Hopp til innhold

Farao-statuett selt for 50 millionar

Egypt bad auksjonshuset Christies om å utsette salet av ein Tutankhamun-statuett. Det fekk dei ikkje til.

Egypt Antiquities

Det er venta at denne statuen vil bli selt på auksjon for rundt 4 millionar britiske pund torsdag 4. juli.

Foto: AP

Egyptiske styresmakter har forgjeves prøvd å stoppe auksjonen av den 28,5 centimeter høge bysten av farao Tutankhamun.

Den over 3000 år gamle statuetten viser eit andlet som er ei blanding av den unge faraoen og guden Amun.

Slik brukte ein å skape ein forbindelse mellom gudane og herskarane i det gamle Egypt, skriv Christies på heimesida si.

Torsdag kveld vart statuetten selt for 4,7 millionar britiske pund, eller om lag 50 millionar norske kroner. Det er ikkje kjent kven som kjøpte statuetten.

AFP_1ET9XU

Sarkofagen til Tutankhamun i konganes dal. Arkeologane trur han vart Farao som niåring og at han døydde ti år seinare. Grava er blant dei best bevarte, men også blant dei minste.

Foto: MOHAMED EL-SHAHED / AFP

Egypt krev etterforsking

Eit titals demonstrantar hadde møtt opp utanfor auksjonshuset i dag, utan at dei lukkast å stoppe salet.

Egyptarane meiner statuen er stolen frå Karnak-komplekset i Luxor, og at det har skjedd i nyare tid:

HAS502

Tidlegare antikvitetsminister i Egypt, Zahi Hawass, meiner statuen som går under hammaren torsdag er tjuvegods frå 70-talet.

Foto: Hassan Ammar / Ap

Tidlegare antikvitetsministeren i Egypt, Zahi Hawass, meiner statuen blei stolen rundt 1970, for da forsvann ei rekke liknande gjenstandar frå det same tempelet, fortel han til nyheitsbyrået AFP.

– Eg trur ikkje Christies kan dokumentere at statuen forlèt Egypt på lovleg vis og at den difor bør bli returnert til Egypt.

Egypt krev at auksjonen blir utsett og at opphavet til statuen blir grundig undersøkt. Dei siste åra har Egypt trappa opp innsatsen for å hente tilbake stolne antikvitetar.

Karnak komplekset

Tempelkomplekset Karnak er eit populært reisemål i det sørlege Egypt. Det er ei stor blanding av ruinar og tempelbygningar. Komplekset vart reist ein gang under styret til farao Senusret I i Mellomriket (rundt 2050 f.Kr. og 1650 f.Kr.). Egyptiske styresmakter meiner bysten av Tutankhamun vart stolen her på 70-talet.

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Christies nekta å stoppe auksjonen

Auksjonshuset forsikrar at dei har all nødvendig dokumentasjon for å selje statuen.

– Vi har invitert egyptiske styresmakter for å studere dokumentasjonen vår, noko dei enno ikkje har gjort, seier Christis til avisa The Guardian.

På heimesida til Christies står det å lese at bysten var i tysk eigarskap allereie på 60-talet.

Men for den egyptiske ambassadøren i London, Tarek Adel, er ikkje dette nok:

– Sal av ein slik uvurderleg antikvitet frå Egypt er ei stor skam, og det viser mangel på respekt for arbeidet vårt med å stoppe slik handel, seier han til The Guardian.

SISTE NYTT

Siste nytt