Hopp til innhold

Skuldar på opposisjonen

– Politiet har dolka oss i ryggen og drepe sine eigne brør, seier Ecuadors president Rafael Correa etter det han hevdar var eit kuppforsøk frå opposisjonen si side.

Video Her reddes presidentet ut fra sykehuset

Her vert president Rafael Correa redda ut frå sjukehuset der han blei halden som gissel natt til fredag. Opptaket er frå statleg fjernsyn i Ecuador.

Sjefen for politistyrkane i Ecuador har no gått av etter gårsdagens dramatiske hendingar, der opprørske politifolk heldt president Rafael Correa som gissel i 12 timar. Det opplyser ein talsmann for politiet fredag, ifølgje NTB.

Ifølgje den ekvatorianske nettavisa La Hora er det også venta at innanriksministeren, Gustavo Jarlkh, vil forlate sin ministerpost etter det som vert omtalt som eit mislykka kuppforsøk.

Ifølgje nettstaden, har regjeringa varsla at opprørarane vil bli hardt straffa.

«Ugjerninga vil ikkje verta tilgjeven ei gløymd» heiter det i ei kunngjering sendt ut av regjeringa fredag.

– Den tristaste dagen i mitt liv

Regjeringssoldatar storma torsdag kveld sjukehuset der Correa sat innesperra og

Militærkupp i Ecuador

Rafael Correa takka fredag spesialstyrken frå politiet som heldt seg lojale og beskytta han ved sjukehuset i Quito under kuppforsøket

Foto: JOHN SILVA / Afp

frigjorde presidenten etter å ha opna eld mot politiet.

Kort tid seinare var han i sikkerheit i presidentpalasset, der han heldt ein tale til sine tilhengjarar frå ein balkong.

Om lag to tusen menneske skal ha møtt opp for å uttrykkje sympati med presidenten.

– Dette er den tristaste dagen i mitt liv. Dette er den tristaste dagen denne regjeringa har opplevd. Dei dolka oss i ryggen og drap sine eigne brør,

Streikende politi i Quitos gater

Streikande politi i hovudstaden i Ecuador, Quito.

Foto: GUILLERMO GRANJA / Reuters

sa presidenten til dei oppmøtte ifølgje La Hora.

Han refererte til to politimenn som blei drepne då soldatane tok seg inn i det okkuperte sjukehuset.

Skuldar på opposisjonen

Det var sterk usemje og krasse konfrontasjonar då nasjonalforsamlinga samla seg i morgontimane i parlamentsbygget. Det har oppstått ein isfront mellom Correas sentrum-venstre allianse, Alianza País, og opposisjonen som meiner lovforslaget som førte til politi-opprøret bør vurderast på nytt.

Correa hevdar at det er den politiske opposisjonen som har oppfordra politet til å gjera opprør, og understrekjer at han ikkje vil forhandla under press.

Rafael Correa blei vald i 2006 og seinare attvald etter ei grunnlovsendring i 2009.

President Correa flykter fra opptøyene

President Correa flyktar frå opptøyane.

Foto: Patricio Realpe / Ap

Perioden hans tek slutt i 2013.

Under valkampen lova han å stå i spissen for ein «borgarrevolusjon» og å sikra ei meir rettvis fordeling av naturressursane i landet. Han lova også å motarbeide det han kallar Ecuadors korrupte elite.

SISTE NYTT

Siste nytt