Hopp til innhold

Egypt kallar heim ambassadøren sin i Israel

Egypt krev stans straks i dei israelske angrepa mot Gazastripa og kallar heim ambassadøren sin i Israel. Landet ber også om eit hastemøte i Tryggingsrådet i FN.

Israelske angrep på Gazastripa.

Israel har gjennomført over 20 angrep mot mål på Gazastripa i ettermiddag og kveld.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

Ismail Haniyeh

Ismail Haniyeh er Hamas-statsminister på Gazastripa.

Foto: EMILIO MORENATTI / AP

. Det israelske angrepet på Gazastripa starta ved 15-tida i ettermiddag ved eit angrep på bilen til leiaren av den militære delen av Hamas, Ahmed al-Jaabari. Han vart drepen momentant saman med ei livvakt.

Samstundes gjekk israelske fly til angrep på mål over heile Gazastripa, i det den israelske hæren kallar eit angrep for blant anna å slå ut dei langtrekkjande rakettane til Hamas. Hittil er til saman 10 menneske drepne i angrepa.

Egypts president Mohamed Morsi har i kveld også kalla Israels ambassadør til Egypt for å protestere mot angrepet på Gazastripa.

Hamas ber i kveld dei arabiske landa, og særleg Egypt, om å stanse dei israelske angrepa på Gazastripa.

– Vi ber dei arabiske brørne våre, og særleg Egypt, om å stanse denne barbariske aksjonen, og å forsvare Gaza og folket der, seier han i ei fråsegn. Han ber også om eit hastemøte i Den arabiske ligaen for «konfrontere denne brutale aggresjonen», seier Hamas-statsministeren på Gazastripa, Ismail Haniyeh.

– Truar stabiliteten

Mohamed Kamel Amr

Egypts utanriksminister Mohamed Kamel Amr reagerer sterkt på den israelske offensiven.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

Egypts utanriksminister Mohamed Kamel Amr fordømmer det israelske angrepet på Gazastripa. Han ber Israel om å stanse angrepa med ein gong. Han seier at det er fare for at angrepet på Gazastripa kan få farlege følgjer for tryggleiken og stabiliteten i heile Midtausten.

Han kallar opptrappinga for svært farleg. I kveld har Egypt også kalla heim ambassadøren sin i Israel på grunn av angrepet mot Gazastripa.

Partiet til den egyptiske presidenten Mohammad Morsi, Den muslimske brorskapen, seier i ei fråsegn at Israel no må hugse på at endringane i den arabiske verda gjer at folk ikkje vil finne seg i israelsk maktmisbruk, slik dei har gjort tidlegare.

Også andre arabiske regjeringar har kome med sterke fordøming av dei israelske angrepa mot Gazastripa.

LES OGSÅ: Israelske fly angriper mål på Gazastripen

LES OGSÅ: Norge bekymret over opptrapping i Midtøsten

Massivt angrep

Det massive israelske angrepet på Gazastripa kjem etter 24 timar då det var relativt roleg i grenseområdet mellom Israel og Gazastripa. Egypt har prøvd å forhandle fram ei våpenkvile etter angrepa sist helg.

Israel Syria

Det er spent også langs den israelske grensa til Syria på Golanhøgdene.

Foto: Ariel Schalit / Ap

No er det stor frykt for at situasjonen kan eskalere ytterlegare. Angrepet mot Gazastripa skjer samstundes som det er ein svært spent også langs den israelske grensa til Syria .

Måndag skaut israelske styrkar mot ei syrisk stilling nær Golan, etter at det fleire gonger er skote inn på israelsk side av grensa.

Dette har skjedd i samband med kampar mellom syriske regjeringssoldatar og opprørarar i området.

Israels forsvarsminister Ehud Barak sa tidlegare i dag at opprørarane no har kontroll over dei fleste syriske landsbyane langs grensa til Israel.

Militante grupper har også skote over grensa til Israel frå den egyptiske Sinai-ørkenen, og det er også spent langs grensa til Libanon. Observatørar i Midtausten fryktar at ei opptrapping kan få svært alvorlege konsekvensar for heile regionen.

Barth Eide uroleg

Espen Barth Eide

Utanriksminister Espen Barth Eide er uroa over situasjonen.

Foto: EDUARDO MUNOZ / Reuters

Utanriksminister Espen Barth Eide er uroleg over situasjonen som utspelar seg mellom Israel og Hamas-styret på Gazastripa.

– Vi ser på stor uro på den eskaleringa av valden som no utspelar seg i forholdet mellom Israel og palestinarane i Gaza, seier han til Aftenposten. Han meiner at rakettangrepa mot Israel er klart uakseptable og at Israel har retten til å forsvare seg.

Samstundes understrekar han at mottiltak må vere tilbakehaldne og unngå ytterlegare opptrapping. Opptrapping vil ramme dei sivile og svekkje sjansane til ei varig løysing, seier Eide.

Ber om stans

FNs generalsekretær Ban Ki-Moon ber Israel om å stanse angrepa mot Gazastripa.

Han åtvarar Israel mot opptrappinga, og mot dei negative følgjene det vil få for stabiliteten i området.

Talsmann for den israelske hæren, Bjørn Hermann, seier at angrepet på Ahmed – al-Jaabari, var ein kirurgisk operasjon som vart gjennomført ved bruk av presise våpensystem, og basert på etterretning.

Han seier at Gazastripa har blitt utvikla til å bli Irans front for rakettangrep mot Israel.

SISTE NYTT

Siste nytt