Hopp til innhold

Egypt opphever unntakstilstanden etter over 30 år

Leiaren for det egyptiske militærrådet, Mohamed Hussein Tantawi, opplyser at unntakstilstanden i landet blir oppheva i morgon onsdag.

Feltmarskalk Mohamed Hussein Tantawi.

Mohamed Hussein Tantawi kunngjorde i ein fjernsynstale at unntakstilstanden skal opphevast onsdag 25. januar.

Foto: - / Afp

Dette skjer på dagen eitt år sidan opprøret mot regimet til Hosni Mubarak starta på Tahrirplassen i Kairo, som førde til at Mubarak vart tvungen til å trekkje seg 12. februar.

– Tilfelle av «bandittuvesen»

Nobels Fredspris 1978 til Mohamed Anwar Al-Sadat

Anwar al-Sadat, som fekk fredsprisen i 1978, vart drepen av ein islamist i sin eigen vaktstyrke i 1981.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Feltmarskalk Mohamed Hussein Tantawi sa i ein fjernsynstale i dag at unntakstilstanden blir oppheva onsdag, bortsett frå i ein del tilfelle av «bandittuvesen». Han gjekk ikkje nærmare inn på kva han meinte med det.

Egypt har vorre styrt med unntakslover sidan drapet på dåverande president Anwar Sadat i 1981. Det var ein islamist i Sadats eigen vaktstyrke som tok livet av presidenten. Sidan har unntakstilstanden vorte ført vidare under dei 30 åra Hosni Mubarak sat som president.

Oppheving av unntakstilstanden var eitt av dei viktigaste krava frå demonstrantane på Tahrirplassen i Kairo, som til slutt tvang Hosni Mubarak til å gå av i fjor.

I går overførde Mohamed Hussein Tantawi den lovgivande makta i Egypt til det nyvalde parlamentet, eit parlament der islamistiske parti har rundt to tredeler av alle plassane. Saad al-Katatni frå Den muslimske brorskapen sitt parti JFP vart vald til leiar i nasjonalforsamlinga .

Tvilar på Tantawi

Hosni Mubarak under rettssaken mot ham den 21. januar 2012

Hosni Mubarak måtte trillast inn i rettssalen 21. januar i år.

Foto: Mohammed al-Law / Ap

Men ikkje alle er like overtydde om at militærrådet no verkeleg vil oppheve unntakstilstanden.

– Dette er ikkje ei oppheving av unntakstilstanden, seier Essam Sultan, ein nyvalt medlem av parlamentet frå eit det islamistiske partiet Wasat til nyheitsbyrået Reuters.

– Anten må unntakstilstanden opphevast fullstendig, eller så må unntakstilstanden vere 100 prosent i kraft. Det er ikkje noko midt i mellom, legg han til.

Også fleire andre egyptiske politikarar og menneskerettsaktivistar lurar på kva Tantawi har i tankane når han snakkar om «bandittuvesen».

Hossam Baghat, direktør i menneskerettsgruppa EIPR, seier at det ikkje er snakk om at untakstilstanden blir heva. Han fryktar at uttrykket «bandittuvesen» skal brukast på demonstrantar.

- Dette vil gjere det let for politiet å pågripe alle dei meiner er bandittar. «Bandittuvesen» er ikkje eit uttrykk ein kan bruke om vanleg kriminalitet, seier han.

LES OGSÅ: Mener Mubarak forstatt er Egypts president

LES OGSÅ: Aktivistene har mistet heltestatusen

Viktige datoar under opprøret i Egypt:

25. januar 2011:

Demonstrasjonane mot regimet startar på Tahrirplassen i Egypt og i fleire andre egyptiske byar. Dette skjer etter at presidenten i nabolandet Tunisia vart tvungen til å gå av 14. januar.

28. januar 2011:

Det blir sett inn soldatar og tanks mot opprøret.

31. januar 2011:

Ei ny regjering blir utnemnd. Etterretningssjef Mar Suleiman blir visepresident, og han får i oppdrag å starte forhandlingar med alle politiske grupperingar i Egypt.

1. februar 2011:

Over ein million menneske er ute i gatene over heile Egypt og krev at Mubarak må trekkje seg.

4. februar 2011:

Nye massedemonstrasjonar på Tahrirplassen. Dagen blir kalla «avgangsdagen».

10. februar 2011:

Mubarak seier at han ynskjer nasjonal dialog, og han gir visepresidenten utvida fullmakter.

11. februar 2011:

Hosni Mubarak går av, og eit militærråd under leiing av feltmarskalk Mohamed Hussein Tantaw.

22. februar 2011:

Ei ny regjering blir utnemnd. Protestar blant andre frå Den muslimske brorskapen fordi det er statsrådar frå den gamle regjeringa med.

3. mars 2011:

Statsminister Ahmed Shafiq går av, og tidlegare transportminister Essam Sharaf får i oppdrag å setje saman ei ny regjering.

19. mars 2011:

Eit stort fleirtal i ei folkerøysting seier ja til endringar i grunnlova. Endringane banar veg for val til parlamentet og presidentval.

8. april 2011:

Fleire tusen demonstrerer på Tahrirplassen fordi dei meiner det går for lang tid før Hosni Mubarak blir stilt for retten.

3. august 2011:

Rettssaka mot Hosni Mubarak startar. Han blir trilla inn i rettssalen i ei seng. Han nektar for skuldingar om maktmisbruk og at han hadde gitt ordre til å skyte mot demonstrantar.

9.–10. oktober 2011:

Koptiske kristne rettar sinnet sitt mot hæren etter at minst 25 koptarar vart drepne då soldatar slo ned ein demonstrasjon.

18. november 2011:

Fleire tusen menneske demonstrerer mot militærstyret i fleire egyptiske byar.

22. november 2011:

Tantawai lovar at det blir presidentval i juni 2012, og han stadfestar at parlamentsvalet vil starte 28. november som planlagt.

25. november 2011:

Fleire tusen deltek i demonstrasjonar mot militærstyret på Tahrirplassen i protestar mot at 42 menneske var drepne i uro den siste tida. Kamal Ganzouri får i oppdrag å leie ei ny regjering. Han var statsminister under Mubarak frå 1996 til 1999.

28. november 2011:

Første delen av parlamentsvalet startar. Valet går i fleire rundar fram til januar 2012.

7. desember 2012:

Islamistpartiet Fridoms- og rettferdspartiet (FJP) vinn 35 av 43 plassar i parlamentet.

14.–15. desember 2011:

Andre runde av parlamentsvalet. FJP seier dei har fått rundt 40 prosent av røystene.

23. desember 2011:

Fleire tusen demonstrerer i Kairo og andre byar med krav om at militærrådet skal gi frå seg makta.

30. desember 2011:

Egyptisk politi ransakar kontora til to USA-støtta pro-demokrati-grupper, og USA ymtar om at dei kan stanse si milliardstøtte til landet.

3.–4. januar 2012:

Andre og tredje runde av parlamentsvalet.

14. januar 2012:

Tidlegare IAEA-sjef og fredsprisvinnar Mohamed ElBaradei seier han ikkje vil delta i presidentvalet.

16. januar 2012:

Egypt ber Det internasjonale pengefondet IMF å støtte på 3, 2 milliardar dollar, rundt 20 milliardar kroner.

23. januar 2012:

Det nye parlamentet held det første møtet sitt.

(Kjelde: Reuters)

SISTE NYTT

Siste nytt