NRK Meny
Normal

Ei delt høgreside

Presidenten manar til nasjonalt samhald i fransk politikk etter terrorangrepa, og valkampen til det kommande regionalvalet er mellombels stansa. Likevel spissar retorikken seg frå deler av høgresida.

FRANCE-POLITICS-LR-PARTIES

Høgrepartiet 'Les Republicains' samla i Paris 7. november. Laurent Wauquiez til venstre for Sarkozy. Tidlegare statsminister Jean-Pierre Raffarin til høgre.

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

President François Hollande gjekk raskt ut og mana til nasjonal samling fredag kveld, då dei grufulle terrorangrepa fann stad i Paris.

Han får støtte frå mellom andre ein av høgresida sine presidentkandidatar for 2017, Alain Juppé, som tidlegare har vore statsminister. Også tidlegare president og vanlegvis erkerival Nicolas Sarkozy har vist støtte til presidenten, sjølv om han uttaler at det er på tide med meir drastiske tiltak i tryggingspolitikken.

FRANCE-SHOOTING/ French President Hollande greets Nicolas Sarkozy, former president and current head of the Les Republicains political party, before a meeting at the Elysee Palace in Paris

STÅR SAMAN: President Hollande helsar på tidlegare president Sarkozy framfor Elysée-palasset.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Skuldar regjeringa for å vere svak

Fleire av Sarkozy sine partifellar er derimot ikkje like imøtekommande ovanfor presidenten, og i likskap med det høgreradikale partiet Nasjonal Front har dei kome med krasse utsegn til regjeringa i løpet av helga.

FRANCE-MORANO-MEETING-BEZIERS

KRITISERER REGJERINGA: Nadine Morano frå høgrepartiet Republikanarane har lenge kritisert regjeringa, og nytta i helga høvet til å gjenta bodskapen, i sterke ordelag.

Foto: PASCAL GUYOT / Afp

Nadine Morano, som representerer republikanarane i EU-parlamentet, men som har blitt ekskludert frå å representere partiet i regionalvalet grunna rasistiske ytringar, overgjekk Nasjonal Front i kritikk av regjeringa laurdag kveld, ifølge Libération. Ho hevda at Hollande har innført landesorg for betre å skjule den mislukka politikken sin. Og i forbindelse med eit TV-intervju av statsminister Manuel Valls skreiv ho på Twitter: «Franskmennene må vere sterke, seier Valls på TF1. Dei er det, det er regjeringa som er svak og ineffektiv!»

Laster Twitter-innhold

Le Pen vil gjeninnføre grensekontrollen – for godt

Statsministeren får også gjennomgå frå Nasjonal Front. Louis Aliot, visepresident i partiet og medlem av EU-parlamentet, vender seg til landets statsminister på Twitter: «Monsieur Valls, ser du kor faren er? Den verkelege! Uansvarleg!» – eit stikk til Valls, som nyleg skal ha foreslått at venstre- og høgresida allierer seg i regionalvalet for å stå imot faren som han meiner det høgreradikale partiet leia av Martine Le Pen representerer.

Laster Twitter-innhold
FRANCE-POLITICS-FN-NORMANDIE

MEINER VALET NO ER ENDÅ VIKTIGARE: Marine Le Pen tala til eit folkemøte i Rouen laurdag ettermiddag.

Foto: CHARLY TRIBALLEAU / Afp

Le Pen sjølv skal ha stemt med i refrenget om nasjonal samling umiddelbart etter angrepa, skal likevel ha nytta høvet til å gjenta sine meiningar om fransk innvandringspolitikk på eit politisk møte i Rouen laurdag ettermiddag. Ho sa at det er på tide at Frankrike no gjeninnføre grensekontrollane – for godt. Mange spør seg om partiet vil kunne vinne stemmer på ein auka kjensle av uvisse i landet i forkant av regionalvala.

Hollande seier at både klimatoppmøtet i slutten av november og regionalvala i desember vil halde fram som planlagt, og at noko anna vil vere å la terroristane sigre. Søndag vil presidenten møte partileiarane, Marine Le Pen inkludert denne gong, i presidentpalasset.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt