Julian Assange søkte tilflukt i ambassaden til Ecuador i London sommaren 2012 fordi han frykta han skulle bli arrestert og utlevert til Sverige. Der han var skulda for seksuelle overgrep mot to kvinner.
WikiLeaks-grunnleggaren frykta at Sverige skulle sende han vidare til USA, der han risikerer å bli stilt for retten etter at han publiserte fleire dokument frå det amerikanske forsvaret i 2010.
Men no ber utanriksministeren i Ecuador, Maria Fernanda Espinosa, om hjelp til å løyse situasjonen til Assange, skriv The Guardian.
Vil løyse ein «uhaldbar» situasjon
Det har vore gjort fleire forsøk på å få Assange, som er australsk statsborgar, ut av ambassaden og Storbritannia. Men dette har blitt avvist. Politiet i London seier han kjem til å bli arrester dersom han forlèt ambassaden. Og Storbritannia kan heller ikkje garantere at han ikkje blir utlevert til USA, skriv BBC.
- Les:
- Les:
Espinosa meiner situasjonen til Assange er uhaldbar, og seier at ingen kan leve under slike forhold til evig tid. Ho ønsker difor at ein tredjepart skal inn å mekle.
– For å kome fram til ei løysing i denne saka, er vi avhengige av internasjonalt samarbeid, og eit samarbeid med Storbritannia. Men dei har ikkje vist noko interesse av å finne ei løysing.
Fryktar Trump
Advokatane til Julian Assange meiner forslaget til Ecuador er godt, og oppmodar britiske styresmakter til å takke ja til tilbodet. Dei seier det er ein større risiko for at Assange blir straffeforfølgd i USA under Trump-administrasjonen.
– Det er på tide at Assange får nyte fridomen og den fundamentale retten til vern mot straffeforfølging i USA, seier dei til The Guardian.
- Les:
- Les:
Men britiske styresmakter avviser initiativet. Ein talsperson seier til BBC at det er opp til Ecuador og Assange sjølv å løyse situasjonen.
– Styresmaktene i Ecuador veit at den einaste måten dette kan løysast på, er for Julian Assange å forlate ambassaden og stå til rette for det han er skulda for.
Skuldingane om seksuelle overgrep blei lagt bort i mai i fjor, men Assange fryktar framleis han skal bli utlevert til USA.