Hopp til innhold

Vil finne ebola-medisin i blodet til dei overlevande

Nøkkelen til å finne ein ebolamedisin kan ligge i blodet til dei som har overlevd sjukdommen. Ekspertane sin tanke er å vidareføre det naturlege immunforsvaret som finst hos dei overlevande.

SLEONE-HEALTH-EBOLA-WEST-AFRICA

Ein hjelpearbeidar har på seg verneutstyr i møte med barn og vaksne som er smitta av ebola. Ekspertar håper ein medisin mot viruset kan finnast ved å undersøke blodet til dei som har overlevd epidemien.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

SLEONE-HEALTH-EBOLA-WEST-AFRICA

Så langt har minst 1145 menneske døydd av ebolaviruset, syner tal frå WHO.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Ebola-viruset spreier seg stadig, og minst 1145 menneske har så langt mista livet av det dødelege viruset. Ebola drep fort, og av dei som vert smitta er det berre rundt halvparten som overlever. Men dei som overlever kan også vere løysinga for å stoppe viruset, skriv Bloomberg.

Forsøkt liknande behandling tidlegare

Planen er å undersøke om det naturlege immunforsvaret som har vekse seg fram hos dei overlevande kan brukast til å framstille ein ebolamedisin. Ein håper å kunne bruke dei delane av blodet der antistoffa vert produserte til å framstille ein medisin.

Det har blitt gjort liknande medisinske forsøk tidlegare. Under eit ebolautbrot i DR Kongo i 1995 skal sju av åtte som fekk ein liknande form for behandling ha overlevd.

LES OGSÅ: WHO: Rapportene undervurderer omfanget av ebola-utbrudd

LES OGSÅ: Frykter ebolasmitte etter pasientflukt

I ettertid har mange meint at det ikkje var behandlinga, men andre faktorar, som gjorde at folk vart friske i DR Kongo. Likevel er verdt å undersøke ei gong til om dette er løysinga, meiner David Wood som leiar ei arbeidsgruppe i regi av Verdas Helseorganisasjon (WHO), som skal prøve å finne ein medisin mot ebola.

– Me samarbeider med operatørar som kan det å handsame blod, og som har moglegheit til å hjelpe oss. På den måten kan me få eit overblikk om dette i det heile tatt er eit realistisk alternativ. Me kjem til å ha meir informasjon om dette ganske snart, seier Wood til Bloomberg.

– Vil ta tid

Førebels er det ikkje utvikla noko effektiv medisin mot ebola. Dei alternativa som finst er førebels ikkje testa ut på menneske, og er i tillegg veldig dyre. Ekspertar meiner det er mangel på medisin fordi sjukdommen har vore for lite omfattande, og fordi den har råka stader der kjøpekrafta er liten.

WHO investerer mykje pengar og tid i å finne ein medisin mot ebola, men det kan ta lang tid før ein i det heile tatt får gjort framskritt i eit slikt arbeid.

– Sjølv om det vert gjort mange forsøk på å få opp farta på produksjonen, så vil det ikkje kome noko produkt på banen i månadane som kjem, og sjølv om det skulle kome om ei stund, så vil mengda medisin vere for lita til å ha noko påverknadskraft på epidemien, stod det skrive i ei pressemelding frå WHO denne veka.

Finnes også andre alternativ

Det er ikkje alle ekspertar har trua på at svaret ligg i blodet til dei overlevande. Forsøk utførte på ebola-smitta aper som har fått blod frå andre dyr som har overlevd viruset, viser at metoden ikkje hadde noko effekt i desse tilfella.

LES OGSÅ: Over 900 døde – ber om tillatelse til ny ebola-medisin

I tillegg til å framstille medisin gjennom laboratorieundersøkingar av blodet til overlevande, finst det andre teoriar om korleis ein kan gjere folk friske att. Ein av moglegheitene som har blitt testa ut er å gi ebolasmitta menneske blodoverføring frå personar som har blitt friske att.

Liberia Ebola

Førebyggjande arbeid er avgjerande for å vinne kampen mot ebola. Her frå gata i Monrovia i Liberia.

Foto: Abbas Dulleh / Ap

Ein av dei som har fått slik behandling, er den amerikanske hjelpearbeidaren, Kent Brantly. Han fekk blod frå ein 14 år gamal person som overlevde viruset, og har i ettertid blant mykje betre.

Men sidan han også fekk den dyre, sjeldne medisinen ZMapp, har det vore vanskeleg for ekspertane å seie kva som har vore avgjerande for at han har blitt betre. Det kan også vere at Brantly har blitt frisk av seg sjølv, uavhengig av blodoverføring eller medisin.

Den mest effektive medisinen er framleis førebyggjande arbeid, og både i Liberia, Sierra Leone, Guinea og Nigeria er det sette i gang kampanjar for å få ut informasjon til folket om ebolaviruset. Likevel er det lite som førebels tyder på ein nedgang i smitte og dødsfall.

SISTE NYTT

Siste nytt