Hopp til innhold

Kritiserer bruk av ville dyr i kinesisk koronamedisin

BEIJING (NRK): Handel med ville dyr er mellombels forbode i korona-ramma Kina, men i medisin er det lov å bruke ingrediensar frå nokre ville artar. Ikkje minst til behandling av korona.

Jiang Liangduo er ekspertlege ved Dongzhimen-sykehuset for tradisjonell kinesisk medisin

RESEPT: Jiang Liangduo er lege i tradisjonell kinesisk medisin og har vore med på å utvikla medisin som blir brukt i behandlinga av Covid-19 pasientar. Her viser han fram ein resept på koronamedisin.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Eg er skuffa, seier dyreaktivisten Zhang Xiaohai til NRK.

Han er ein av dyrevernarane som reagerer på at bjørnegalle er blant ingrediensane i medisin Kinas helsemyndigheiter no anbefaler i behandlinga av Covid-19-pasientar.

Zhang har brukt elleve år av livet på å redda svartbjørnane frå oppdrett, men opplever no at næringa med tapping av bjørnegalle til tradisjonell kinesisk medisin (TKM) er i vekst.

Bjørnegalle blir brukt til å behandla pasientar med lungebetennelse og bronkitt, og no altså Covid-19.

Apotek for tradisjonell kinesisk medisin, Beijing

APOTEK: Eit apotek for tradisjonell kinesisk medisin med ville dyr i utstillingsvindauget. Handel med ville dyr er blitt midlertidig forbode i Kina, men ikkje til medisin.

Foto: Kjersti Strømmen / Beijing

Suksess

Ni av ti kinesiske Covid-19 pasientar har fått behandling med TKM, i tillegg til vestleg medisin.

Dei som har milde symptom får urter, men dei som er alvorleg sjuke, får blant anna medisinen Tangreqin, som inneheld bjørnegalle.

Ekspertlegen Jiang Liangduo, ved sjukehuset Dongzhimen TKM, meiner det har gitt suksess.

– I Kina har me generelt færre døde koronapasientar enn andre land. Det er fordi andre ikkje har brukt tradisjonell kinesisk medisin, og ikkje kjenner til bruken av den, seier Jiang, til NRK.

Legen møter oss på sitt kontor, der han skriv ut reseptar på koronamedisinen han sjølv har vore med på å utvikla.

Jiang meiner bjørnegalle er avgjerande for å kunne kurera intensivpasientar, og at det i dag ikkje finst gode alternativ.

– Me arbeider med å utvikla ein syntetisk erstattar, men me har ikkje klart det så langt, seier legen.

Skjermbilde fra bjørnefarm og produsent Guizhentang, som leverer bjørnegalle til bruk i tradisjonell kinesisk medisin

OPPDRETT: Skjermbilde frå nettsida til bjørneoppdrettaren Guizhentang farmasøytiske.

Foto: Skjermbilde

Oppdrett

I februar innførte Kina eit midlertidig forbod mot handel med ville dyr til mat, også i oppdrett, men til medisin er det framleis lov.

Sjølv om svartbjørn er ein utryddingstruga art, er det i Kina fullt lovleg å bruka desse dyra i medisin, så lenge dei er i oppdrett, og ikkje lever vilt.

– Før i tida blei dyra jakta på og drepne for deira galle, men det var utfordrande, så det var lite brukt. No kan me tappe galle frå bjørnar som er i oppdrett, og det er ok, seier Jiang.

I reklamevideoen til ein av dei største aktørane på marknaden, selskapet Guizhentang farmasøytiske, heiter det at dei har funne metodar som ikkje påfører bjørnane smerte.

Dyrevernaren Zhang er ikkje samd i dette, og viser til at bjørnane blir tappa for galle kvar dag gjennom eit hol i kroppen, og at dei har lange opphald i små bur.

– Du kan sjølv tenka deg at om du har eit sår i kroppen som ikkje gror på ti år, kor grufullt det er. Dessutan får dei mentale problem. Dei bit i bura og brekk tennene, som igjen fører til tannverk. Smerta ville ha gjort kven som helst gal, seier Zhang.

Skjermbilde av reklamevideo fra bjørneoppdretter og produsent Guizhentang, som leverer bjørnegalle til tradisjonell kinesisk medisin

I BUR: I dette skjermbildet frå reklamevideoen til bjørneoppdrettaren Guizhentang farmasøytiske ser me bura bjørnane er i når dei blir tappa for galle.

Foto: Skjermbilde

I vekst

Ifølgje tidlegare undersøkingar er mange kinesarar i mot denne industrien, men Zhang meiner at næringa likevel er i vekst.

– Bjørnegalle- og TKM-industrien prøver å påverke politikken til sin fordel fordi dei vil ha større forteneste, seier han.

Han meiner at bruken av galle frå bjørn, i til dømes augedropar, er eit eksempel på at næringa utviklar nye produkt, for at industrien skal bli større.

Zhang Xiaohai, dyreaktivist

AKTIVIST: Zhang Xiaohai er dyreaktivist og vil ha slutt på oppdrett og bruk av svartbjørn til medisin

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Dyrevernaren meiner at styresmaktene sender feil signal når dei no har anbefalt bjørnegalle i TKM.

– Det er verst for bjørnen, men sjølv om det er forbode å laga medisin ut av horna til tigrar og nashorn, er det også risikabelt for desse artane, seier Zhang.

Han fryktar at den ulovlege handelen skal blomstra.

Guizhentang farmasøytiske har ikkje svart på NRKs oppfordring om tilsvar på kritikken om at bjørnane har det vondt, eller på at dette selskapet og bransjen offensivt søker vekst.

Tradisjonell kinesisk medisin til forebygging mot korona

URTER: Mykje av tradisjonell kinesisk medisin er urtebasert. Her blir ulike ingrediensar som skal førebyggje koronasmitte nøye vege.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt