NRK Meny
Normal

Egeland ber for Nord-Korea

FNs naudhjelpskoordinator Jan Egeland fryktar at innbyggjarane i Nord-Korea kan bli hardt ramma av internasjonale straffetiltak.

Jan Egeland
Foto: JEAN PIERRE CLATOT / Scanpix/AFP

Egeland meiner dei straffetiltaka som skal setjast i verk ikkje må rette seg mot økonomisk samhandel eller hjelpearbeid.

USA pressar på i Tryggingsrådet for omfattande sanksjonar mot Nord-Korea etter at landet gjennomførde prøvesprenging av ei atombombe sist måndag.

 

John Bolton USAs ambassadør til FN
Foto: Stan Honda / Scanpix/AFP

Det er usemje i Tryggingsrådet om kva type straffetiltak som skal setjast i verk overfor Nord-Korea. Rådet har hatt møte kvar dag den siste veka for å finne ut korleis verdssamfunnet skal reagerer på atomprøvesprenginga.

USAs  FN-ambassadør John Bolton seier det er naudsynt med strenge tiltak, og han har lagt fram eit utkast til omfattande og kraftige straffetiltak.

Det er først og fremst Kina og Russland som ikkje kan godta det amerikanske forslaget, men observatørar ved FN-hovudkvarteret i New York trur det kan bli semje i rådet kanskje alt i morgon.

Det er venta at våpenhandel, militært samarbeid, kulturell og vitskapleg utveksling er område som kan bli ramma av straffetiltak.

Jan Egeland håpar likevel at det internasjonale samfunnet ikkje let att lommeboka og at det skal bli mogleg å gi naudhjelp til landet sjølv om det blir innført sanksjonar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt