Egypt saksøkjer Christie's for å ha selt tjuvegods

Egyptiske styresmakter meiner auksjonshuset Christie i London ulovleg har selt ein byste av barne-faraoen Tutankhamon. Dei varslar rettslege skritt for å få det 3000 år gamle kulturminnet tilbake.

Tutankhamon-byste

Den 3000 år gamle bysten av Tutankhamon blir sagt å vere den mest verdfulle gjenstanden frå perioden som blir kalla Det nye kongeriket i Egypt.

Foto: Ho / AFP

Det var sist torsdag at antikviteten gjekk under hammaren i det ærverdige auksjonshuset Christie's i London . Ein ukjend kjøpar fekk tilslaget på den over 3000 år gamle bysten for 4,7 millionar britiske pund, vel 50 millionar norske kroner.

Egypts minister for antikvitetar. Khaled al-Enany, seier til BBC at dei vil gjere alt dei kan for å få tilbake nasjonalskatten, som egyptiske styresmakter meiner vart stolen på 1970-talet. Han varslar eit sivilt søksmål mot Christie's via eit britisk advokatfirma, samstundes som Egypt ber Interpol om hjelp til å finne skulpturen..

Christie's avviser skuldingane

Egypts minister for antikvitetar, Khaled al-Enany.

Egypts minister for antikvitetar, Khaled al-Enany, seier at landet vil gjere alt som er mogleg for å få Tutankhamon-bysten heim.

Foto: Khaled Desouki / AFP

Auksjonshuset Christie's seier på si side at dei har gjennomført alle naudsynte undersøkingar rundt bysten, og dei avviser at det er snakk om tjuvegods. Auksjonshuset seier dei også har tilbode egyptiske styresmakter å sjå all dokumentasjonen dei har om gjenstanden, men at dei ikkje har vore interessert i det.

Christie's seier at den tyske prinsen Wilhelm von Thurn und Taxis hadde den omstridde bysten i si kunstsamling på 1960-talet, og at han selde gjenstanden vidare til ein austerriksk samlar i 1973 eller 1974.

Bysten er 28 centimeter høg og er laga av kvartsitt. Christie's meiner det er snakk om den viktigaste gjenstanden frå Egypt i perioden som blir kalla Det nye kongeriket. Tutankhamon regjerte mellom 1333 og 1323 før Kristus.

– Røva frå Karnak

Tutankhum-statue.

Denne bysten har skapt strid mellom egyptiske styresmakter og auksjonshuset Christie's i London.

Foto: Ho / AFP

Ansiktet på bysten er ei blanding av barnefaraoen Tutankhamun og guden Amun. dette blei gjort for å skape ein relasjon mellom gudane og herskarane i det gamle Egypt, ifølgje det britiske auksjonshuset.

Egyptiske styresmakter meiner farao-bysten er røva frå Karnak-tempelet i det som i dag heiter Luxor, på 1970-talet, og at Christie's har operert med feil opplysningar. I ein note frå den egyptiske ambassaden i London til britisk UD heiter det blant anna at salet var «i strid med internasjonale avtalar og konvensjonar».

Tidlegare antikvitetsminister i Egypt, Sahi Hawass, meiner dei tidlegare eigarane av bysten har gitt feil informasjon, og at dei ikkje har lagt fram juridisk haldbare bevis på at dei var dei rettmessige eigarane.

Egypt prøvde å stanse auksjonen sist torsdag, utan å vinne fram. Det var også ein demonstrasjon mot auksjonen utanfor lokala til Christie's i det sentrale London.

Karnak-tempelet i Luxor.

Egyptiske styresmakter meiner Tutankhamon-bysten er stolen frå Karnak-tempelet i Luxor.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters

– Manglar dokumentasjon

Måndag kveld uttrykte NCAR, det egyptiske rådet for å få antikvitetar tilbake til landet, sterk uro over salet av Tutankhamon-bysten. Dei skuldar auksjonshuset for å ha vore uprofesjonelle.

Dette fordi dei ikkje har lagt fram prov for at bysten, og andre gjenstandar som også vart selde på auksjonen, vart tekne ut av Egypt på lovleg vis.

– Vi skal snu alle steinar for å få tilbake Tutankhamon-bysten og 32 andre gjenstandar som er selde av Christie's. Dette er kulturarv som burde vore utstilte i landet der dei høyrer heime, heiter det i ei fråsegn frå NCAR.

SISTE NYTT

Siste nytt