Egypts president Hosni Mubarak har kalla heim ambassadøren i Israel. (Foto: EBU)
Situasjonen i Midtausten forverrar seg for kvar dag. Den israelske hemnåtaket mot palestinske mål i Gaza måndag har ført til sterke reaksjonar i Israel sine naboland.
Tysdag kalla Egypts president Hosni Mubarak heim ambassadøren i Israel, i protest mot det det egyptiske utanriksdepartementet kallar den israelske aggresjonen mot palestinarane.
Hardt slag
Dette er eit hardt slag for Israel, og den alvorlegaste egyptiske reaksjonen mot landet sidan den palestinske oppstanden mot Israel starta i slutten av september. Egypt var det første arabiske landet som oppretta diplomatisk samband med Israel.
Dette skjedde etter at dei to landa inngjekk ein fredsavtale i 1979, etter lange forhandlingar med USAs dåverande president Jimmy Carter i Camp David hausten 1978. Egypt og Israel oppretta diplomatisk samband frå og med 1.januar 1980.
Berre ein gong før har Egypt henta heim ambassadøren sin frå Israel, det var i 1982, i protest mot den israelske invasjonen i Libanon. Den gongen heldt ambassadøren seg borte frå Israel i åtte månader.
Egypts utanriksminister Amr Mussa seier til nyheitsbyrået MENA, Middle East News Agency, at ambassadør Mohammed Bassiouni kjem til å bli i Cairo på uviss tid. På diplomatspråket blir det å kalle heim ein ambassadør for konsultasjonar rekna for å vere ein svært sterk reaksjon.
Jordan skreiv under ein fredsavtale med Israel i 1994, og er det andre arabiske landet som har diplomatisk samband med den jødiske staten. Jordan skulle skifte ut ambassadøren sin i oktober, men innsetjinga av ein ny er utsett, også det på uviss tid. Dette er også ein klar protest mot den israelske valdsbruken overfor palestinarane.
Andre arabiske land har lagt sterkt press på Egypt og Jordan om å bryte det diplomatiske sambandet med Israel. Under det arabiske toppmøtet i Cairo i oktober tok mange land til orde for brot med Israel. Slutteksten overlet likevel til det enkelte land å avgjere dette.
Grasrota
Det er også eit sterkt innanrikspolitisk press på leiarane i Egypt og Jordan om å bryte samarbeidet med Israel. Den siste blodige uroa på Vestbreidda og i Gaza har ført til mange og harde anti-israelske demonstrasjonar i dei to landa.
Sjølv kor mykje eit godt forhold til Israel betyr økonomisk for Egypt og Jordan, er det ikkje mogleg for president Hosni Mubarak i Egypt og kong Abdullah i Jordan å ikkje reagere mot Israel.
Det er få i den arabiske verda som har særleg forståing for den israelske politikken overfor palestinarane. Dei fleste held Israel ansvarleg for valdsbruken, og ingen leiar i eit arabisk land torer å utfordre den heimlege grasrota i dette spørsmålet.
Israel har reagert sterkt på at Egypt kallar heim ambassadøren sin for konsultasjonar. Utanriksminister Schlomo Ben Ami kallar den egyptiske avgjerda for alvorleg, og seier at dette vil føre til at det blir vanskelegare for Egypt å spele ei rolle i fredsprosessen i Midtausten.
Ben Ami sa også at han håpte på direkte kontakt mellom statsminister Ehud Barak i Israel og Egypts president Hosni Barak for å løyse striden. Israel har enno eit håp om at det er mogleg å hindre at ambassadøren reiser heim, opplyser israelsk UD.
Israels statsminister Ehud Barak seier at han er lei seg for det som har skjedd, fordi Egypt har spelt ei viktig rolle i fredsprosessen.
Ein talsmann for den egyptiske ambassaden i Tel Aviv seier at ambassadøren vil reise heim til Cairo i løpet av onsdag.
Kabinettminister Hassan Asfour i den palestinske sjølvstyreregjeringa kallar den egyptiske avgjerda for eit sterkt signal til den arabiske verda, til USA og det internasjonale samfunnet om at Israel må betale ein pris for sin aggresjon.
Asfour, som har vore med i fredsforhandlingane med Israel, sa at han ventar seg fleire tiltak mot Israel og landet sin allierte, USA.
Israel seier at landet ikkje har planar om å kalle heim sin ambassadør i Cairo som ein reaksjon på Egypt sin tilbakekalling av sin ambassadør.
Jubel
I Gaza og på Vestbreidda vart den egyptiske avgjerda om å kalle heim ambassadøren i Israel motteken med jubel. Fleire tusen palestinarar marsjerte i Gaza by og ropte : "Vi elskar deg, Mubarak, gå til åtak på Tel Aviv".
Det er ingenting som tyder på at det kraftige israelske hemnagrepet mot Gaza tysdag kveld har gjort kamplysta hos palestinarane mindre. Tvertimot har dei palestinske styresmaktene gjort det klart at politistyrkane deira har rett til å forsvare demonstrantar med alle middel, også våpen.