E-sjefen krev bevis frå aldrimer.no

Sjefen for den militære etterretninga, Morten Haga Lunde, krev at nettstaden aldrimer.no legg fram bevis for at han har feilinformert tryggingsutvalet i regjeringa, og at Nato skal vere misnøgd med E-tenesta og det norske forsvaret.

Etterretningssjef Morten Haga Lunden.

SJÅ VIDEO: Morten Haga Lunde er sjef for den militære etterretninga her i landet.

I eit intervju med NRK seier Haga Lunde at han sjeldan har lese ein artikkel som er så spekulativ og full av feil. Han står fast på at informasjon E-tenesta har gitt til tryggingsutvalet til regjeringa, og til Nato, er korrekt.

– Dette er ein lapskaus. Det er uhøyrt at vi skulle ha gitt feil informasjon. Det vi har lagt fram gir eit godt og korrekt bilete av det som skjer i nærområda våre. Og når det gjeld det at E-tenesta skulle ha fått dårlege tilbakemeldingar frå Nato, så er det motsett av dei tilbakemeldingane eg har fått, seier Morten Haga Lunde.

– Øvde ikkje offensivt

Han ber nettstaden no leggje fram bevis for at det dei har meldt stemmer.

Kjetil Stormark

Kjetil Stormark er redaktør for nettstaden aldrimer.no.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

E-sjefen gjer det klart at den russiske øvinga Zapad 17 ikkje øvde offensivt mot Svalbard. Øvinga gjekk føre seg lenger aust, og vurderingane er at øvinga fokuserte på forsvar av marinebasen på Kola og området austover mot angrep frå vest.

– Vi har eit særskilt godt bilete av kva som skjer i nordområda. Vi har 70 års erfaring i å overvake desse områda, og informasjonen vår har vist seg å stemme godt, seier han.

Han poengterer at det under Zapat 17 ikkje var bevegelse mot Svalbard med korkje overflatefartøy, ubåtar eller fly. Det var derimot amfibieøvingar frå 60 gradar aust og vidare langs kysten av Sibir, og han er klar på at dette er noko Russland har rett til å gjere.

Underrapportering

Lunde er likevel kritisk til at Russland underrapporterte talet på kor mange som var involverte i øvinga. Ifølgje opplysningane dei gav før øvinga starta skulle det ikkje delta meir enn 13.000 soldatar. Det var eit tal som skulle gjelde for både nordområda, grenseområdet mot Ukraina og grensa mot vest i Austersjø-området.

– Eg har tidlegare sagt offentleg at det reelle talet på deltakarar, både militære og sivile, var ein stad mellom 70.000 og 150.000, seier Morten Haga Lunde.

På spørsmål om kva han trur Russland vil oppnå med denne øvinga, svarar Lunde at landet ynskjer ei stadfesting på at satsinga deira på forsvar har lukkast. Han har inntrykk av at Russland følgjer Svalbard-traktaten.

– Ingen trussel mot Noreg

På spørsmål om han er uroa for kva planar og intensjonar Russland har i nordområda, svarar han dette:

– Situasjonen er ikkje annleis enn tidlegare. Det er ingen trussel mot Noreg eller norsk territorium.

Det vekte stor oppsikt då nettstaden aldrimer.no i dag siterte seks ulike kjelder på at Russland under øvinga Zapat 17 i september øvde på å okkupere Svalbard. Forsvaret var raskt ute med å dementere meldinga, men redaktør for aldrimer.no , Kjetil Stormark, står på sitt, og seier at E-sjefen har eit forklaringsproblem.

SISTE NYTT

Siste nytt