Hopp til innhold

Egypt pressa i palestinsk retning

Minst 350 menneske vart skadde i uroa utanfor den israelske ambassaden i Kairo søndag kveld. Presset aukar i Egypt for å ta eit klarare standpunkt for palestinararne og mot Israel.

Valdelege opptøyar utanfor den israelske ambassaden i Kairo.

Demonstrantane utanfor ambassaden brende bildekk og kasta stein på politiet.

Foto: STR / Ap

Det var i samband med markeringa av Nakba, etableringa av staten Israel 15. mai 1948, eller katastrofen som arabarane kallar dagen, at fleire hundre demonstrantar samla seg utanfor den israelske ambassaden .

Kravde utvising av ambassadør

350 menneske vart skadde i uroa i Cairo.

350 menneske vart skadde, dei fleste lettare, i uroa utanfor den israelske ambassaden i Kairo.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Demonstrantane kravde at den israelske ambassadøren måtte utvisast frå landet. Politiet brukte tåregass for å halde demonstrantane borte frå ambassadebygningen. Likevel greidde ei gruppe demonstrantar å bryte gjennom ein barrikade framfor bygningen.

Demonstrantane sette fyr på bildekk og kasta stein mot politiet.

186 personar vart pågripne etter dei valdelege demonstrasjonane, melder det offisielle nyheitsbyrået Mena.

Emar Gad, seniorforskar ved Al-Ahram-senteret for politiske og strategiske studium i Kairo, seier at aksjonen utanfor ambassaden i går kveld var ein klar konsekvens av det egyptiske opprøret.

- Resultat av revolusjonen

- Det har alltid vore sterk motstand blant egyptarane mot den israelske politikken overfor palestinarane, men det som skjedde søndag var eit direkte resultat av revolusjonen, seier forskaren til nyheitsbyrået AFP.

Fleire tusen egyptarar tok til gatene i fleire byar søndag for å vise si støtte til palestinarane. Dei vifta med palestinske flagg og kravde at den egyptiske regjeringa må gjere meir for å støtte palestinarrane.

Egyptisk politi har auka tryggingstiltaka rundt det israelske flyselskapet El Al sine kontor på flyplassen i Kairo i frykt for anrgep.

Minst 14 menneske miste livet då fleire hundre palestinarar prøvde å ta seg inn i Israel frå Syria. Libanon og Gazastripa søndag.

SISTE NYTT

Siste nytt