NRK Meny
Normal

Edward Snowden ber Obama om nådegjeving

Varslaren Edward Snowden håpar å returnere til USA ein dag, og vil no at den amerikanske presidenten skal beskytte han frå søksmåla i heimlandet.

Edward Snowden

VIL HEIM: Edward Snowden avslører no at han vil heim att til USA, med hjelp frå Barack Obama.

Foto: FREDERICK FLORIN / Afp

Etter at Edward Snowden i 2013 sendte ut titusenvis av hemmelegstempla dokument frå USAs overvåkingsteneste, NSA, har han vore ettersøkt i USA.

Han har dei siste tre åra vore i eksil i Russland, men forrige veke ytra han kritikk mot sin noverande heimstat. I eit intervju med The Guardian seier han no at han håpar på å komme heim til USA.

Men først vil han vere sikker på at han slepp 30 år i fengsel for spionasje.

Håpar på Obama-hjelp

For at det skal skje, må Snowden få ei nådegjeving frå preisdenten. I og med at det er lite sannsynleg at korkje Hillary Clinton eller Donald Trump, dei to presidentkandidatane som kan ta over i 2017 vil gje han det, er noverande president Barack Obama hans beste håp.

Snowden håpar at Obama vil legge vekt på det moralske i handlingane hans, og ikkje lovene som står svart på kvitt.

– Det er lover og bøker som seier ein ting, men nådegjevingen er til for å gjere unntak frå desse lovene. Det eg har gjort kan verke ulovleg på papiret, men når ein ser på moralen og etikken i det, var dette nødvendige ting, seier Snowden.

President Barack Obama

KAN BENÅDE: Barack Obama kan vere Snowdens største sjanse for å få komme heim til USA.

Foto: JOSHUA ROBERTS / Reuters

Sjølv om Obama i teorien kan nådegje Snowden, er det svært sjeldan at det blir gjort. Men før Obama trådde inn som president, var han ein advokat som brukte mykje tid på å advare om farene ved masseovervåking.

Tidlegare i år fekk også Snowden uventa støtte, då Obamas tidlegare justisminister, Eric Holder, sa at Snowden hadde gjort ei teneste for offentlegheiten i USA.

Filmaktuell

Snowden får også merksemd frå Hollywood. I slutten av september kjem spelefilmen «Snowden» ut, med Joseph Gordon-Levitt i hovudrolla som Edward Snowden. Sjølv er varslaren usikker på kva innflytelse den vil ha.

– Eg er ikkje ekspert på filmar. Alle spør meg om det, men eg veit ærleg talt ikkje. Eg har aldri vore komfortabel med media, men eg føler eg må bruke den stemma eg har fått til å få folk til å snakke om desse emna.

Trass usikkerheiten kring filmen, er Snowden veldig glad for at han kan fungere som eit symbol for openheit om masseovervåking.

– Ideen om at eg blir brukt som ein mekanisme for å få folk til å snakke om korleis overvåking fungerer i dag, og korleis det påverkar livet deira, er noko eg er veldig nøgd med.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt