Egyptisk politi drap 40 etter terrorangrep

I går døde fire personar då ein turistbuss køyrde på ei vegbombe. Allereie få timar etter har egyptisk politi drepe 40 personar dei meiner har band til terrorangrepet.

EGYPT-BLAST/

Egypt har slått hardt tilbake dagen etter at fire personar døde då ein turistbuss køyrde på ei vegbombe.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Fire personar, ein egyptisk og tre vietnamesarar, døde då ein turistbuss køyrde på ei vegbombe litt sør for Kairo i går.

Planla nye angrep

I dag melder egyptiske styresmakter at dei allereie dagen etter angrepet har gjennomført fleire raid og drepe 40 personar som dei meiner er terroristar. Det skriv nyheitsbyrået AFP.

EGYPT-ELECTION/

Egypt har opplevd mykje uro dei siste åra, samt fleire revolusjonar. Landets viktige turistindustri har tatt skade av det som har skjedd. Her frå ein demonstrasjon i Kairo i 2012.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

Politiet skal ha aksjonert etter at dei fekk informasjon om at fleire angrep mot både turistmål og kyrkjer var under planlegging.

Egypt har kjempa mot islamistiske krefter i fleire år, spesielt på Sinai-halvøya. Landets politi har fleire gonger svart på angrepa ved å drepe personar dei meiner tilhøyrer terrorgrupper, utan at det vert gjennomført nokon rettssak.

Mange kristne drepne

Det er to år sidan siste angrep mot utanlandske turistar, og gårsdagens angrep kjem samtidig som at Egypt opplevde ein positiv utvikling i talet på turistar etter fleire vanskelege år.

I tillegg til turistar har også kristne, og då spesielt dei som tilhøyrer den koptiske kyrkja, vore utsett for fleire terrorangrep. Dei siste to åra er over hundre personar drepne i angrep mot kyrkjer eller kristne pilegrimar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt