ferie, for å koma unna vekevis med regn i Beijing.

Då fekk eg tilsendt eit bilete frå vaktmeisteren. Skjelpadda vår hadde merkverdig nok tatt seg inn i hønsegarden.

Truleg kjente den seg tryggare der i lyn og torden, men eg var ikkje sikker på at Doris ønskte den velkommen.

Den vesle fiskedammen vår var altså gått over sine bredder. Det var blitt flaum i fjell-landsbyen.

Dei store vassmassane som råka Kina i sommar skapte større dramatikk enn dette, ikkje minst i byen Zhengzhou, der det til vanleg aldri regner.

Passasjerar på T-banen klamra seg fast inne i vognene medan vatnet fossa inn og steig høgare og høgare.

Eg kan nesten ikkje tenka meg ein meir panikkarta situasjon. Fjorten av dei tre hundre ofra for flaumen i Zhengzhou døydde på T-banen.

Ekstremvêr

I Beijing tok flaumen livet av 37 menneske. Det skal ikkje ha regna så mykje på 60 år i hovudstaden.

Det var dette ekstremvêret som gjorde at eg no kom tettare på hønene.

Eit lite opphald i striregnet gjorde det mogleg å reisa opp på fjellet, men me kom til lekkasjer over alt.

Det hadde vore så vått at det no vaks sopp oppunder taket, og hos naboane hadde ein slange slått seg til i dørkarmen.

Eg kikka inn til hønene og såg at matfatet var fullt.

Det var først etter eit par dagar at eg forstod at Doris skranta. Ho kom ikkje springande då eg la inn grønsaker, og ho såg pjusk ut.

Då saumfarte eg hønsegarden og såg at foret under det øvste laget var kliss vått. Det hadde regna rett inn og foret var blitt surt i varmen. Var ho blitt forgifta?

Eg sprang til naboane og dei visste råd.

– Ho er sikkert blitt forkjølt. Det blir dei gjerne når det er vått så lenge, meinte ein, og kom med medisin.

Doris og venn

VENER: Det er godt med gode vener i nabolaget når det er krise og ein treng ekspertise på tvangsfori

Foto: Kjersti Strømmen

VENER: Det er godt med gode vener i nabolaget når det er krise og ein treng ekspertise på tvangsfori

Foto: Kjersti Strømmen

Kampestein

Ein annan nabo sa at Doris nok hadde fått diarésjuka, og at eg måtte forsøke å gje henne medisin for det, næringsrik mat og vatn.

Å reisa til dyrlegen var verre. Landsbyen stengde portane for Deltavarianten av Covid hadde nådd 35 kinesiske byar, og Beijing hadde fått fire tilfelle.

Reiste me ut med høna, kom me ikkje inn igjen i landsbyen.

Vatnet hadde dessutan ført til ras og vegen var no sperra av kampestein.

Det heldt fram med å pøsa ned.

Morgon, middag og kveld tvangsfôra eg Doris fordi ho ikkje åt sjølv, og når skiten kom ut, kunne ho jo ikkje sitja i den.

Då måtte eg vaska bakenden, og føna henne.

Steinras Beijing

STEINRAS: Flaumen førte til at kampesteinar raste ned frå fjellet og stengde vegen

Foto: Privat

STEINRAS: Flaumen førte til at kampesteinar raste ned frå fjellet og stengde vegen

Foto: Privat

Ein baby

Dottera mi såg på meg med undring der eg tulla høna inn i eit handkle og behandla Doris som ein baby.

Medan ho er blitt tenåring og for lengst er ferdig med å leika med høner, er det framleis ikkje aktuelt å eta dei.

No meinte ho likevel at det gjekk over alle støvelskaft. Ho blei reint arg over at eg ikkje hadde tid til å spela kort, eller sjå på film som eg hadde lova.

Men hallo, eg måtte jo ta meg av høna.

Ein gong fekk Doris bli med på å spela monopol, og ein gong fekk ho bli med på å sjå film, men det var nok for tenåringen.

Enkelte dagar var gode. Då sat Doris i sola og skein med blanke fjør og lente hovudet mot brystet mitt. Andre dagar hang ho med nebbet.

Betre blei ho uansett ikkje.

Korrespondent og høne

HØNEMOR: Det måtte ekstremver til for at eg skulle få sansen for grinebiteren Doris.

Foto: LYKKE L. STRØMMEN

HØNEMOR: Det måtte ekstremver til for at eg skulle få sansen for grinebiteren Doris.

Foto: LYKKE L. STRØMMEN

Dyrlegen

Då eg endeleg fekk tatt henne til dyrlegen, var eg blitt internett-ekspert på hønesjukdomar. Som legar flest meinte veterinæren at teoriane mine var tullete.

Dette var neppe smittsamt, sa han, men Doris var ikkje sterk nok til at han ville ta blodprøve. Kanskje like greitt, for ei slik prøve ville kosta sju hundre kroner.

Ute på gangen stod det folk med dresserte hundar, friserte kattar, og kvitrande fuglar. Ei kvinne bar på ei død kanin.

Ho gret, for livredning var ikkje mogleg.

Eg hadde nettopp vore i Guizhou-provinsen der hundekjøt står på menyen når det er fest, men det er ikkje vanleg i Beijing. Her er kjæledyr ofte statussymbol.

Grilla hund

DELIKATESSE: Grilla hund er festmat i deler av Kina, her i Guizhou

Foto: Kjersti Strømmen

DELIKATESSE: Grilla hund er festmat i deler av Kina, her i Guizhou

Foto: Kjersti Strømmen

– Vakker

Høner kjem ikkje inn i den kategorien, men Doris fekk ein haug med skryt av dei tilsette for sine flotte svarte fjør. Sjå så vakker ho er!

Eg blei utstyrt med vitaminsprøyter og andre medisinar, og så var det på an igjen med heimepleie.

Tilbake i landsbyen flirte naboane godt av meg som brukte så mykje tid og krefter på ei ti år gamal høne.

– Legg ho egg?

– Nei, det har ho aldri gjort så lenge me har hatt henne.

– Kok suppe på henne, nærmast runga det ut gjennom nabolaget.

Det blei ein ny tur til dyrlegen.

Vakre Doris

VAKKER: Doris fekk kompliment for at ho var vakker

Foto: Kjersti Strømmen

VAKKER: Doris fekk kompliment for at ho var vakker

Foto: Kjersti Strømmen

Hønemor

Denne gongen sat det ei kvinne med ein liten kanarifugl i bur på venterommet.

Ho sperra opp auga då ho såg at eg hadde med meg ei høne. Då tok eg Doris på fanget og klappa henne, like stolt som ein hane.

No konkluderte dyrlegen med at Doris neppe kom til å kunne gå igjen, men det fanst ein siste utveg eg kunne prøva: Akupunktur.

Han meinte det ville ta tid, men til tider gjorde det underverk.

Der gjekk grensa for meg.

Vel ville eg hjelpa den gamle grinebitaren Doris til eit lengre liv, og no hadde eg blitt glad i henne. Men, å ha høna pleietrengande i heimen og valfarta til akupunktøren i ein travel kvardag, det gjekk ikkje opp.

Eg hadde aldri trudd at eg skulle felle ei tåre for ei høne, men no gjorde eg det.

Då blei det farvel, men Doris blei aldri til suppe. Sidan det finst ein lokal kristen familie i landsbyen, kunne eg forsvara at ho fekk seg ei grav, pryda med eit lite trekors.

Hilsen hønemor.

Gravplass for ei høne

GRAVPLASS: Doris blei ikkje til suppe, men fekk seg ein gravplass i hagen

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

GRAVPLASS: Doris blei ikkje til suppe, men fekk seg ein gravplass i hagen

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt