Vi er på veg innover i ørkenen frå Doha, hovudstaden i Qatar.
Det er endelaust med sand rundt oss, og ein veg fører oss inn i eit enormt produksjonsområde for gass.
Men det skal vise seg at det er langt meir enn gass det handlar om her.
Sahara Forest Project har eit pilotprosjekt i ørkenen, finansiert av selskapet Qafco og norske Yara. Miljøorganisasjonen Bellona er ein av stiftarane og medeigarane. Solhjell på studietur
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og andre norske politikarar er på besøk, og lyttar og lærer.
Rundt seg ser dei ting dei aldri har sett før. Saltvatn blir til ferskvatn, her er det agurkar, salat, korn og ulike ørkenplanter.
Energi frå sol og saltvatn blir utnytta i eit avansert samspel mellom ulike teknologiar.
Det er eit forskingslaboratorium, der ein skal utvikle produksjon av mat, vatn og energi.
(Saka held fram)
Salatblada trivst godt her ute i ørkenen. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell blir orientert av Joakim Hauge, Frederic Hauge og Khalifa A. Al Sowaidi – sentrale personar i Sahara Forest Project.
Foto: Eivind Molde / NRKFramtid etter olja
Filosofien er enkel: Bruke det vi har for mykje av til å lage det vi treng meir av.
Qafco og norske Yara har investert rundt 30 millionar kroner i prosjektet.
Toppsjef i Qafco, Khalifa A. Al Sowaidi, meiner vi må vise dei unge at det er mogleg å bruke andre energikjelder enn olje og gass.
– Dette er eit pilotprosjekt, og så må vi sjå om det på sikt vil lønne seg å satse vidare, seier han.
Qafco-sjefen meiner det er viktig å satse på forsking og innovasjon.
– Når det er slutt på oljen og gassen, har vi ikkje så mykje å satse på her i Qatar. Men vi har havet og sola, og det er viktig for oss å investere i forsking og utvikling som dette, seier han.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram)
Vi må satse på alternative energikjelder, for ein gong er det slutt på gassen og oljen, seier Khalifa A. Al Sowaidi, toppsjef i Qafco. Saman med norske Yara har han investert rundt 30 millionar kroner i Sahara Forest Project.
Foto: Eivind Molde / NRKGrøn ørken
Bellona-leiar Frederic Hauge har stor tru på at dette berre er starten på noko som kan bli viktig for svært mange i framtida.
– Ein av dei største utfordringane vi har er å få nok mat og nok ferskvatn. Her produserer vi mat med saltvatn medan vi lagar ferskvatn, seier Hauge.
Han fortel at dei har brukt mange år på å utvikle ideen, som dei no ser at fungerer i praksis.
– Dette kan revolusjonere matproduksjonen og måten me tenkjer på i framtida. Ørken, som er ein håplaus stad, er plutseleg vorte ein stad med håp, seier han.
Kan ørkenen verkeleg bli grøn?
– Ja, det er ingen tvil om det. Det har gått utruleg fort, og berre den siste veka har det kome mange småfuglar og det har begynt å bli ein økologi her. Det er heilt fantastisk å oppleve det me har jobba for å få til, seier Hauge.
- LES OGSÅ:
Saltvatn blir til ferskvatn i pilotanlegget til Sahara Forest Project. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sjekkar smaken.
Foto: Eivind Molde / NRK