Gir alt for Noreg i Romania

I 1980 besøkte kommunistdiktator Nicolae Ceausescu Oslo. På sida hadde han ei ung jente som tolk. NRK har besøkt Romania for å sjå korleis det gjekk med tolken til diktatoren.

Sanda Tomescu

Sanda Tomescu (til høgre) tolkar for presidenten i Romania Nicolae Ceausescu og kona Elena. Odvar Nordli til venstre i bildet.

Foto: Nedrås, Knut / NTB scanpix

Det er semesterstart for bachelorstudentane i norsk ved universitetet i Cluj, eit av dei største universiteta i Romania.

Studentane sit lydig bak pultane og helsar på professoren i kor. Dei er klar til å gyve laus på norske litteraturkjemper som Ibsen, Hamsun og Undset. Men også nyare bøker blir lest og analysert, som Sofies verden og Naiv Super.

Elevane les alle bøkene på norsk, og praten går på norsk i klasserommet. Noko uvanleg med tanke på at rumenarane snakkar eit latinsk språk og føler eit sterkt slektskap til dei latinske språka.

Sanda Tomescu fortel kvifor ho meiner norsk litteratur er den beste i verda.

Sanda Tomescu fortel om Ibsen

Eit norsk miljø i Transilvania

Sanda Tomescu-Baciu er primus motor ved det skandinaviske instituttet. Då ho var tolk for diktatoren i 1980, var ho kanskje den einaste som snakka norsk i Romania. No er det til ei kvar tid over 120 norskstudentar ved universitetet.

– Studentane føler dei høyrer til ein familie, fortel Tomescu. Dette er ein veldig bra følelse både for lærarar og studentar, og vi oppnår resultat.

Instituttet arrangerer også juletrefestar, kinokveldar og har eit eige kor med namn «Glomma.» Og Sanda Tomescu har omsett mykje norsk litterattur til rumensk. For arbeidet sitt med å spreie norsk kultur, fekk ho utmerkinga riddar av St. Olavs orden.

Utvekslingsstudentar Cluj

Dei rumenske studentane synest norsk er heilt topp.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Tomescu tilbyr også kurs i dei andre nordiske språka, og ho får ein del støtte frå dei nordiske regjeringane til å kjøpe inn bøker til det nordiske biblioteket. Men ho kan aldri få nok bøker, og er takksam for alle norske universitet som har kvalitetsbøker å avsjå.

Ein kamp å få lære seg norsk

Men då ho byrja drøyme om å lære seg norsk for å lese Ibsen på originalspråket, var det ingen som kunne norsk i Romania. Det var heller ikkje lov til å reise ut for å studere. Det var ein umuleg draum.

Men i den absurde verda til eit totalitært regime, skjer ofte det uventa. Då Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia hadde Ceausescu bestemt seg for å vere mot. Det gjorde han til ein yndling i vesten. Han vart hylla av Richard Nixon og rumenske studentar fekk plutseleg tilbod om å søke studiestipend i utlandet.

De døde kvadrat

Teaterplakat av 'Når vi døde vågner' av Henrik Ibsen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Mellom anna var det muleg å reise til Noreg for å studere norsk. Kravet var å bli blant dei beste i ei nasjonal prøve i hovudstaden. Eit år etter kom svaret. Ho skulle til Universitetet i Oslo og studere nordisk. Eit eventyr for ei ung kvinne bak jernteppet.

– Eg hadde aldri sett eit pass før, fortel Tomescu. Det var ei oppleving å halde passet, det var som å halde fridomen i hendene.

Ingen behov for norsk i kommunistromania

Venene var overraska over at ho kom tilbake til Romania etter studiane. For dei fleste utanlandsstudentane hoppa av til eit betre liv i vesten.

Men omsynet til familien vog tungt, kommunistane kunne gjere livet surt for dei viss Tomescu hadde blitt i Noreg.

Ceausescu og dronning Sonja

Kronprinsesse Sonja og Ceausescu. Ceausescu var kald, men Sonja tok seg godt av tolken Sanda Tomescu

Foto: Laurvik, Henrik / NTB scanpix

Men i Romania fekk ho ikkje bruke norsken. Heilt til diktatoren skulle på statsbesøk til Noreg i 1980. Unge Sanda Tomescu vart sendt til Noreg eit halvt år i forvegen for å friske opp språkkunnskapane.

Ho vedgår det var litt skummelt å sitt ved sidan av Ceausescu og tolke for han i samtalar med statsminister Odvar Nordli. Ceausescu var kjølig og fjern, fortel ho.

– Det eg kan hugse er at han (Ceausescu) aldri snakka direkte til meg.
Det var eit skummelt oppdrag å tolke for diktatoren og kona.

Men dronning Sonja, som då var kronprinsesse tok seg godt av tolken og fekk henne til å føle seg velkommen. Tomescu har seinare fått utmerkinga riddar av St. Olavs orden for kulturarbeidet sitt.

Revolusjonen opna opp for norsk

I Cluj sentrum er det sett opp eit minnesmerke for å heidre dei som vart drepne i revolusjonen. Ceausescu og kona vart avretta av ein militær standrett første juledag 1989.

Det opna ei rivande økonomisk utvikling i Romania. Til Cluj kom store multinasjonale teknologibedrifter. I ein kort periode etablerte finske NOKIA seg her med ein stor innovasjonspark.

Bibliotek Cluj

Det er plass til fleire norske bøker i biblioteket.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

I sentrum kan ein sjå travle forretningsfolk med iPad på armen, og mykje studentar. Dei er det rift om. Oppslagstavlene på universitetet er fulle av jobbtilbod.

Mange hjelpelinjer som betener kundar over heile verda, treng folk som kan norsk.

– Dei får praktisert språket, og det er veldig bra betalt, fortel Tomescu. Spesielt når det gjeld norsk, svensk og dansk. Fordi det er ikkje så mange som kan desse språka. Og dei blir bortskjemt, dei får betre betaling.

Cluj kjærleik

Cluj er ein by med mange teknologibedrifter. Og nyutdanna med den rette kompetansen får seg lett jobb.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Norsk eit viktig fag ved universitetet

Over 120 rumenske elevar studerer no norsk ved foten av karpatane.
I tillegg er det mange som studerer svensk, dansk og finsk.

Dei to beste på bachelorprogrammet i norsk får stipend til å studere eit semester i Noreg. For Andra Mihaila var det heilt topp.

– Det var så spanande, Noreg er bare WOW!, fortel Andra til NRK.

Det skandinaviske instituttet har blitt lagt merke til, og andre fakultet prøvar å kopiere den pedagogiske modellen, som er meir uformell og tverrfagleg enn det som er vanleg i Noreg, fortel Tomescu.

Cluj studentar

Studentane får innføring i norske litteraturkjemper.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Har nye visjonar for norsken i Romania

Målet er å få støtte til ein norsk sendelektor som kan undervise på instituttet fulltid. Tomescu ynskjer også å lage eit kurs for dei som er interessert i å lære nynorsk.

Etter førti år arbeider kanskje Sanda Tomescu hardare enn nokon gong for norsk kultur. Kjærleiken til Ibsen og norsk litterattur har ikkje falma. For som Ibsen skriv i Brand:

– Det er Viljen, som det gælder; Viljen frigjør eller fælder.

I Romania har ei kvinne brukt førti år på å bygge opp et institutt for norsk språk og litteratur. Hun starta med to tomme hender i et av verdens verste diktatur. I dag har hun 120 entusiastiske studenter som brenner for norsk.

Sjå reportasjen om norsklærar Sanda Tomescu-Baciu

.

SISTE NYTT

Siste nytt